8. Han Vesle-Ivar

Forteljing

Fraa Sunnfjord

Av Mathias Askevold

Han Ivar va'kje store Karen fyr han tok te aa sjaa seg um ette eit Kvinnemenneskje, so kunde høve fyr seg aa dele Live mæ. No kunde da vel ikkje vere so maange, som vilde dele Live sit, mæ dinne vesle Mannfolkeskrotten, um han hadde store Tanka um seg sjøl. Ja, han syntes endaa til, at han va reint ein Stordruspar. Difyr trudde han ogso, at Gjentene maatte like haana godt. Paa ein Maate kunde han ha Grunn til ditte. Var Karen i seg sjøl liten, so hadde han Munn stor nokk aa snakke mæ. Den rakk'naa umtrent te beggje øyraa, naar da røynte paa; men daa kunde han preike og. - Munnen mol alt ieit nett so Kvenna. - La ein so paa same Tid merkje te Augaa, so va'kje dei mindre snodege. Dei vart daa trillande runde, som paa ei Kattule. - Men daa va dar og noke som sprengde paa og vilde ut.- - Da kan de lite paa! - 

Han va'kje so toskjen, han Ivar, at han ikkje sat inne mæ Visdomsord; men da va'kje kver Mann som forsto dei og Gjentene berre lo aat haana og heldt 'naa te'beste.- Dette forsto han lite. Han tænkte som so, at dar laag andre Grunna unde. Da var no helst Kjærlæheita som gjekk i haana i slike Høve, og han meinte vel, at han som andre kunde vere sofjære Kar og vel førte, te aa hete upp eit Gjentehjarte han mæ. - Men han fekk nokk disverre føle da, at Kulden va i Vegen paa den andre Sia. - Soleis bar da te, at han Ivar kom til aa gaa lenger som Lausekar enn han va tænkte. Ja, eit Skrapeting av ei Gjente kunde han vel faat, han mæ; men so liten vilde han'kje gjere seg. - "Ho skulde vere Stasjomfru ho som han vilde ha," meinte han, "og Prinsessa kjæme nokk eingang te meg og, um ho læte vente paa seg!" Kunde han sleppe or seg. Og han la til: "Naar berre Folk kunde halde Kjæften sin til, aa ikkje gaa her aa rope meg fyr Vesle-Ivar, som eg skulde vere ein Berknyting!" - 

Naar alle andre Ting slaar Klikk, so æ dar likevel eit Medel, som kan hjelpe ein, dar ikkje Kjærlæheita rekk, og da æ Pengane. Har ein lite Grand ta den Sorta, so æ dæ altid atte ei Attegløyme, som ser mindre paa Ansikt og Krop, enn paa Pengepongjen. - Dinne Lærdommen kom Ivar til aa lære seg, so i all Stillheit. 

Soleis kom han te aa vere nytten um Skjillinganne sine. Men korso vilde han vere fine baade i Sko og Klæ. Va dar Snakk um nye Motar i Bygdene, va Vesle-Ivar ein ta dei som gjekk i Spissen. Men dar va det Lyte ved haanaa, at der fanss ikkje Plag som klædde dinne vesle Skrotten, og da kom seg ta da, at han va baade skjeivvoksen, rundrygga og kalbeint i Føtene. - Sjøl ænsa han'kje dette; men var da ein og a'nen som neisa haana mæ da. Ja, daa fekk dei høyre Mu'en hass. - Den va'kje laangt fraa Øyraa daa. - - 

Han hadde likevel sopass Kjennsle ta ditte, at han fann seg'kje førte te Utarbeid, men han va ein framifraa duelæ Kar i Skomakarhandtering og i dette hadde han Søkna baade ta Kar og Kvinne. Ja, maangein fin Frøkenfot hadde han handfare og teke Maal ta. Han skrepte endaa ta ditte og saag seg Moro i da. - 

So traf det til eit Aar, at dar va kommen en nye Fute i Bygda. Ein sværande høge og kjukke Kar; men han hadde ei Dotte, som i Høgdene va endaa sværare. - Ho va som ei a'en Ljorestaang. - Da va Synd aa seie, at ho va pene ta Ansikt; men ho va heldes golielæ og umgjengelæ i all si Framfær. 

Ein goe Dag kjæme Fute-Frøkena til Vesle­-Ivar og skulde take seg Maal te nye Støvla. Ho hadde høyrt Fretna um, at han skulde vere flinkaste Bygdeskomakaren. Ivar va, som hev vore sagt, liten; men so liten hadde han visst aldræ kjendt seg, som no, daa han laag paa Kne fram fyr Fute-Frøkna. - Han kom seg ratt vekk myliaa Føtene hinna, og goe Tid tok da, fyrr han va ferige me Maale. - Raue som Hommar kom han seg daa paa to Føte atte; men daa hadde han gjordt ein merkjelæ Oppdagelse, som han ikkje godt kunde halde inne mæ. Han hadde i sin Skomakarvisdom granska ut, at den høgre Frøkenfoten var mindst ein halv Tomme længer enn den vinstre, og ditte va'kje itte den Naturlov, som han hoss andre var vande med. Han visste'kje kor han skulde belæggje Ora sine fyr aa faa ditte sømmelæ fram, so da ikkje støytte. Men so resulverte va han nokelunde mæ ein Gong, at han sa: "Eg æ'kje so store i Høgdene som de er, Frøken, som de ser; men i en Ting æ me to so granngjevelæ like, so me skulde vere eit aa same Menneskje. De æ den einaste som eg hev teke Maal ta, som hev same Lyte i Fotevegen so eg, fyrr høgre Foten min er - - - Ja, la meg seie da beint ut: Nett hoggande, akkurat ein halv Tomme længer enn den vinstre. - Sligt æ underlæ og mykje aa betænkje." - Og han la til: "Men dar Foten gaar, dar gaar Hjarta mæ, og er da eine likt, so kan da andre ogso vere da!" - Daa sisste Ora va sagt, var Munnen hass kommen tæmmelæ nær øyraa paa beggje Sie ta da snodige Ansikte. - - Frøkena tok no'kje verre paa. Ho berre lo aat den vesle Skomakaren. Ho hadde vel kansji baade høyrt og sitt mykje ta da som løye var. - - 

Han Vesle-Ivar arbeidde Støvlanne færige og gjore si besste Flid. Han snirkla og stasa paa dei, so da skulde vere Meisterstykkje og Fute-Frøkena vart vist vel nøgde baade so og so. - Han tenkte vel, at kunde han gjere hinne tillaks dinne Gongjen, so kom ho snart atte. "Og so eit slikt beint fram og hyggjele Menneskje. Um ho ta Ansikt ikkje æ so anselæ fyr Værene, so æ ho no Futedotte, og de' va'kje lite aa gle' seg te." - Sligt kunde han Ivar fundere paa mæ seg sjølv. 

Ein go Dag kom Frøkena atte; men daa va da Sko ho skulde ha. Han Vesle-Ivar maatte paa Kne igjen. - "Da æ merkjelæ kor like me to æ i Fotevegen, da æ nett som me skulde vere same Menneskje," - sa han, daa han kraup fram myliaa Føtene paa den svere Kvinna. - 

So kom endele Vinteren og Frøkena kom atte trie Gongjen. "No skulde ho ha Vinter­støvla", sa ho, og han Vesle-Ivar va kommen seg ner paa Kne, ja, fyrr ho fekk snakke skjikkelæ ut; men han visste no korso, ka so skulde gjerast. Han ga seg goe Tid og gjore Maale vel ifraa seg baade paa Høgde, Længde og Breidde, so samvittigheitsfullt, som berre han kunde gjere da, og so kom han endelæ tilsyne rund i ryggjen, som han va; men han gløymde'kje kva han vilde seie: "Da æ merkjelæ kor like me to æ i Fotevegen; ja nett som me skulde vere same Menneskje. Kunde no Hjarta vaare høve samen som Føtene; ja so va Paradise funne!" - 

Dar va ingjen taa alle hass Visdomsord, som Vesle-Ivar hadde angra so paa, som dissa han no slap ut fraa Mu'en sin. Fute-Frøkena kom aldræ meire atte, og han fekk aldræ meire ta Maal ta hinne, og den store Munnen rak seinare aldræ so laangt, at han naadde Øyrenne. -
Da einaste han no hadde atte te Minne um Fute-Frøkena, var dei nye Vinterstøvlanne hinna. Dei sto der paa ei Hylle aa skjein fram fyr Augaa hass baade fine og blaanke. - Sjøl um han meinte paa um ho og han i Fotevegen var like, som dei va eit og same Menneskje, so passa dei no ikkje hass Føte korso, um han aldræ so mykje prøvde dei; men eit Goe va dar mæ dei, og da va, at han liksom hadde Frøken-Foten hos seg te ein kver Tid. Og dar va dei Spottegauka, som sa, at han endaa til hadde disse Støvlanne mæ seg i Sengja si. -


Frå Mathias Askevold: Nye Skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 48-53. Elektronisk utgåve 2003 ved JonGrepstad