7. Jule-Grisen

Forteljing

Av Mathias Askevold

"Gaar du no? Kan du'kje komme heimatte Knut!" - ropte Kona, som stod i Grisehusdøri, ho saag Mannen vilde tilskogs med Øksi paa Nakken. 

"Ka æ du vil? Æ'kje du mæ deg!" svara han, raud i Augo som ein Hane. - 

"Nei, dissene Mannfolkjaa skulde ikkje vere skapte!" segjer Kari halvhøgt med seg sjølv og buser paa seinsten ut i ein lang Ordstraum, endaa ho vel veit, at her ingen andre høyrde det, enn berre ho og Grisen. 

"No hev eg," sa ho, "gaatt Veke ut og Veke inn aa gjøsla paa dinne Grisen, fyr aa faa'naa fulltakande te Jul. Baade Mjøl og Saae, ja innte etande Folkemate hev eg grefsa i'naa. Eg viste kva Rase han var ta. - Aa æ'kje Fostredyret no so undekommen mæ Laar og Lænde og Førlæheit paa alle Maatar, so Grisongje paa sju Maana aldri hev vore framsynte ta Kone fyrr. - Da æ mæ Sannheit! - - - Men fyrr dinnene blauthjarta Ka'len min æ go'te stikke Kniven i'naa; ja fyrr sette han Kniven i, - eg ve'kje seie kven eg meina. - - Har han ikkje faat sligt Hjartelag fyr Grisen, like fraa han var so store, at han kunde slaa Kroke paa Rova, so eg, som Kona ska vere, æ'kje te nemne mot dinnene Purkeongjen. - Eg maa spyrgje vetege Folk: Æ'kje Eigneluten like mykje min, som han æ hass? - Æ'kje da eg som hev gjort Kreiature til kva han er? - Eg hygde meg til baade Unde- og Yve-Plagg naar Grisen eingong vart slakta og gjordt i Penge, og vil seie so stort eit Ord, at ein skjikkelæ go' Pyls'ende ta Blod og Innmate, he eg og gleda meg te. - Men som no det ser ut, maa eg vende Raanga ut paa alt mit Ty, skal eg vise meg uskamma paa Kjyrkjegolva. - Ho æ no Kone ho Brite Tuna og, men ho kan no vise seg uskamma baade i Seng aa Sæte, so dei seie. Og da æ nett dei feite Grisanne deira, som hev gjort Utslaget. Da veit eg! - Sagte styre no ho baade Brokja og Stakkjen, men me æ Folk me andre og, um han Knut ikkje ekstemera meg fyr anna, enn aa gjøsle Grisen. I samfulle fjorten Dage ha Slaktekniven lagt færige baade kvessa og brynte; men ikkje trur eg meire, at han ser Blod. - No var da so visst avgjordt i Gaar­kveld at Kniven skulde ibruk, - og istadenfyr stryke denne Skarve-Ka'len tilskogs; ja fyrr han vel ha faat Brokja paa seg. - Nei slike Mannfolk skulde vere nersekte ein ette hinn. Aa kva skal eg gjere mæ'naa? Ilsken og tverdreven æ han og; so da æ som aa slaa Hauve mot Steinen, naar eg skal komme fram mæ ei Meining." - 

Medan ho stod i denne Anfektelse og slo ut baade med Armar og Bein, var Mannen kommen seg ein Omveg bak Grisehuset og stod der i god Ro og Mak og høyrde kvart einaste Ord Kari let or seg. - Men so fekk ho Augo paa han og kvakk upp. - 

"Gud tryste aa beire meg, kva he eg sagt! - Eg meina ikkje noket mæ da, Gullet mit!" segjer ho til Knut, skamfull som ei Tvoga. - - 

Mannen som stod med Slaktekniven i Handi, tok ikkje verre paa, enn han bad um aa faa raa seg sjølv med Grisen, so skulde ikkje ho sukka korkje for Pylseenden eller Blauthjarta, og han meinte som so, at han var Mann baade for Grisen og Kjerringi si. - - 

Dagen etter fekk ho Kari den feite Pylsa, som ho sukka etter, og fyrste Joledagen var vel ho den finaste Kona i Bygdi, som synte seg paa Kyrkjegolvet den Helgi. 

For at Mannen skulde faa sjaa Bevis paa hennar gode Hjartelag, vart han yverraska mæ ein ny Ende i den gamle Skinnbroki si. - 

Lenger rakk ikkje Grisen. -

Frå Mathias Askevold: Nye Skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 45-47. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad