6. Ein vaken Gut

Forteljing

Fraa Voss

Av Mathias Askevold

Ein fager Sumarmorgon, just i Solrenningsstundi, tok eg meg ein liten Reiketur upp etter Vegen mot Kjukkebygdi. Her ligg nokre av dei gildaste Bygderne paa Voss, og framum desse Bygder er det no den nye Bergensbana gaar. Her er vel fagert paa desse Kantar! Ja, her er so fint og gildt, at du kann livna upp, um du var hard som Stein. Soli hita og glødde, daa eg byrja paa denne Turen, som eg vil tala um. Nattedoggi var snart burte fraa Marki, so det var allgjengt kvar ein vilde. Det einaste som var til Mein, var Sandfoket i Vegarne, som fauk upp naar nokon køyrde snøgt framum. Daa kunde eit lite Vinddrag driva det like i Andlitet. 

So tenkte eg med meg: Du kan gaa inn i Skogen, so er du kvitt den Plaga. 

Inn i Skogen bar det og der var friskt og godt aa vera. 

Gjenom dei breide Bygderne renn ei Elv, diger og svær, gjenom Skoggjelet. Endaa her er so mange store og ville Fjell ikring, sig daa Elvi her nede so sakte aa stilt framum at det er nett so vidt Straumbaara krusar seg. 

Eg gjekk like ned mot Elvekanten. Aa, kor hugtakande gildt her var! Sette meg ned paa ein Stein, som laag der. Saag paa Elvi og hadde Moro av Skamrosarne, kor dei dansa og leika seg framum. - Daa fall det meg inn: Den som kunde bu her inne i Skogen og nyta Naturi i all sin Herlegdom, daa kunde ein liva eit framifraa skuldlaust Liv. 

Med eg sat liksom og gledde meg i denne Tanken, vart eg vis med ei liti, gamall Hytta eller Stova, paa den andre Sida av Elvi. Det varde ikkje lenge fyrr eg kom til aa tenkja paa Eventyri, som eg har lese um i Bøker. - Der staar so ofte fortalt um den og den Hytta inne i Skogen, som der var so mykje rart ved. - "Undrast," tenkte eg, "um her skal henda eit Even­tyr for meg." 

Denne Hytta liksom drog meg til seg, endaa ho saag so skrøpeleg ut. - Der kann daa aldri bu Folk der, so skrall som ho er. Isofall kan'kje desse Folk ha svært store Krav til Livet? 

Med eg sat der paa Steinen og bisna paa dette, kom der ein liten fin, blaamyrk Røykeim upp gjenom Taket. - Ikkje gjenom noko Skor­steinspipa. Det vilde no vera formykje til Stas; men upp gjenom ei Opning eller eit Hol i det grasgrodde Torvtaket. - Dette var løglegt! sa eg til meg sjølv. Men sopass kunde eg tyda ut med ein Gong: Ryk der, so slaar det ikkje Feil, at der bur Folk. Det maa vera grei Rekning. - Eg stod og tenkte og saag paa dette, som var som ei løynd Gaata for meg; men so kom noko nyt tilsyne, som gav Syn for Saki. Ved den nedre Enden av Stova, i Lyngtuvorne som kransa seg rundt ikring, fekk eg sjaa ein liten Gut, som laag paa Ryggen og leika seg med dei smaa nakne Føterne sine ende upp i Veret. - Han var'kje nett aaleine Guten. Ved Sida hans stod ein liten gild Bukk, som han hadde Moro av aa klappa og stryka, og Bukken var so snild, at han tolde eit og anna Spark av den vesle Barnefoten. Det var greidt aa skyna, at desse tvo maatte vera gode Vener. 

"Kanskje Eventyret tek til no?" tenkte eg. - Med ein Gong fekk eg Hug aa snakka med Guten. 

Skulde du vaaga paa? sveiv det i meg. Men Elvi var imillom oss, og der var'kje Bru. Eg maatte, skulde det bli til noko, ropa til ho­nom, og kva skulde eg daa segja? So manna eg meg upp, reiste meg fraa Steinen og ropte yver Elvi: 

"Du Gut, er det din den Bukken?" 

Guten, som endaa laag og spende med Føterne i Veret, kom seg snart upp i sitjande Stilling og stirde paa meg. - Men ikkje eit Ord til Svar. So ropte eg endaa høgare: 

"Er det din den Bukken?" 

Ikkje Svar. - Men han gapte og nistirde paa meg, og Andlitet hans vart aa sjaa til, som ei liti rund Kula med eit stort Hol i Midten og med tvo mindre Smaagluggar ovanfor. - So ropte eg til honom tredje Gongen so høgt eg berre kunde: "Eg spyrr, um det er din den Bukken?" 

Med eit Sett reiste han seg staaande med Henderne festa i Sida og Føterne strittande beint ut og svara: 

"Du æ ein Toske du, da æ'kje noken Bukke da æ ei Gjeit!" - - - 

Eg vart med ein Gong so slegen av dette buse Svaret, at eg kunde'kje faa fram eit einaste Ord meir, og saag meg til aa kome der ifraa. - 

Daa eg rusla ned yver Vegen att kunde'kje denne Guten koma burt fraa Tankarne mine, og so dette Svaret: "Du æ ein Toske du, da æ'kje noken Bukke, da æ ei Gjeit!" - Tenkja seg til, aa faa slikt eit vannvyrdande Smædesvar av ein ørliten Gut, som berre kunde vera 5-6 Aar elder der ikring. - Eg tok til aa faa svært smaa Tankar um meg sjølv. Dette frimodige Andlitet og dei runde Augo hans, var ikkje greit aa faa ifraa seg. Kanskje den vesle Guten hadde Rett, eller i mindstelaget ikkje meinte det so vondt som det høyrdest ut til. Det skulde daa vera Moro aa snakka meir med honom. So sveiv den Tanken meg, at imorgon den Dag vilde eg taka Vegen uppetter paa den andre Sida av Elvi aa gaa like fram til den gamle Stova, som Guten høyrde til i. 

Dagen kom og eg uppetter Vegen. Veret var fint, men her var'kje lett aa finna fram. Der var mange Krokar fyrr eg kom so langt at eg saag til Stova. Men fram kom eg daa tilslut. Eg gav meg fyrst rett god Tid for aa faa Auga paa Guten. Det var daa ikkje verdt aa gaa for bust paa, tenkte eg. Daa kunde han kanskje verta rædd. 

Jau, so sannt var han der ikkje! Men no var han komen paa den andre Sida av Stova, og Bukken var der og. No var Maalet naadd. - Kva Slag? Jau men hadde han fenge med seg ein graa Katt og idag. So vart eg vis med, at han fekk Augo paa meg. - Ja no var det'kje anna aa gjera enn aa gaa burt til honom: Eg gjorde meg blid og helste so venlegt, som eg berre kunde. Men der spann ikkje Mukk i Guten. Han berre mælte meg fraa Hovud til Fot med dei runde, smaa Augo. - - 

"No, har du Gjeiti med deg idag ogso?" tok eg tilords; men eg akta meg vel for, at eg ikkje skulde segja Bukk. Eg viste fraa Gaarsdagen kva det hadde paa seg. - 

"Kva æ du seie?" spyrr han. 

"Eg vil berre vita, um det er di Gjeit, den der?" 

"Um dat æ mi Gjeit? Ja, eg skulde tru da, da æ mi Gjeit! - Du meina no vel ikkje, at da æ di, veit eg?" 

"Nei," sa eg, "men seg meg, um det er din Kattepus, du har der?" 

"Nei, da æ Systri mi, som eig den!" - 

"Kvifor vil'kje du eiga honom?" 

"Nei, Katten berre klorar han!" - 

"Men klorar han'kje Syster di?" 

"Jau, men daa skrike ho!" - 

"Skrike'kje du, naar han klorar deg?" 

"Nei, du veit vel da, at da æ skam fyr ein Gut aa skrika, naar ein Kat klora; men Systri mi, ho har'kje beire Vet ho!" - 

Her vart ei liti Togn. - - So spyrr han med ein lur Smil: 

"Ædu fraa Vangjen (Vossevangen) du?" 

"Nei, eg er fraa Byen," maatte eg segja. Daa blidnast han til og vart liksom undren. - 

"Æ da sant? Ædu komen like fraa Byen?" 

Han stirde meir og meir paa meg med dei runde Augo, og so tok han til ords att: 

"Du æ Stormann daa, veit eg?" - 

"Aa nei, eg er no ikkje nettupp nokon Stormann." 

"Ja, du æ no dar ifraa so dei berre har go Mate?" 

"Ja," sa eg. 

"Har du Kringle daa?" - 

"Nei, ikkje med meg her." 

"Har du Sukker daa?" - 

"Nei, helder ikkje det har eg her." 

"So; har du'kje? Men kva æ du vil her, naar du ikkje har korkje Kringle helder Sukker?" - - 

No tok Guten til aa setja meg ibeit paa nytt. Men so spurde eg: "Var det berre desse tvo Ting, du hadde Hug til aa ha?" 

"Jau, da var ein Ting te; men ikkje du?" - 

"Kva skulde vel det vera?" 

"Da var berre ei lita fin Bok, som staar rosette Kjyr aa Hesta i, og so æ dar svarte, raue aa kvite Menner mæ store Fjøyre paa. - - Ei slike Bok skulde vera svert gjildt aa eiga!" - - 

Dette var mykje for honom aa segja med ein Gong, og han drog ein tung Sukk, daa han var ferdig. - - - 

"Kann du lesa?" 

"Nei nett lesa, kan eg ikkje; men eg kan no baade A. og B. og C., og so kan eg 1, 2 og 3, og so kan eg lesa utanboks heile Fadervoret, like fara - Fader vor - og ratt te Amen - og alt dette har ho Mor lært meg. - Men no har ho Mor lova meg ei ny A-B-C-Bok mæ ein store Hane i, darsom eg æ snidle baade mæ Gjeita og dei andre." - - 

"Har du Hug til aa lesa?" 

"Ja da skulde vera Moro; men eg æ for liten endaa, seie han Far min." - Her skunda han seg og la til: "Men han Far æ Gut som kan lesa! Han har ei yverhændeleg svære Bok, som æ so stor som so." - Han femnde ut med baae Armane. - - "Aa den har han lese ut kvart einaste Ord i, og daa kan du vita han kan lesa. - Ja, ho kan lesa ho Mor og; men ho lese meir i Stidlheit ho." - 

"Har du Hug til aa gaa paa Skule?" 

"Ja, da va santt!" - 

"Kvi for har du Hug til aa gaa paa Skule?" 

"Jau, daa kan dei verte so kloke, at dei kan gjere seg te Prestar og Kafteinar aa naar dei æ komne so laangt, daa faar dei berre go Mate, og go Mate æ da besste eg veit!" - 

"Faar du' kje god Mat?" 

"Jau, some Tie, naar eg faar Sirup paa Kaka!" 

"So du tykjer, det er godt aa faa Sirup-Kaka?" 

"Ja, da veit no vel du og da! - - - 

No tok Guten og eg til aa verta svært gode Vener, og eg lova honom, at næste Gong eg kom attande - det skulde'kje verta so lengje til - so skulde eg ha med meg baade Kringle og Sukker og Rosebok med Hester og Menner i. - Men eit slikt gladværigt Andlit, som eg daa saag for meg, det gløymer eg aldri. - - 

So gav eg Guten fyreaat nokre Smaaskil­lingar, og daa høynast han ikkje so lite. 

"Kva segjer du no?" 

"Detta va realt!" Og flidde meg Handi. 

"Kva vil du no gjera med Skillingarne?" 

"Dei vil eg gjøyma i Pongjen min! - Ja, fyr eg ha Pong eg og, maa du tru. - - 

"Kven har du faat den av?" 

"Den fekk eg av han Bestefar den Gong eg var liten." 

"Er du'kje liten no?" Daa saag han ei god Stund paa meg fyrr han svara; men so kom da lugnt og med ikkje lite Sjølvkjennsla: 

"Nei, liten æ eg ikkje; men nett so stor som du, skal noke til. - Men at eg skal verta Storkar med Tia; da kan du lita paa!" - - - 

"Det er rett!" sa eg, og gav han Handi og me skildes for denne Gong. - - 

Eg sa til meg sjølv, daa eg gjekk ned yver Vegen, at det vilde vera stor Synd aa lata ei slik ærleg Barnesjæl venta forgjæves. 

Eg heldt truleg Lovnaden min. -

Frå Mathias Askevold: Nye Skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 36-44. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad