5. Halte-Gullik

Forteljing

Av Mathias Askevold

Han heitte Gullik den Ma'en me ska fortelgje um. Ein druspande Kar i eit og alt. Han va Tenestedrænge umkring paa Garanne aa va taahelden hoss dei, han kom i Brø hos. Framfæra hass var rolæ og stø; men va heldes glaværege tesinns. Ja, han hadde endaa til eit sirs Lag aa faa andre gla mæ seg. 

Dei so ikkje kjende'naa godt, kunde lett faa andre Taanka, daa Annsikte hass saag noke strængt ut, og darte va da meire enn vanlæ yvegrott mæ eit stort, eldraudt Skjegg; men Smilen va no te sjaa um Mu'en korso. - 

Somme Tie hænde da, at Gjentene ærta' naa mæ, han maatte ta da store Skjegge ta seg, helde va dar ikkje noken, so vilde bli gla i'naa. - Men daa hadde han altid sit feiande Svar: 

"Da kan vere da same kva det æ; men det me hev faat som Guds Gaave, da ska staa der det staar, enten det æ so elder so!" - 

Han va sterke som ein Bjønn, han Gullik, aa han hadde ein framifraa velskapte Yvekroppe; men han hadde det Lyte, at han va halte. - Ditte va daa ikkje so mykje aafaat, va da likt seg, at det var te noke større Hiner i hass daglæ Yrkje. Han kunde som faa klare Arbeie ifraa seg, aa da baade godt og vel. 

Enn meire samvetsfulle Kar paa sin Hus­baans Beste, kunde ikkje tenkjast. Dar te va han i dei fleste Ting lagelæ aa komme terettes mæ, so nær som paa ein Ting. Men her vart stundom hare Knuta aa løyse. 

Han vilde ikkje late seg komandere taa Husbaansfolkje sit, kor'kje taa Ma'en helde Kona i Husa, og han meinte som so: 

"Eg veit so vel kva som ska gjerast, ja mykje beire enn dei vasa um!" - - 

Da gjekk so vitt, at han tetpaa gjore seg te Herre yve heile Garsstelle. Men ikkje so aa forstaa, at han vilde støyte nokon mæ ditte. Da var meire Arbeishugjen hass, som var so laga. - 

Fraa ei Sie kunde dei godt lete'naa faatt ditte Herredøme. Dei vilde laangt ifraa hatt noken Ska'e ta det. Men da æ, som ein seie: Husbaann vil Husbaann vere! - 

Ditte yvegrepe te Gullik, gjore til, at han bytte Tæneste oftare enn han sjølv hadde tænkt seg. Men han flytte aldræ ut um Bygda. - Han let stundom dei Ord falle: 

"Bygda trænge meg kor eg er, og fyr so vidt kan da vere da same, kor eg lægge Stræve mit!" - 

Tilsisst gjekk da upp fyr Folk, at det var besst dei stelte seg so mæ dinne Truslæparen, at han uhindra fekk sigle sin eigen Sjø. - 

Der sto altid eit friskt Merkje itte'naa paa dei Gar'a, han hadde tent, aa ein kunde vera sikker paa: La han Handa paa Brukje, so va'kje Baten langt vekke. - - 

Gullik va Lausekar aa noke upp i Aaraa. - Naar noken so i Spøk spurde'n om kofyr han alldri tænkte paa aa gjifte seg, svara han mæ eit halvt Smil: 

"Kvinnfolkja kan vere goe aa ha te ta te i maange Høve; men der staar slik ein Staak aa Blaasing mæ dei, og eg ha lita Tid! Og paa ei anna Sie, verte no ikkje Væra folke­tomme um ikkje eg knæla ne fyr Altere." - 

Der va, so aa seie, ikkje dei Ting han ikkje kunde. Soleis va han te Husbruk baade Skomakar og Smè[sic], ja, Snikkar mæ. Var Matmora, Bonna helde Tenestegjentene i Husa forlægne fyr Sko, enten nye helde te Omvøling, so behøvde dei aldræ aa nemne noke um dette. Han vaaga seg te aa lyfte so passa paa Stakjen deira, at han saag kva dei trængde. - Skonaa va'kje daa laangt unda. - Var det Betjærn, so som Kniva, Ljaaa, Øksa og anna, so trængde Ettersyn, daa va hass Hand framme i rette Tid. - Var det Treværk, som va i Ulag, enten da høyrde te Flor, Stall helde Løe, va hass Auge aldræ lukka fyr ditte. - Sleke huslege Ting, syntes han, va berre noke Smaatri, som høyrde til. - Nei, aa dyrke Jora og upparbeie ho, det var den store Livsuppgaava hass. - 

So sannt han hadde ei Tid tilovers, so va da fyr haanaa te bryte aa grave upp Veite og Grøfte, so Markja helde Myra vart godt uttappa fyr all Kaldvæte. "Staar ho undo," sa han Gullik, "æ da smaat bevænt mæ Høi og Konn." - Og han la til: "I sleke Ting ska me tænkje paa os sjølve. Æ der ikkje naturlæ Avlaup fyr alle Aara i Kroppen, so æ da smaat bevænt mæ heile Karen." - 

Han hadde sine Visdomsord, han Gullik, som andre Fyregangsmænn, um dei ikkje altid var støypte i den fineste Form. - 

Han vilde leve godt. Matmora hass maatte alltid syrgje fyr, at han fekk baade god Mat og nukk Mat. Fekk han sit Nøye i so Maate, hadde Matmora ditte igjen paa meire enn ei Vis. Ja daa kunde ho faa'naa te aa gjere umtrennt alt kva ho beitte paa, naar berre Ynskje va framhelde i mild aa varsom Tale. 

Men der va daa noke, som nær sagt Ingjen kunde stelle'naa tilfress i. Ja, noke som Ingjen rett kunde klare. Det var hass Læger. Den Seng og dei Sengklæ han fekk paa dei Garar han tænte, var aldræ itte hass Smak og Vilje. Da hjelpe ikkje kor mykje han skjænte aa pukka. Han fann Grunn te Missnøye støtt og stendigt. 

Som sisste Utvege i Sengespurgsmaale, gjore han den ittetrakta, store Reformering paa sin eien Kostna. - - 

Endaa han var sparsom, aa vilde naue ut mæ Skjillingen, so vaaga han og gjekk te da store Offer paa seg sjølv. Han kjøpte seg spildr ande [sic] nye Seng og darte rosette Fjøyrdyne b aade [sic] unde og yve seg taa fyrste Slag [.] 

Daa Handelen va gjordt og Sengja kommen paa sin Plass, sa han nøgde aa tilfriss: 

"Den einaste Gle'e ein gammel Lausekar kan ha, æ ei heite og goe Seng!" - - 

Mange va dei, som misunnte'naa dinne Herlegdommen sin; men da tok han seg ikkje stort nær taa. Sengja va han glad i, ja so glad, so ho skulde vere hass største Lukke. - 

Naar han bytte Tenste, va Sengja altid den som kom fyrst tilgars, som han sa: 

"Æ Sengja kommen vel fram, so kjæm altis eg!" - - 

Um Gullik aa sjaa til, hadde sleie Giftartaankanne fraa seg, so va der daa dei Gjente, som hadde Hjarte fyr'naa korso. Kan hænde like mykje fyr den gjilde Sengja si Skuld, som fyr Ma'en sjølv. - Der kunde vel vere noke anna og som drog. Kjista hass var tonge paa Botna, gjekk Ore. - Men ditte va no ei løynde Gaate, som Ingjen kunde løyse uten Gullik sjølv, aa i so Maate, va han ikkje lett aa rannsake. - Her va han tette som Mjølhita. - - - 

Gjentene paa Gara hadde seg imyljaa da Snakke paa Tonga, at han Gullik i sine yngre Dage hadde fria te ei Joragjente længer nede i Bygdene. Han skulde vere so gla i hinne, aa gjekk dar baade titt og traat. Men so va da dinne Foten hass, som kom i Vegen. - Ho likte ikkje da at han va halte, og darmæ rauk heile Kjærlæheita. - Men Gjentene her, som drøsa um ditte, meinte, al Garmannsdotra kunde vere tente mæ'naa fyr da. Han va no sakte vel utrusta heldes og so ein slikein drivande Kar i alt sit Arbeid. Ho fekk tisnok aanke paa Byte, ho som sa nei. - Den Ma'en ho kom te aa hænge seg upp mæ, va eit Olmaaseting, so dar ingjen Hugna va mæ korkje so helde so. 

Da æ so rart mæ da. Æ der ein Karmann, sjølv um han skulde ha ein liten Skavanke, naar dar heldes æ godt To i'naa og æ sømelæ og bra, so finns dar dei som hev Auge mæ seg. - 

Der va ei Gjente, som kom til aa tene samen med Gullik. Ho heitte Henriette, men vart fyr Snøggheits Skuld i daglæ Tale ropt fyr Mette. Dinne Gjenta hadde mykje tilovers for Gullik aa hængde itte'naa seint og tilæ. Ho va so omsuten og gjekk haanaa tilhande i smaat og stort, so da va halveis rørande. Heldist va ho eit bra Menneskje i alle Maata. Dar kunde'kje seiast anna. Lite Grand fram i Aaraa va ho mæ, men endaa va no Ungdomsdaamen so reine og friske yve hinne, so ho lyste laange Vege. Ho hadde eit lite rundleitt, smilande Ansikt, og liten og runde va ho i heile sin Skjikkelse. Men ho høgnast ta ei gjærve aa lettvin Framfær, so der ingjen i Grunnen vilde kalle hinne lita, naar dei tok ditte mæ. - 

Endaa ho bar til Gullik da besste ho raadde yve og det besste som ætlast kan, so gjore han ikkje noke større Væsen ta denne Goheit. Han modtok dinne Handsrækking aa Omsute snarare mæ Kulde enn mæ Varme. Ja, han kunde stundom sjaa seg Moro i aa tærge hinne mæ æggjande Talemaatar, som andre vilde bite fraa seg mæ eit illbeit Svar. Men Mette berre lo til da heile. Ho visste da va'kje so hardt meint. - 

I Middagsstunda, daa han skulde ta seg Kvile i si goe Seng, helder um Kvelden, han skulde læggje seg aa sove itte Dagsslæpe, kom ho stilt inn te'naa aa va so vyrke mæ aa stappe Dyna godt ner bak Ryggjen has, so han ikkje skulde fryse. - Ordaa hinna daa va'kje maange. Dei va helst dei same uppatte til ei kver Tid: 

"Den so va so rike som du Gullik, aa hadde slika ei goe Seng, daa maatte da vere Hugna aa leve!" 

Til Svar paa disse venlege Ordaa, fekk ho berre eit Nikk og eit lite Flir, aa darmæ va ho nøgde; sa god Natt mæ eit lite Sukk og gjekk. -

Denne trufaste Venleikjen hellt ho soleis vedlike Aar ette Aar. - Flytte Gullik te ei ny Teneste, kunde ein vere sikker paa, at da drygde'kje længje fyr Mette kom itte. Det kunde vel hænde, at han vart trøytte ta dinne Omsuten te ein kvar Tid. Ein skulde mest tru det, fyr ein go Dag vart han vekke mæ ein Gong. Daa hadde han uten Fyrebaa teke seg Teneste paa ein Gar, som laag laangt borte aa avsies. Han tænkte vel som so, at no maatte han vel vere kvitt ditte Paahænge. - Men daa tok han Feil. 

Ein Syndag, daa han laag aa kvilde Middag paa sit nye Sted, vakna han ta ei kjende Helsing. - Daa va da ho Mette, som ikkje hadde Hjarte aa vere længer fraa'naa. 

"Eg vil ikkje uroe," sa ho; men sa stilværigt aa mjukt, som ho alt i plaa seie: "Den so va so rike som du Gullik, aa hadde slika ei goe Seng, daa maatte da vere Hugna aa leve!" 

Ho fekk sit gamle Nikk og eit Flir, aa darmæ va ho nøgde. - 

Tilslut flytte Gullik hallveis til Fjells. Han hadde kjøpt seg eit udyrka Jorstykkje dar upp i Høgdene og va kommen billæ te det. Han vilde prøve paa aa bryte upp aa dyrke seg ein nye Gare dar uppe i Lynghaugane. Fekk seg uppbygd ei lita Staue, aa stelte dar fyr seg sjøl so godt han kunde. Han hadde Glee i Arbeie og ikkje minnst no, daa da va hass eie. Han tænkte vel so i da fysste, at her maatte han no fyr Aalvor vera kvitte dinne Mette, som hængde yve'naa te ei kver Tid. - Men jammen kom her innimylgjaa Stunde, daa han saart sakna hinne. Da æ so rart mæ da, aa vere aaleine, naar ein fyraat æ vane mæ aa sjaa Folk um seg til ei kver Tid. Saknaen kjæme daa fyrr ein veit Ord taa. - Den Tankje va'kje no laangt borte fraa Gullik, at Mette her nettupp va paa sin rette Plass. 

Ein Laurdagskvell, noke seint, han Gullik va gaaen tesengs, banka da paa Døra og inn um den stakk eit smilande Ansikt fram. Da va ho Mette, som hadde teke Vegen tefjells. - Ho helste, - spurde mjukt og deltakande kor han livde, - sette seg blygt nær hen te Sengja, - stappa Dyna godt bak Ryggjen hass, so han ikkje skulde fryse, - aa sa paa sin blide og stillvorne Maate: 

"Den so va so rike som du Gullik, aa hadde slika ei goe Seng, daa maatte da vere Hugna aa leve!" 

"Ja, ja," - sa Gullik: - "Du kan ha Rett i da; men naar du æ so gla i dinne Sengja mi, so æ da best, du faar baade Sengja og Ma'en!" - - 

Ditte vart ho Mette vel nøgde mæ. - Fire Veke itte dinne Dag, sto dar stort Bryllaup ner i Bygdene. Dei gamle Husbaansfolkjaa deira, vilde gjere Ære paa trufaste Tenara. - - Bakitte flytte han Gullik og ho Mette som Mann og Kone til den nye Fjellgaren, aa dei hev aldræ angra paa, at han Gullik fekk Tie aa gjifte seg - og at ho Mette stappa Dyna godt bak um Ryggjen hass. - 

Garen ligge no dar uppe i Høgdene som da finaste Mynsterbruk i Bygdene og dar tana Aatteljom i Fjellhamranne ta friske og glae Barnestemme. - -

Frå Mathias Askevold: Nye Skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 26-35. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad