4. Rotteglefsa i Brannesund

Forteljing

Av Mathias Askevold

Tvo Strilar var tidleg ei Morgonstund komne seg inn til Bergen. Dei hadde slite og rodd heile Natti og var trøytte og utslæpte, som ventande var. Baaten var liten og holkjen. Vind og Straum bar imot, so dei var baade fegne og glade, at dei var komne seg vel inn i Dalegarden og kunde leggja Aarane inn.

Dei sat ei Stund og dubba og pusta ut paa sine laage Sæte, sputta av og til utum Baatripi, so det klukka i Hopin; men ellers vart det ikkje tala eit Ord. Dei kunde vel ha sine Tankar for det, og Tankarne kanskje bar til same Maal. -

Dei hadde med i Byføring baade Fisk og onnor Fengd, som dei vilde venda i Pengar. Sumartinget stod for Handi, og Skattar skulde utreidast. Denne Byturen skulde berga dei ut or denne Knipa.

Soleis som dei no sat der paa kvar si Tofta snudde mot kvarandre, med Aalbogane studde paa Midtlaaret og dei krokutte Henderne kross­lagde hangande ned, og Hovudet lutande mot Bringa, var det ikkje nett Byføringi og Tingstundi som laag dei paa Hjarta, men det var helst noko anna - og serleg no dei var komne til Byen - som den trøytte Skrotten trengde til og gjorde Krav paa. -

Dei var ikkje av det Slag Strilar som alt i eitt fer inn til Byen med Fiskebaatar og er drivne i Ordskifte og Framferd paa mange Maatar; nei, desse tvo var meir langvegjes i fraa, og var godlynde og stillvorne Karar i all si Ferd. Dei kjende seg endaatil liksom bljuge for kvarandre og vilde soleis naudleg ut med innste Tanken sin. I Heimbygdi si var dei baae tvo kjende for Aalvorsfolk eller halvvegjes Lesarar. So mykje varare laut ein vera med aa nemna noko som kunde verta vrangt utlagt og ille uppteke baade for Samvitet og for Eksemplet si Skuld.

Lukka var, at dei var berre tvoeine. -

Ein freistande Tanke var i denne Stundi komen yver dei baae, og alt som denne Tanken fekk større og større Magt slo Nykyrkje-Klokka sju tunge Slag. Um dei ikkje var so væl kjende med Byskikkar og Lover, so hadde dei daa so mykje Kjennskap til Tingen, at dei visste kva desse sju Klokkeslagi gav dei Rett til. -

For aa kunna halda Band for Tunga hadde dei kvar paa si Vis bite Munnen sin ihop so Lippune saag ut som eit smalt Strik; men smaatt um senn tok dei til aa opna seg til eit lite Gap, og dette vart større og større med kvart Slag, - - og daa det sjuande og siste Slaget døydde, vart der te sjaa som eit stort Hol i Andlitet paa dei baae tvo. - - Tunga fekk no Spelerom, og den eine tok til Ords:

"Du Mons Gradne! Er da ikkje so, at da staar ein Sta i Skriftæ, at ein skal ikkje vera karrig mot sitt eigje Lekam?"

Den andre var ikkje usein til aa svara:

"Jau, du Ola, da er sant da, dar staar so, og da meina eg, at me kunne leva ette da og. - Og so staar da og eit anna Or dar, om Kjødets Begjær."

Han Ola set upp eit frimodigt Smil og seler:

"Ja, naar ikkje den Begjærlæheit æ Synd, so vil eg seia so stort eit Or, at da er jusso mitt Kjød i denne Stund begjærer ein liten vederkvægende Drope Sterkt til Læskelse." -

Mons: "Gud velsigne Munnen din, Ola! Er da ikkje nett so me va eitt Hjarta aa ei Sjæl. Eg heve slikt eit Krav fyr Bringa mi ette da Slage, at eg trur no visst da no maa vere same Aand som besjæler oss baae."

Ola: "Var da ikkje ein Drope Bren-ne-vin - du meinte?"

Mons: "Jau, da var nett da du, goe Gradne, og da vilde vera som ein Hussvalelse i Arbeids Sved aa i Morgenstund."

Ola: "Kor va da du meinte paa me skulde gaa hen aa faa da som vort Hjarte begjærer daa?"

Mons: "Jau den Vilje skal me faa besegla. Du veit denna Brannesunds-Kjellaren inn mæ Muren, dar ska vera sligt gott Slag, dar, at da er reint ut ein Oplivelse i da, og daa kann da ikkje høyra dan Vonde te held'e." -

Ola: "Aa va da likt seg! Da er no Guds Gaave da og, og naar Nydelsen skjer med maate, so kan me i vort Hjarte betragte da som ein natrurlæ Lækjedom til Lekaamens Helsebot. -

Mons: "Da er merkjelegt te høyra kor Skrifta har reinska deg, Ola! - -

Dei vart daa vel forlikte um kvar dei skulde taka Vegen, og med tunge og lange Steg bar det innetter Strandgata. Det høyrdest Atterljom i Husveggjerne naar Treskorne tørna mot Gatesteinen; denne Klangen fylgde deim som noko Ilt. - Dei gjorde ein liten Stans utanfor Inngangen til "Brannesund", som Kjellaren vert kalla. Det var som Hjarta i dei banka sterkare og sterkare di nærare dei var Maalet. - Kjellarportdøri stod opi, og der bar det inn. -

Det var nokk ikkje vondt um aa faa det dei vilde her. - Store, svære Tunnor og Tre laag rundt ikring kvar dei vende Augo, baade høgt og laagt. Ein gamall Mann stod bak Disken og styrde Skjenken. Desse tvo Ferdakarane bad daa um aa faa seg kvar sin Kvass til Leskelse. -

"Er da kvar sin" Maarning?" Spør Gamlingen.

"Du talede sandt!" Sa han Mons.

Og dei fekk sitt Nøgje. - - -

Etter at det fyrste Glaset var kome under Vesten, gav dei seg ei liti Tid til aa sjaa seg ikring der dei stod. Dei vilde no lata det fyrste siga undan, til dei fekk seg eit Glas til. Best det var, vart dei var noko forunderlegt rart som laag burtunder ei Tunna. Dei glaamde lenge paa dette og smaasnakka med kvarandre og riste paa Hovudet. - - Gamlingen hadde liksom Moro av aa faa høyra kva Tankar dei gjorde seg um dette dei saag paa, og sistpaa spyrr han dei um dei aldri hadde set ei Rotte­glefsa fyrr?

Dette Spursmaalet var det liksom dei ikkje skyna, og ikkje ansa stort um det heller; dei var so mykje inne i sitt Drøs, og saag meir og meir forundra ut. -

Endeleg fekk den eine so vidt Mod, at han tok Glefsa i Handi, og med andektige Augnekast grunda han paa denne gaatefulle Løyndomen.

Det laag paa ei liti Plata festa til liksom ein Kross, som stod innraama i ein Jarnring, noko godluktande Kjøtaate. Dette var nokk etla til ein annan Gjest. - Men det var den rare Krossen her, som dei bisna paa, og den var ikkje lett aa utgrunda. -

So seier Mons: "Dette maa vist tyde det same som den Krossen, som staar paa Salmeboki, og den veit du me skal elska. Soleis maa dette vera innlagt her taa ein regliøs Mann, som hev grunda ut, at slikt skal vera som eit Teikn til Ettertanke for dei som gaar her i Kjellaren og gjev formykje etter for Kjødets Begjær. Hev me no forsynda oss, Gradne, maa me be um Tilgjevelse. - Du Ola, skulde me kyssa denne Krossen?"

Ola: "Du faar gjera det du Mons, som er ein beire og reinare Mann enn eg er, og kan tolke alt paa rette Maaten." -

"Ja, skje dit Ynskje daa," seier Mons, og let sine bivrande Lippur tytta burti Krossen.-

Med eit høyrdes ein Smell og eit jamrande Skrik so sterkt, som det skulde ha kome fraa Mann i Havsnaud. -

Rotteglefsa hadde gripe um Munn og Nase og Kinnbein paa Mons'en, og dei kvasse Taggane hadde ete seg inn i Hud og Kjøt, so Blodet draup ned som tunge Taaror. - - -

Her vart eit nytt Arbeidslag paa Død og Liv av so mange som berre kunde koma til med aa faa Glefsa laus. - Men ho var ikkje snar til aa gje' Slepp paa den uventa Fengdi si. -

Daa Mons etter mykje Stræv vart kvitt denne smertefulle Krossen, knepte han Henderne sine og lyfte Augo mot Kjellarhimlen og sa stillferdigt og med djupt Aalvor:

"Da er daa sant som staar beskreve, at den han elskar, den refser han!" -

Han Mons og han Ola fekk kvar sin Dram til, og det fekk dei attpaa. - -

Men sidan den Dag hev dei aldri meir vitja "Brannesund."

 


Frå Mathias Askevold: Nye Skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 19-25. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad