3. Tiger-Ungarne

Forteljing

Ei Livssoga

Av Mathias Askevold

Husi laag nær kvarandre, men ikkje so nær at der ikkje inn imillom var Rom til ein Leikarvoll aat Borni. Denne Vollen hadde det med seg, at han laag i Livd for Vinden, anten den kom fraa Nord eller Sud, Aust eller Vest. Ein høg Gjerdemur millom Husi stengde paa øvre Sida. Raaki gjekk forbi her og denne Muren stod for at ikkje Annmarkebeist, som Hestar, Kyr og Smale skulde sleppa fram paa Heime­bøen. Her uppe var flatt, men nedanfor Husi var eit bratt Stup. Soleis var denne Leikarvollen paa Høgdi framifraa vel laga til det Bruk, som han i Manne Minne hev vore brukt til. Der laag fleire Gardar og Hus ikring eit Stykke ifraa og liksom spreidt fraa kvarandre; men Vollen var daa korso Samlingsplassen for Borni fraa alle desse Heimar. Han var som ein Eignalut, som gaar i Erv fraa ætt til ætt. Naar Borni vaks til og vart store, kom der alltid yngre til, og det laag som i Blodet, kvar dei skulde møtast, naar dei skulde ha gaman.

Paa nedsida av Vollen, yver Stupet, var ope Rom med vidt Utsyn ner yver Bøar og Aakrar. Imillom laag smaa Skogteigar i Elvegjeli. Lengst nede laag Sjøen. Der skar seg ei Fjord­bukt inn og paa denne laag der - som strøydd ut yver - smaa øyar og Holmar og paa desse hadde ogso Trei funne seg Plass. Alt dette var so livande vent aa sjaa til fraa Høgdi. Paa øvste Kanten av Stupet, med det same Flata tok til aa halla neryver, laag ein gild Stein, ein Stein som av sjølve Naturi var telaga til Kvilestein og so fjerre stor, at der kunde sitja 5-6 Menneskje. Paa denne Steinen heldt dei Vaksne til. Det var som ikkje Borni hadde Rett til honom, og det var som eit sers Syn, at dei Smaa kunde kvila Beini sine der. Dei sat her desse eldre kanskje for aa nyta det fagre Utsyn, eller um mogelegt for aa ha Auga med Borni; anten dei hadde Moro av aa sjaa paa Leiken eller ogso for aa halda Styr og Age med dei, ifall Gleda gjekk for vidt. Det er ikkje so godt aa vita; men som sagt er: Folk sat der um Dagen noko so nær til ei kvar Tid.

Soleis som det her no er skildra saag denne Staden ut, og dei som hev kvilt seg her paa denne Steinen, gløymer ikkje so lett det gilde Utsyn.

Um denne Leikarvollen er der mange snodige Ting aa fortelja. Eit og anna kunde kanskje for Framande vera hugsamt aa lyda paa. Soleis skal eg her koma med ei liti Soga fraa denne Leikarvollen.

Det var ei Tid for mange Aar sidan, at ein maatte leggja Merke til tvo Born, som skilde seg ut fraa alle andre i deira Alder. Desse tvo var umlag som Hund og Katt mot kvarandre, endaa dei kom til Verdi paa ein og same Dag. Naar dei var smaa slost og drogst dei alt i eit. Det var som dei ikkje kunde vera saman utan dei var i Topparne paa kvarandre. Reiv og sleit i Armar og Bein so Fillorne fauk. Hadde det vore tvo Gutar, so kunde slikt hendt noko so nær fyrr; men dette var ein Gut og ei Gjenta. Var han noko sterkare enn ho, so hadde ho so mykje meir Kattenatur i seg. Ho klora, reiv og beit alt som tidast og soleis kom ho oftast til aa ha Yvertaket. Ein kunde tru at dei paa den Visi vilde sky kvarandre, men nei; det var som det skulde so vera. Dei var ikkje lik dei andre Borni, og ikkje var det vel at dei andre var lik dei helder; men paa Leikarvollen var dei kvar einaste Dag, og kvar einaste Dag slost dei. - Paa Slutten vart det so at dei umlag raadde Vollen aaleine. Dei andre stakk undan burt i ein Krok eller tilsides for berre aa sjaa paa desse tvo Tiger-Ungarne, som dei var kalla for, eit Namn dei halveis sette si æra i. - Det hjelpte ikkje med Tukt fraa dei Eldre si Sida helder. Foreldri var etter dei kvar paa si Vis; men Ungarne heldt paa sitt. Vart der ei liti Togn med det same Straffepreika eller Riset vart retta mot dei, so vart dei so mykje illsknare baketter. - Det var ikkje berre i Slaasting og sovore, at dei var eit Bisn; nei, det var i alle mogelege Ting. Der var ikkje det Tre eller det Hustak, utan dei skulde i Høgdi eller i Toppen. Dei bykste og dei klatra nett som Katten. Dei sette seg paa Huk og vaaga seg til aa skreia ut yver sjølve Stupet, so ein kunde tru dei slog seg splint ihel; men like rake var dei, naar dei kom ned. Kunde den eine gjera eit lite Karsstykke betre enn hin, so skulde dette hemnast. Daa bar det ihop med deim paa nytt med Spenning og Kloring. Men det snodigaste var at kor tilreidde og rispad dei vart, so skreik og klaga dei seg aldri. Slikt maatte vel vera som Skam i deira Augo, skulde ein tru.

Daa det leid ut i Skuledagarne, var det tenkjande at dette Uversstaaket maatte ha ein Ende; men det gjekk for seg nokonlunde paa same Sett daa og. Endaa Skulemeistaren var halden for ein streng Mann, kunde han likevel ikkje halda det rette Styr paa desse. Han hadde vel sine Grunnar for at han ikkje var so hard mot deim, som ein kunde venta; men Orsaki var nokk den, at dei baae tvo var flinke te' lesa og skriva, og det er ein gamall, god Regel, at evnerike Born helst maa handsamast varlegt. Dei kappast liksom um kven som var den flinkaste paa Skulen óg, og dette gjorde, at dei til ei kvar Tid hadde Leksorne sine i orden, so dei i so Maate gjekk fram um mange av dei andre Borni, som var eldre. Men ellest tok det lang Tid fyrr dei kunde leggja Band paa seg sjølv naar Fritimarne kom.

So kom endeleg Aaret, daa dei skulde skriva seg for Presten. Daa var det so vidt ein kunde segja, at dei hade teke til aa spakna noko; men radt fri var dei ikkje daa helder. - Ja, der er dei som kan fortelja, at det hardaste Slaget stod nettupp i dei Dagar, og dersom Kyrkjegardsmuren kunde tala, vilde han segja, at dette Basketaket gjekk for seg just her, og det var helder ikkje utan Blodmerke; men det var ogso det sisste Slaget.

Dei tvo hadde paa si Vis no kjempa ut paa fleire Maatar og baae tvo tok til aa sjaa med andre Augo paa Livet. Tilhøvi vart so at dei kom fraa kvarandre. Livsvegarne bar i kvar si Leid. Ho vart att heime. Foreldri hennar var Gardfolk og ho vart nøydd til aa gaa upp i huslegt Arbeid og Stræv. Ho fekk ogso Mod og Hug til dette. Ja, ho vart endaa til ei du­gande og heilt ut truverdig Kvinna. Der var ikkje noko aa utsetja paa det. Dertil vaks ho seg fager og vart - so aa segja - inntakande aa sjaa til og førde seg med kvinneleg Sømd og æra, um der innimillom lurde ein liten Ettergangar av Ungdomsskjelmen i Augekroken.

Han paa si Sida vilde prøva ut i Verdi for aa verta noko framifraa. Forældri hans eigde ogso Gard, men dei meinte som so, at Guten kunde ha godt av aa prøva Livet ute, naar han hadde Hug til dette Steget. Millom Framande fekk han snarare læra betre Vet og paa same Tid faa Aalvora yver seg. Sagte hadde han stagga seg noko i det sisste, men Mod var der i honom korso; dertil hadde han framifraa gode Evnor.

Ein god Dag drog han til Byen for aa skriva seg inn paa ein Militærskule. Han vilde verta Krigsmann. Det var noko som vilde høva til ein slik Kar. Og so gildt det maatte vera med denne stramme Uniformi, tenkte han. Blanke Knappar og gyllte Render og anna Stas. - -

Ja, dette gjekk godt og vel. Han kom inn paa Underoffiserskulen, var flittig og stræva so godt han kunde og han vart avhalden baade av Lærarane og andre, som hadde med honom aa gjera. Men so var der noko anna ved honom som var so framifraa. Han var i Likamsskikkelse so ledug, mjuk og lett, so han kunde gjera Gymnastikkunster, som ingen annen klara. Dermed steig han i Krigsmennerne sine Augo, so det var svære Ting. Ellers skikka han seg vel og ein kunde undrast paa, at denne Villringen kom til aa arta seg so godt paa alle Maatar millom framande Folk. Der var ingen som hadde Grunn til aa klaga og han greidde tilslut Læreskulen ifraa seg med Glans.

Men no kjem det snodigaste av alt. Vil nokon tru at desse Tiger-Ungarne, som me hev høyrt var mot kvarandre som Hund og Katt, no kom til aa lengta - han for sin Part - og ho ikkje mindre? Jau, dei lengta etter aa koma saman att! Men ikkje paa den Maaten at dei hadde Hug, som fyrr aa klorast og bitast. Nei, det var nokk andre Grunnar no. Naar Kappehugen i Barneaari gjekk for seg i vill Leik for aa verta den sigrande og ikkje seinare fekk Motvigt, gjekk denne Hug yver i ei annor Leid. Daa dei kom fraa kvarandre vakna noko anna, som dei fyreaat ikkje viste um og dette var Lengting. Den tok til aa draga i baa tvo sterkare og sterkare. Dei fekk ogso ei Kjensla av, at dei seg imillom fyrr ikkje hadde vore som dei skulde. Denne saare Tanken verka ikkje lite til, at dei no kom til aa bera rein Kjærleik til kvarandre. Deira høgste Ynskje var no at dei maatte møtast att for aa be um Forlatning og paa same Tid for aa opna Hjarta i ærleg og sann Meining.

Svært lengje vart det ikkje fyrr dei Postmenn, som høyrde til paa dei tvo Kantar - der desse Elskande heldt seg - fekk det annsamt med aa utlevera Brev til "den velagtede Pige" - og den" velagtede Ungkar". -

Daa han var vel ferdig med Skulen og hadde fenge seg mange blanke Eittal i Karakterboki si, drog han heim att og dei tvo vart snart Festar­folk for Aalvor.

Eit Aars Tid baketter dette Møtet stod her stort Brudlaup i Bygdi.

No er det ei god Stund sidan den Dagen, men det kan kanskje vera hugsamt aa vita at der seinare leika seg millom andre tvo framifraa fagre Born paa den gamle Leikarvollen. Desse tvo er Tvillingar, ein Gut og ei Gjenta, og dei er Borni til dei som denne Livssoga melder um, og som i Ungdomsaari vart kalla Tiger-Ungarne. Men desse tvo Tvillingarne som no stullar der, dei slæst og klorar aldri kvarandre. Nei, dei er snilde og gode Born og er Foreldri si store Gleda.

So forunderlegt det kan gaa for seg i Verdi!

 


Frå Mathias Askevold: Nye Skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 11-18. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad