2. Ein Hardhaus

Forteljing

Av Mathias Askevold

Han heitte Erik, og noko gamall var han, difor kalla dei honom Gamle-Erik, ein lang, beinknokutt Rise. Fjellsterk var han, for det fanst ikkje den Ting han tok paa seg - i vissa slikt som røynde paa Kræfterne - utan han med Fynd greidde det. Han var Murar, Steinbrytar, Veitegravar og meir sovore, so Styrken kom vél med. Der var ellest noko kaldt og ufyse yver heile Mannen. Ja, der stod beint fram Rædsla av honom, endaa han visst ikkje hadde gjort meir vondt han enn Folk flest. Det maatte vera det turre og harde Andlitet hans, som var Grunnen til dette. Dertil var Røysti hans knapp og grov og han tok stundom stygt tilords, og slikt skal no helder ikkje klæ' nokon Mann. - Men han var ein dugande og drivande Kar i dei Ting han tok paa seg. Smaautretningar som var naudturvelege innandørs var ikkje noko for honom; men kom til han i Torvmyri eller i Steinrøysi, daa fyrst var han paa sin rette Plass. Difor var det helst i sovorne Ting han tok paa seg Akkortarbeid hjaa Folk utetter Bygderne. 

Um denne Eriken gjekk der mange Drøsor og heile hans Umdøme var, at han var ein Hardhaus, og det var vel heller ikkje fritt fyre, at han saag Roysestykke i aa gje' sovore tilbesste. Det var utenkjande kva han stundom kunde vaaga i so Maate; sjølv um han halv­veges sette Livet paa Spél. 

Det kunde kanskje vera hugsamt aa høyra eit og anna av dette. 

Jau, det var ein Dag han var saman med eit Par andre Karar ute i Marki og spadde Torv. Sligt er tungt og slitsamt Arbeid, som leitar paa Kræfterne. Dei arbeidde fast og godt heile Fyremiddagen. Det var Sumars Dag, heitt og klaart Ver og Soli stakk so Myri stod halvveges i ein Eim. Daa det leid til Middagsbil, kom Teneste­gjentorne paa Garden upp med Mat til Torvar­beidarane og det kunde vel trengjast. - 

Det var Havregraut og sur Mjølk til, i kvar sin Ambar. Erik fekk no ikkje den minnste. Han trong mykje Mat, sterk og svær som han var. - 

Ja, so skulde Maaltidet byrja. Erik var som ein Fyregangsmann i alt, soleis ogso i dette. Han støyrde Torvspaden i Marki, tok Tobakstugga ut or Munnen og sputta so det dreiv langt burt i Myri, sette seg paa Torvkanten med Am­baren fast millom Knei, tok ei diger Hornskeid i Handi og byrja so smaatt aa hive inn Skeid etter Skeid av den stive Havregrauten. Og det smatt godt undan. - 

Dei andre Karane gjorde likeeins; men dei var liksom meir sømelege i Aatfæri. 

Gjentorne stod og saag paa; men dei hadde mest Augo paa han Erik. Dei tykte vel at det var som ei æra for seg aa metta sovorne svoltne Skrottar. 

Erik tyngde paa. - Han klemde i seg av all Kraft, so det kom vel med at der var Nøgdi av Graut. - Men ein Graabein kan og mettast.- Jau, so var det ikkje fritt for anna enn at han laut pusta paa, so mykje at alt fekk siga vel undan. - Skeidi gjekk ikkje so titt til det store Gapet, som ho nyss hadde gjort; men so fekk han so mykje betre Tid aa fylla henne godt, til Avlaupet var farbart. - Med denne Kvila stod paa, kom der ein stor, svart Turrdivel og sette seg midt upp i Grautaskeidi. - Sakte kunde dette Vengjedyret - det var'kje so lite - ogso trengja um ein Smakebit; men det kunde no vera Maate med Nærsøknad og. - Erik sat med store Augo aalvorleg og nistirde paa denne Turrdivelen, smatta med Lipporne, la Hovudet paa skakke, stundom til høgre og stundom til vinstre. So segjer Gamle-Erik med bydande Ord: "ete deg upp Kar! Vaagar du Livet ditt, so Hun'en rugge meg, vaaga'kje eg mitt!! Venta no, so skal du faa skreia deg Kar!!!" - - Dermed svelgde han baade Grauten og Turrdivelen, so det spraka i Halsen. - - Han sa' berre - daa det var kome ned - med eit velnøgd Munnklaps: "Slikt kalla By-Storkarane fyr Disert!" - - So la han Skeidi fraa seg, takka for Maten, tok seg ei ny Tobakstugga, treiv Spaden i Handi og byrja med frisk Kraft aa spa' Torv atter, som um ingen Ting var hendt.- 

Um Erik greidde aa melta Turrdivelen, har Ingen fenge Nosi i. Men Gjenta, som kom med den store Graut-Ambaren til honom, sa, daa ho gjekk derifraa: "Naar eg kjem heim atter, er det vel besst aa tinga Kista med det same, for du kan vel ikkje liva med ein Turrdivel i Magen din?". 

Erik snudde seg halvt um og ropte: "Eg skal gjeva deg Turrdivel i Magen, dit Toske­hovud, som ikkje forstend deg paa det som godt er!" 

Ein annan Gong heldt han paa aa skulde vøla ein Dæmegard i Storelvi. Der var Kvernbruk og Muren skulde dæma upp Elvarlaupet, so der vart godt Fall til Skraafjellet, der Sloket var lagt. Paa denne Muren var det, at Erik saman med Kvernhuseigaren og eit Par andre Karar skulde leggja tilrettes nokre svære Hellesteinar, som Vassflaumen i Vintertidi hadde faatt i Ulag. Under Arbeidet med desse Steinarne, glapp Jarnstauren for Erik og nett som ein Vind stupte han paa Rygg ut for den høge Muren. Han gjekk itunn i Lufti som eit Rokkehjul, sa' dei. - Og etter alt aa døma maatte han slaa seg splint ihél. - 

Under Muren var berre nakne Berget, som enda i ein yverhendig stor, djup Hyl - som ei Gryta - der Elvarfossen fræste og kokte fyrr han kom inn i det rette Aalaupet. - I denne Gryta smatt Eriken ner, rundrygga som Kob­ben, og vart burte. - Det sisste Livsteikn var Treskorne hass, som flaut og dansa i den kvite Vassmyrja. - 

Dei andre Karane stod att paa Dæme­garden og trøysta og bera seg for den store Ulukka. Dei stod der og ingen Ting kunde gjera. Det var ikkje gjort i ei Handevending aa koma der ner som Eriken hadde kasta sitt sisste Anker. - Han tok Jarnstauren med seg. - Besst som dei stod der med dogga Augo og stirde, vart dei vàr eit slikjande svart Hovud som stakk upp i Gryteringen og eit Par Armar tøygde seg uppetter Bergkanten. - 

"Ja Gud vere Takk", sa han Ola - eldste Mannen - "at han Gamle-Erik liver endaa!" - 

Fyrr dei andre visste Ord av, var han komen seg paa staaande Fot og stod der og risste seg, som Hunden etter eit Laug. - Men so hende noko som gjekk yver alt deira Vét. Erik gjekk beint i Gryta atter og vart burte. Radt lengje var han ikkje under; men daa han kom uppatter var han ikkje aaleine. - Han hadde fenge Jarnstauren med seg, Luva si hadde han berga og Treskorne, som endaa dansa i Ringen, fekk han sokna upp, og snart var dei paa Føterne. - 

Det var i det minste tenkjande at han hadde brote baade Armar og Bein. Men det var Lygn. Han Gamle-Erik var so lett paa Foten, so fyrr dei andre hadde faatt Sukk for seg, var han komen seg upp paa Dæmegarden atter og daa var han iltrande sinna, treiv ei stor Jarn­sleggja, dei hadde med, og kløyvde med eit einaste Slag den store Yverhella, som vippa. " - ete deg upp!" - sa han, "ditta ska du ha, dit Svin, fyr Fantestykkje du gjore meg!!! - - So fann han fram av den vaate Broki si ei skikkeleg god Tobakstugga og fekk ho under Tonni. Men daa mol Tanngarden godt. - - So tok han tilords: "Her er'kje noke te staa aa flipe aat, kom til Arbeis Kara! - - - 

Der vart ikkje snakka mange Ord seinare den Dagen. Han, som dei andre fekk Arbeidet godt og vél ifraa seg, og vél nøgde gjekk dei heim til Middag. 

Havregrauten smaka visst han Erik like godt som hin Dagen uppe i Marki, um han ikkje var so lukkeleg aa faa ein Turrdivel til "Disert". - 

Ifraa den Tid og like til vaare Dagar, hev Berghola ved Dæmegarden bore Namnet: Gryta hans Gamle-Erik. - Eit Namn, ho med æra kann bera.

 


Frå Mathias Askevold: Nye Skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 5-10. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad