10. Han Elias og ho Madela

Forteljing

Ei Strileskrøne

Av Mathias Askevold

Det var no sisste Laurdagen, som var, daa saag ho Madela han Elias - Grannen sin - fara gaaande ned yver Engi med eit stort Mjølkespann i Handi. Ho etter honom halvt springande og ropte av full Hals:
       "Elias, Elias! - - Da va daa yverhendigt fælt fyr ei Dreve du fære i! - Ken æ da du levera Mjølka di te no, Elias, sia Madam Sibbolin i Pundarsmøge hev lagt Livet te?"
       "Ka Slag!" Segjer han, og han snudde seg. "æ da deg Madela so ropa?"
       "Ja du kjedne vel Maale mit, veit eg!" Segjer ho.
       "A ja, dar æ'kje mindre Blaaster i deg, naar du stedle Truten din te!" Kom han flirande fram med og la' til: "Ja Mjølka, ja; jau dad'n levera eg te henne Madam Parelius paa Engjæ, du veit."
       "Nei, æ døke tvo vortne goe Vene?" spyrr ho.
       "Aa ja, me æ no goe Vene paa dad'n Maaten, forstaar du, at eg levera aa ho anamma." -
       "Ja'u tænkj' eg," segjer Madela, "da ska vare lengje; ho he no vore kjende som eit Ugras adle Dage, og dad'n Boniteten, meina eg, sete vel i hedne endaa." -
       Halvt forarga tok han Elias tilords: " Naar du æ so alvidande, Madela, daa maa da no vera eit sirs aparta Følk du levera dit Mjølkestedl til?"
       "Aa, segjer da daa," seie ho, "det æ te nokre Følk ner i Pøthøle. Da æ'kje nett fine Følk, soleis mæ Stas og Fjas, men da æ bra Følk korso, fyr dei hev alltid dadna velsigna Kuntanten i Handa, og dad'n faar eg paa Bore naar Mjølkedropen æ komen i Huse, aa daa faar ein seia, dar æ gødt á´ i dei. - Men du, Elias, hev det vel meire, mæ dadne Kreditten, - aa dad'n veit du kan vera galen, naar da røyne paa." -
       Daa krymta han Elias og sa med "suffesante Beredvillighed": "Da æ sandt kva du, Madela, seie, da gaar mykje paa dadna Kriditten; men so hev eg og ein yverhændelæ Leveranse, so eg kan seie, da gaar yver adle Haua. - Aa du veit, da æ Mængden som skal gjera Utslage! -
       Ho tagna daa litegrand, ho Madela, so mykje ho fekk dra Anden; men so spyrr ho so sliskande fint: "Kva æ da Slags Bedrifte ho fære med ho Madam Parelius no, seia da æ sligta stort Stedl?"
       "Da æ," seie han, "ikkje nemnande fyr meg som æ ein verdslæ Mann, men da skal vera eitslags framifraa fint Paulun elder Loggihus, som dei dana aa høglærde kadla Pinsenat!" -
       "Du æ ein himlande Tøske, du Elias, som du altid he vóre! Da æ'kje noke Pinsenat, men da æ dattanne berykta Pensonate her paa Engjæ. Ja velbekømme deg fyr den Leveransen!" - -
       "Var du ikkje god te aa halda dad'ne sure Kjæften din idag hedle, dit Sodomatrodl!" - Sa han Elias "vemodig bevæget". Men la han til: "Da va no so mykje, at du Madela ha faat Kandoette om da du spurde etter, - og so for du ha Farvel! - -


 

 


 
Frå Mathias Askevold: Nye skrøner og Forteljingar. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Side 61-63. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad