Borni hans Gamle-Gunnar

(Forteljing, 1913)

Av Mathias Askevold

Det aaret daa eg tok paa meg garden nord-um neset, hadde eg ikkje mykje til aa byrja med. Men det vart ikkje lenge fyrr eg drog paa meg og kom meg fram, og daa serleg sidan eg fekk fat paa denne rare kjeringi mi. Det er so mykje til fagna kjering, det. Ho er god, snart aa segja, baade fyr tvo og tri, baade haust og vaar. Um vetren stend ho paa laaven og treskjer. Ho gjev so forétande paa med tusti, kar, at agneflisarne sprett rundt kring øyro hennar, so du kunde tru ho stod i eit rennefók. Og Gud naade den som er so slysen han kjem i vegen fyr henne. Daa skal det ikkje mykje til, fyrr ho gjev dei lø-katten, og det er no som det skal vera. Slik ei rispe er kjeringi mi.

Det drygde ikkje lenge fyrr me fekk oss born, tvau stykke. Karnilsen og ho Brita. Han Karnils, daa han voks upp, vart det so mykje til sildemaase av honom. Saag han ei bleme burt-paa fjorden, so var han i lause lufti paa timen og sild fekk han jamt. Daa Karnilsen var eit og tjuge aar, gifte han seg. Men meiner du ikkje det, at andre dagen i brudlaupet sitt, at han var paa lós daa og! I morgonlysingi vart han var eit sildestaal ute i Terleviki, tok so og fór i skinnklædi, utanpaa brudgomsstasen, og kommanderte folk og not i baaten og til aa kasta. Dette vart det største sildelaaset som han Karnils hev krøkt i sine dagar. Noti var so trykkjande full av sild og velsignelse, at halve dagen gjekk, fyrr dei fekk eine øyra til lands. Daa det leid so um middag, sat eg, faren, i baaten og saag ned i denne rikdomen. Best som eg sat, vart eg var henne Petrina, kona hans Karnils. Ho kom radt ned til flomaalet med ein uhórveleg stor graut-ambar, ropte so paa meg, og eg heldt upp og fekk ambaren i baaten. Eg tok og sette han paa tilja milom føterne mine. Men daa eg drog spyta or og fekk sjaa under lóket, var det ikkje nett so slévurne rann! Meiner du ikkje det, at grautaflinga, kar, var so utstafért med plomur og korinter og kanelbórk og rosiner, so det var ei bisn! Eg skreik paa Karnilsen, som endaa stod og drog paa fyrste not-øyra: "Kom no ned i baaten og faa deg noko bruragraut!" - Men hadde du fenge han til taka ei skei inn um nebben sin, fyrr enn han hadde fenge øyra til lands, skal du faa lov aa kalla meg kva du vil. Lyg eg no, skal det ikkje koma fersk fisk um tennerne mine. So suffisant ein kar var han Karnils. 

Elles var det ikkje berre i sildevæsen han utmerkte seg, Karnilsen. Nei, han var ein behendeleg kar til aa skjota revar og andre slike uppétars-troll. Han hadde eit makelaust lag til taka livet taa desse kreturi. Var han fyrst so lukkeleg at han fekk sjaa øyro og augo upp-um ei steinshyrne, so var det ikkje lenge fyrr kula stod i skjelta paa dei. Og det raraste taa alt var det, at han kunde høyra det so væl paa skótet, um det drap. I mange andre ting og var Karnilsen eit framifraa menneskje.

Men han hadde ei syster som ikkje var verre. Ho var av den naturi, at ho fekk til, kva ilten ho beitte paa. Ho tok seg til og fekk innført i bygderne slikt eit stort smaleslag, og vart namngjeti, kann du tenkja, baade vidt og breidt. Ho hadde ein gong høyrt gjete at det var kome inn til Bergen eit slag skotlandsk eller skottisk smale, og daa hadde ho ikkje gjeve fred, fyrr ho fekk meg, som gamall var, til aa fylgja seg til byen, - nei ikkje um du hadde klípe livet or henne. Men du skulde ha sett kva fyr ein forétande gild og vælskapt vêr ho kosta seg, med slik lang rumpe og rettleidingar i alle maatar, - so det var eit spikk. - Daa me kom i baaten og skulde fara heimatt, stod vêren so forlivande tidig i framskuten, og ho Brita var so glad i dette kreturet sitt, so det var noko mykje. Men sidan skapte vêren seg so forunderleg til, med slike læte og ambógingar med skrotten sin, at me alle sat so rædde og trudde at vêren var sjukleg taa helsa, og at ho Brita soleis ikkje kunde faa noko gagn av han. Men daa me kom heim, var vêren nett som det ikkje skulde vera same karen. Han var so tidig og frisk so det var svært. Det var fulla sjøverken eller noko anna stygt han hadde fenge paa seg i baaten.

Fem-seks aar etter var alle bygderne der heime so uppfylle med stort smaleslag, - og ho Brita var den som fekk ordet for det. Ja, det gjekk ord um henne vidt ikring - minst i fem prestegjeld.

Karnilsen, han vart jussom óvundsjuk paa systeri si, og tykte det at ho gjekk fram-um honom. Dette, kann de tenkja, vilde ikkje han lita seg med. Fór so han radt nord til Trondheim, kar, kjøpte seg taa desse eggjande rare Trondheims-kvernsteinarne. Kom so heim og sette upp spildrande nytt kvernhus. So reiste han upp paa fjellet og dytte og demde og fekk i stand slike vats-ræse ned gjenom og dælder dalar [sic]. Og dennekvernetirla [sic] til Karnilsen, det er so mykje til eggjande rar meldr i henne. Du kann mala, um det so berre er skire havre, men er det ikkje nett som det var av reinkorn, naar det kjem fram. No hev han slik ein søknad, at det er grove ting. 

Soleis hev bórni mine kóme seg fram, tid etter tid, og det er so hyggjelegt og kjært fyr meg aa tenkja paa, no eg vert gamall.

 


Frå Mathias Askevold: Skrøner og historier. 3. oplag. Kristiania: J. Aass Forlag 1913. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad