Ullmann meinte,

at maalparagraffen ikkje trengdest for maalsaki si skuld, daa der stend i § 50, at skuleraadet gjer skuleplanen, og at det det daa berre kann segja, at med ”norsk” meinar me landsmaal.

Daa mælte Bonnevie, at han i det høve hadde hug te sjaa høgsteretts dom for, at dansknorsken ikkje er ”norsk”.

Jamen skulde det vera moro aa sjaa høgsterettsdom for, at landsmaalet ikkje er ”norsk” og.

Høgsterett vilde ikkje kunna fella den domen yver landsmaalet. Men han vilde segja paa lag som so; ”Me lyt gaa ved, at landsmaalet er ”norsk”. Men det kjem ikkje saka ved. Me dømer etter aanden og ikkje etter bokstaven. Me dømer etter det, som lovgjevarane i 1889 meinte. Og dei meinte dansk med sitt ”norsk”. Hadde dei meint landsmaalet, so hadde dei ikkje røysta imot maalparagraffen. Thi kjenner me for rett:

Skulekrinsen N. N. skal vera so god aa kasta sin ”norsk” og læra bonna den danske ”norsken”, som dei høgvise paa tinget i 1889 meinte og vilde”.

Maalparagraffen er turvande. Ullmann tek imist, naar han trur, at skulestyret vilde koma seg ifraa det med aa segja, at landsmaalet er ”norsk”. Det er faafengt aa segja, at norsk er norsk, naar dei som dømer segjer, at det kjem ikkje saka ved.

Hertzberg og hine hev altid sagt, at her finst ikkje noko landsmaal. No meinte han, her var mange landsmaal.

Det gjeng fram.