Storbruk elder Smaabruk.

(framhald).

Korleis kann ein no utan vidare vita so visst kva som er det rettaste, - berre Sameign og Storbruk, og ikkje Sereign og Smaabruk, all den Stund ein ikkje veit aa segja fraa eit einaste Folk paa Jordi endaa, som hev havt berre Sameign. All den Tala um ”Utviklingi”, at ho gjeng paa den og den Leid, syner seg nok altfor ofte aa vera likso mykje laust Snakk, som helst kjem av det aa meinstira berre paa den eine Leidi, utan aa ansa noko av det, som dreg til ei onnor Leid. Sanningi er nok den, at det her som ellest er eit Tvidrag i Utviklingi. Det er sant nok, at det kann vera mykje i Utviklingi som dreg mot Sameign, med frie Samlag o.s.b., men det likso sant, at Utviklingi hev gjenget likeso mykje og meir tessheilder, mot Sereign; - Saki er nettupp den at ho hev gjenget alt for langt til den Leidi. Men daa aa slaa heilt yver til Sameign att, vilde kanskje verta likeso galet, um ikkje verre. Og um det no skulde syna seg, at Sereign og Smaabruk i ymse Maatar er det rettaste, d.v.s. det som i det heile tenar Menneskja best, skulde ein so likevæl tvingast til aa hava berre Sameign? – det vilde daa korkje vera Anarkisme elder Sjølvstyre, men beint ut Tvangsstyre.

Helder ligg det daa nærmast aa tru, at det er likeso mykje rettgjengt i Draget mot Sereign som mot Sameign. Menneskja er nok ikkje skapt til aa vera heilt Einstøding, men det er visst like so lite etter hennar Natur aa vera heilt Aalmenning, utan noko sers elder sermerkt, berre som Dropar i eit Hav. Difor gjeld det nettupp aa faa semja desse tvo Dragi, so det kann verta rette Samarbeidet som kann draga jamt og stødt. Derimot aa taka reint vekk det eine drættet, vilde vel berre gjera det heile skjeivt, og kanskje stanse heile Maskineriet. Og den naturlege Skipanden, det som her byd seg av seg sjølv, er daa aa lata Jordi, det som me berre hev Skaparen og ikkje noko menneskjeleg Arbeid aa takka for, og som me difor so trygt kan veta at alle hev like god Rett til, - lata det vera sams elder aalmenn Eign, men likevæl med Serbruk, for at det som er godt ved Sereign her ogso skal kunne koma til sin Rett, - medan derimot Arbeidet og Frukterne av det, som ein hev Grunn til aa tru, med den rette Skipnaden, vilde svara noko lunde til kvars Dugleik og ettersom ein sjølv steller seg, - det fekk vera sams elder sers etter som kvar vilde, elder som kunne høva best. Ved aa taka til aaalmennt Bruk det som paa denne Maaten sjølvgjevet tilkjem det aalmenne, Grunnskatten, vil ein ogso kunne faa nok til aa gjera til aalmenn Eign alt det som maatte høva best soleis, t. d. Landevegar, Jarnvegar o. sl. n., elder Skular og meir slikt, um ein det vil.

Kunne det berre koma til det, at Menneskja verkleg fullt fær stella seg etter som det høver best, so kan me nok vera trygge for at dei sjølve etter kvart vilde finna ut kva som er det rettaste og tenlegaste i dei ymse Tilhøve. – Sameign elder Sereign, Storbruk elder Smaabruk. Men lat oss berre sleppa aa venta altfor lenge, so ikkje Barnet skal døy, medan Kornet gror, so fær det ikkje helpa, um sumer ”Idialistar” kanskje ikkje finn det fullkome. Det gjeld difor aa finna og nøygja seg med ein Skipnad som ikkje stend altfor langt for langt frå det sem no er, ikkje ligg reint i det blaa, men som Folk, slike som dei er no, kan vera med paa, og forstaa kor det ber av. Me maa difor kunne setja upp eit klart og greitt Merkjemaal, som Folk kan vera med aa arbeida for, t. d, som det av Henry George: aa gjera Næringslivet heilt fritt, med aa taka all Skatt elder Avgift fraa Arbeidet og leggja det paa Jordi. – Kan Anarkistanne gjeva oss noko slikt? Etter Krapotkin hev eg ikkje kunne finna ut um han vil me skal gjera noko elder inkjevetta, - um ein daa berre visste kva han meinar med dette Ordet, eller um det i det heile finst noken slik Evolution, - elder um ”den sociele Revolition” skal greie heile Smelta paa ei 4-5 Aar, naar berre me vil gaa stad og setja Eld paa nokre Regjeringsbygningar, som han saag ut til aa meina, etter det som stod av honom sidst i ”Fedraheimen”.

I det heile tykkjer eg det er svært ugreidt hjaa Anarkistanne, - elder iminsto hjaa Krapotkin. – ikkje ein Tanke som er tenkt klart og heilt ut, soleis som hjaa Henry George. Programmet i seg sjølv: minst mogeleg Styring elder Styremagt men derimot frie Samlag, kan vera greitt og rett-tenkt nok, og slikt som noken kvar kan forstaa og vera med paa. Men so alt det andre som er teket med, t.d. aa gjera ”alle fornødenheder for production til fælles eiendom”; - og til slike ”fornødenheder” reknar han daa ikkje berre Jord, men ogso ”kapital og maskine”, og ikkje minst det sidste, ser det ut til; men kvifor daa ikkje ogso Mat og Klæ, som ein væl maa segja er likso mykje fornødenhed til ”production” som Maskine?. Og kva er det han meinar med Maskiner? Er det berre Dampmaskiner o. sl. n. elder all Slags Reiskap som til er. Og korleis vil dei gjera med Familjelivet? For utan noko Slags Særeign kan det vist vanskeleg verta rette Laget med det som me no meinar skal høyra til rett Familjeliv. Til full sameige i alt annat lyt der vel ogso vera Sameign i Konur og Born. Ja me veit altid, at det hev voret Folk i Verdi som hev haft noko slikt, og at det no med finst dei som meiner at dette skulde vera det rettaste. Men til Folk som dei er flest no for Tidi nytta det daa iminsto ikkje aa koma med noko slikt snakk, utan det byd imot alt det beste dei kjenner hjaa seg. Og Frugterne, der dei hev prøvt noko slikt, som i det gamle Sparta, skal no helder ikkje freista til aa gjera det um att. – Men alt slikt høyrer ikkje netupp til det som eg hev sett meg fyre aa tala um her, so eg skal ikkje gaa vidare inn paa dette denne gongen.

R. Flo.