Skulelova.

Me skreiv sist, at skulelova var berga

Det var for braadt sagt. Daa dei kom til maalparagraffen var der 4 oftedølar, som slo krok paa rova. Dei gjekk med høgre og røystaad paragraffen ut. Dei 4 karane var: Holsen, Stav, Ihlen, Andersen. No kjem det an paa. Lagtinget set naturlegvis paragraffen innatt. Daa maalmennerne i tinget helder vil kasta heile lova, enn gaa med paa henne utan denne maalparagraffen, so kann henda desse oftedølane gjeng med paa han likevæl, daa dei ikkje er so hardt imot han.