Samfundsviljen.

Samfundsviljen er det, som Samfundet vil, og Samfundet, det er alle.

Alle vaksne Folk, som greider seg sjølv, det er Samfundet. Kven skulde det elles vera?

Det er det same, um det er Tenarar; ein Tenar elder ei Tenestegjente fær visst ikkje meir, enn dei arbeider for. Det er likeeins det same, um dei liver heime hjaa Foreldri, berre dei arbeider for Mat og Klæde. Dei, som enno ikkje er vaksne, og som altso maa liva noko paa andre, er dei einaste, som ikkje kann koma med, dei lyt drygja, til dei er framfødde.

Vaksne Folk, som liver heime og ingenting gjer, som lapsar, unge damur og slikt, maa og bli medrekna millom dei, som ikkje er vaksne.

Alle andre, - det er Samfundet.

Vil ein vita, kva Samfundet vil, maa ein altso vita, kva alle vaksne Folk vil; det, dei fleste av desse vil, vert - naar noko skal bli avgjort – ”Samfundsviljen”.

Ingen hev Rett til aa stengja nokon ute her. Dersom dei, som no hev Magti, Bønderne, vilde gjera Samlag og ta Stemmeretten fraa Embættsmennerne, so vilde alt Folk spyrja, kor dei tok Retten til det fraa, og dei vilde inkje kunna svara! Likeeins naar Bønder og Embættsmenn slær seg i hop og tek Stemmeretten fraa Arbeidarane, maa me spyrja kor dei tek Retten til det ifraa. Og dei kann inkje svara.

Kanskje dei segjer, at dei gjer det for ”Samfundets” Skuld: ”Samfundet” vilde ikkje ha godt av Stemmeret for alle. Men dette ser du sjølv er Tull. Samfundet er alle; og alle kann daa ikkje ha godt av, at sume er rettlause.

Det einaste Svare, som der er Meining i, det er: me, som hev Magti, det er me, som hev godt av, at sume er rettlause. Men dette Svare vaagar ingen seg ut med beintfram. So snart det kjem Moral inn i det offentlege Live, vil ingen kunne tenkja slikt heller.

Vil me altso, at Samfundsviljen skal styra Samfundet, so blir dette det fyrste, der er aa gjera: gje alle vaksne Menn og Kvende den same fulle og heile Retten til aa segja sin Vilje. So lenge alle ikkje hev denne Retten, er der ingen lovleg Samfundsvilje. Alt, som blir avgjort av oss, som hev Stemmeret, er, so lenge alle ikkje er med, moralsk ulovleg – um Storting og Regjering hev vedtekje og sanktionera det aldri so lengje.

Naar me t. D. legg Toll paa Sukker og Kaffi utan aa spyrja, um dei vil gaa med paa denne Avgifti, so er det ei moralsk ulovleg Gjerning, - Stuld, Røvarverk, - ikkje det Slag anna.

 

Men dette er ikkje alt.

Eit er det, at der er ein Samfundsvilje. Det andre er, korleis me skal faa denne Viljen fram, so alle kann forstaa han og retta seg deretter.

Med det Stelle, me no hev, vilde Samfundsviljen ikkje kunna koma rett fram, endaa um alle fekk Retten til aa stemma.

Dette aa velja Valmenn, som so skal velja Tingmenn att – umvegjes Val -, det er som aa ausa Vatn med eit Sold -: Folkeviljen kjem burt paa Vegen.

Ja um me so hadde endefram Val, so

Veljarane sjølv valde Tingmennerne, vilde me endaa vera kleint berga. Me ser rett som det er, at um det er vald ein Tingmann, som Veljarane vilde ha, kjem Folkeviljen burt paa Vegen likevæl -: naar Mannen kjem til Tings, blir han ein annan enn han var, daa han reiste.

Verdi er slik, at ein kann ikkje lita paa Ærendsmenn. Ein Mann er ein Mann; kjem han i nye Høve og under ny Innverknad, so skifter han Tankar i mange Ting; Søren Jaabæk kann, naar han hev vore lengje nok til Tings, røysta for sjølve Kongeløni.

Me kann ikkje lita paa nokon, - utan oss sjølv. Kvar Mann og kvar Kvinne maa sjølv faa vera med aa avgjera kvar Sak; Folkje sjølve maa gje Lover og godkjenna Skattar og Utgifter.

_________

Me maa ha Bygdeting.

Alle Saker av Vigt og alle Lovforslag maa bli sendt fraa Regjeringi til desse Bygdeting, paa desse hev kvar vaksen Mann og kvart vakset Kvinnfolk Rett til aa møta upp, høyra Saki, tala og røysta. So blir der valt ein Ærendsmann for kvart Amt til aa reisa inn til Kristiania; og som ”Storting” finna ut, kva som er vedteke av Folkje (av dei fleste Bygdeting eller med dei fleste Stemmur rundt heile Lande); dette er daa Lov, og Stortingje berre sender det til Regjeringi for at ho skal gjenomføra det. Er der ein Ting, som ein Landsdel vil ha, men ikkje dei andre, skal dette vera Lov for den Landsdelen, som vil ha det.

Tvo andre Ting vil dette ”Stortinget” ha aa gjera. Det skal ekspedera alle Smaasaker, som maa avgjerast, men er for smaa til aa bry Folkje med – er der Tvil um ei Sak, skal ein Tingmann elder Regjeringi kunna krevja ho kringsend -; - og so skal ”Stortinget” gjenomgaa og dryfta dei Sakerne, som sidan skal ut til Bygdetingi.

I Schweiz hev dei slike Bygdeting; me maa kunne faa noko dilikt. All sann Vinstrepolitikk no maa gaa ut paa den Leid: fyrst aalmenn Røysterett, so Magti ut or ”denne Sal” og attende til Folkje. Me maa vel ha lært, at dette er Vegen, no, daa me tek til aa forstaa, at ”Parlamentarismen” hjaa oss – med vaart svenske Kongedøme – er og maa bli berre ei stygg, stygg Komedie.

Arne Garborg (i Firda).