Rispur.

Slaattefolket set seg ned til frukost, men fær ingen mat. ”No skal me lest eta”, segjer husbodan.

Um ei rid tek dei til med slaatten att slaattkaren løyser ljaaen or orvet og gjeng iveg med snaude orvet. ”Kva skal dette tyde?” segjer husbonden. ”Jau no skal me lest slaa no”.

*

”Du vil vel ikkje gifta deg med den fleinskolten, veit eg?”

”Ja han er sagte snaud utanpaa skolten sin. Men kor mange er her ikkje, som er snaude inne i skolten daa!”

*

”Stundom er han sunnanvind og stundom er han nordanvind”, song mannen i kyrkja; han hadde ikkje salmebok. Han laut eit slag gripa til for aa ”fylgja med”.

*

Ei kone hadde gjort noko gale. Til straff so tok mannen ein katt og drog etter halen yver nakne ryggen hennar.

”Au, au!” skreik ho. ”Eg skal aldri gjera det meir”.

”Eg dreg han no ein gong til – for aa vera sikker”, sa mannen.