Ny bok fraa Mons Litleré

”Noveller af Juhani Aho pris 2 kr. umsette paa dansk ved Bolette Paves Larsen.

– Det er ikkje store emner forfattaren tek for seg. Den fyrste forteljinga ”Jernbanen” handlar um tvau gamle afsidesbuande egtefolk, som fær høyra tale um jarnvegen i grannesoknet. Dei gjer seg mange tankar um denne jernbanen, som dædler brændsel”, og enden vert, at dei dreg iveg for aa sjaa stasen. 153 sidur skriv han um dette emnet, og endaa legg du ikkje fraa deg boka, fyrr ho er lesa tilendes. Det er liv han syner fram, og syner det paa ein livande maate.

”Da Lisa tog av bordet, fortalte hun, at hun havde fanget en hare.

”Du har ikkje kunnet holde dig frå snarerne mine”, tænkte Masti strax; men han spurgte bare i hvilken snare hun havde fundet den”.

Ein forfattar som kann drage fram ei mengd av slike smaating, han maa kjenne bondelivet til botnas.

Den andre stubben, ”Da far kjøbte lampen” er og eit lite fint kvardagsbilæte.

Men kvi er ikkje boka umsett paa landsmaal? Bondelivet vil fyrst faa sin rette lit paa bondemaal. – Utsyret hev Litleré ære av.