Martyrar for sanning og framgang.

(Sanka av R. S.)

Martyr

 

er ikkje berre den som vert lagd paa baalet for meiningane sine. Der er mange andre som og kann kallast martyrar. Fraa soldaten, som fell for fedrelandet, sjømannen, som slit helsa av seg paa havet, lodsen som set livet til for aa berga den drivande skuta, gruvearbeidaren som vert nedgraven elder kjøvd i gruva, jarnvegslusken som vert sundskoten av dynamitt, dukkaren som sprengjer brøstet sitt paa sjøbotnen, - og til landgranskaren som umkjemst i ville egner, kjemikaren som set livet til for aa finna ei ny lækjaraad, doktaren som set seg ut for faarleg smitte for aa berga andre, alle er dei som eit slag martyrar, kvar paa sitt vis. Og ikkje berre den som let livet. Men kvar den som ofrar noke elder alt av det, som andre set høgst i livet, for aa fremja ein tanke, for aa naa eit gagnlegt fyremaal, han er og ein martyr.

Men kven hev bok yver alle desse? dei gjeng i grava med alle sine heltegjerder, og vert gløymde som du gløymer blomen, som voks i fjor. Men nokre er der daa, som hev sett merkje etter seg so djupt, at namnet deira vil minnast.

Det er nokre faae av desse me her skal høyra um.

Eit arbeid kverv aldri burt, segjer fysikaren. Det dreg altid fylgjer etter seg. Fyregangsmennene syner og det. Um verket deira liksom kjem burt med same, so tek det seg uppat seinare. Og daa kann det gjera tvifalt gagn.

Desse vegbrytarane gjer ikkje berre det gagnet aa bryta hol den og den gongen. Dei

gjer likesomykje gagn med aa mana andre, som kjem etter, til aa gaa i fotefaret sitt. Den eine vegbrytaren dreg den andre etter seg. Det smittar. Han set liksom eld i etterkomarane sine ein slik, som vaagar alt for aa naa eit godt endemaal.

Kven fær ikkje tolmod i seg ved aa lesa um ein Bernard Palissy? Kven fær ikkje arbeidshug ved aa lesa um ein Pascal elder Josva Heilmann? Kven vil ikkje faa hug til aa strida og lida for ei god sak ved aa lesa um ein Ramus eller ein Roger Bacon? Kven fær ikkje vyrdnad for mannatanken ved aa skoda ein Mann som Newton? Kven styrkjest ikkje i viljen sin ved aa lesa um ein Fulton elder Guttenberg? Kven fær ikkje Hug til aa gløyma seg sjølv for aa gjera væl, naar ein les reiseskildringa hans René Bellot? Han reiv seg laus fraa alle band og reiste til Polarisen for aa kunne berga Jon Franklin og fylgjet hans, som kom burt der paa ei vitenskapsreis. Sjuk og stiv av frost med isfjell ikring seg paa alle leider skriv han millom anna i dagboka si:

”Eg gløymer altfor ofte kva eg hev vore. Eg hugsar ikkje, at far min er ein fatig arbeidar med ein stor flokk aa forsyrgja, so han saart kunne turva dei pengar, han hev øydt paa meg. Og mi stakkars gode mor, kor mykje sut hev du ikkje havt for mi skuld! Aa, um eg eingong kunne faa gjera deg godt i staden, faa gjera det lett og hyggjelegt for deg sidste dagane av livet ditt, som du vil dessa berre hev livt i taarur og hjarteverk for mi skuld!” - Det siste han sa fyrr han døydde var: ”Aa me kann vera glade me for at me fær lida for aa ha gjort vaar pligt”.

_________

Det meste av denne martyrsoga som no kjem er teke fraa ”Martyrar for vitenskapen” av franskmannen Tissandier, men tiljamna og avmaata for dette bladet. Namna aat dei fleste kjenner nok lesaren fyrr. Men likevæl trur eg, dei vil finna noko nytt i kvar soge, dei som ikkje hev lese boka, eg nemnde. Av soga aat dei som er mest kjend, skal berre takast med det, som eg trur, er minst kjent. (meir)