Kva bonden vil.

Bonden er so væl stelt no, at han kann faa det som han vil, segjer desse bondegjølarane. Og bonden trur. Men er det sant? Er der nokon vitug bonde som t. d. vil ha ein stiftdireksjon til formyndar? Nei. Men sjaa til um dei ikkje maa finna seg i det likevæl.
Saka er, bonden hev magta i namnet, men storkarane hev henne i gagnet.