Gifteri i Sverik.

Ei adelsgjente i Stockholm vil dei nøyde til aa gifta seg med ein rik adelsmann, som ho ikkje bryr seg um.

Paa eit bal slengde ho hansken sin like i synet paa han. No hev dei sett henne ut paa landet til skyldfolk, der friaren kann raaka henne når han vil. Dei trudde, ho daa kunne venjast til han. Far hennar hev no gjort forlovingskort i stand og sendt umkring. Til svar paa det hev ho trykt seg forlovingskort sjølv og sendt umkring. Ho hev forlovat seg med ein husmannsgut. Det kjem daa an paa, kven som vinn.