Fedraheimen og Kristendomen.

”Nordmannen” skriv um Fedraheimen at

”Han heve greidt ut um Garborgs meiningar og meldt bøkerne hans, lovord yver alt i hop; ikkje eit lyte skulde du høyra lyst yver Garborgs tankar. Likavæl vreid bladet seg med aa vedkjenna seg hans læra; det var paa god veg til aa avlysa bohemgreida og kallad seg jamt kristelegt; men so slog det meir og meir yver til bohemarne og Garborg; det krøkte seg likavæl fram liksom aalen, naar han paa land er komen, og kallad seg kristelegt endaa. Me tykkjer, at eit blad som Fedrah. er skyldig til aa føra prov for sitt kristeleg namn og serleg syna, korso det fær den frie kjærleik til aa høva i hop med kristendomen. – Og no sidst kom han med detta framlegget til egteskapslog. Det er denne hans vingling og avbrikjelege ferd, som me tykkjer er ei leikeferd med tunge og aalvorlege ting – og no sidst ei gaveferd, som ein ikkje skulde venta hjaa ein kristen.

__ __ __ __ __ __ __ __ __ __ __ __ __ __

Me skulde lika aa høyra, korso teologen Mortenson faar den frie kjærleik til aa høva med vangilja Math. 19, 9: ”Men eg segjer dykker, at den, som skilst fraa kona si, utan fyr hors skuld, og tek ei onnor til kona, han gjer hor, og den, som tek ei fraaskild til kona, han gjer hor”. Og næst fure: ”Difor skal mannen flytja fraa fader og moder og verd fast hjaa si kona og dei tvau skal verta eit kjøt. Difyr, det Gud heve sambundet, skal ikkje menneskja skilja”.

Vil han so segja, at framlaget hans til ægteskapslog er kristelegt. Han heve nyleg sagt, at det største, han veit aa gjera no, er aa gjennemføra kristendomstankarne i samfundslivet. Er det ein kristendomstanke han der talar fyr? Han plukkar elles ofta ut or Bibelen, naar det er nokot han likar. Kvat gjer han med dette ord um skilsmaal av Jesu munn?”

 

Fraa andre Leier enn den kristelege undras ogso Folk paa, at eg som elles er so ”frigjord” kann halde paa Kristendomen. Dei finn ikkje Samhøve i det.

Kven hev so Rett? Desse andre eller eg?

Det er eg, som hev Rett.

Det er eg, som hev Rett, ikkje einast, naar eg held paa at det er fullt Samhøve millom mine verdslege og kristelege Interesser, men ogso naar eg seier, at det er kristeleg Samfundslære eg forkynner, at det er i Jesu Fotspor eg gaar.

Korleis kunne det væl annleis vera?

De kann kalle det Trongsyn, Stivsinn, vantande Mod, eller kva De vil; eg tilstaar det likevæl, at mine Tankar og Livssyn allstøtt hev vore bundne av Bibelen. Eg hev vore skjelvande rædd kvar liten ny tanke, um han tyktes aa vera aldri so dragande, berre eg hadde ei Kjensle eller Teft av, at han ikkje hadde rette kristeleg Daamen. Fraa mitt religiøse Standpunkt dømde eller fordømde eg alt som kom meg i møte. Eg hev vore strengare i mitt religiøse krav enn dei fleste, difor hev eg ogso dømd Verda strengare enn dei fleste og lyft meg upp ifraa ho i kald Heilagdom, spottande over Heimsens Vantru, den eg ofte fann større hjaa ”Farisæarom og dei skriftkloke” enn hjaa ”Fritenkjarom og Syndarom”.

Dessverre, eg hev ikkje vore nokon Tankens Mann, eg hev aldri havt nokon serskild Trong etter verdsleg Visdom, Kulturen tykte eg helst var av den vonde. Eg hev trutt meir paa den Heilagaands Upplysning enn paa den lærde Gransking. Og med dette Ljos paa min Veg hev eg stige til meir og meir Klaarskap i det religiøse. Fyst daa, naar eg hadde eit klaart religiøst Fotfeste, tok eg til aa bruke Tanken til aa faa fat i dei Konsekvensar som fylgde av mi religiøse Stelling. Skilnaen millom meg og andre kristne ligg væl i det, at dei hine ved eit eller anna Tilfelle fær seg eit Fotfeste og der blir dei standande all si Liveti, eller so kjem Flaumen og grev Grunnen under dei og dei dett og blir liggjande. Men eg held det for det, at ein maa stige, vil ein ikkje sige. Eg hev funne, at den religiøse Utvikling, som Bibelen fortel um, er ikkje berre jødisk, men aalmenn menneskjeleg. Eg meiner at dei fleste, som kallar seg kristne heng att i Mosaisme og Farisæisme eller i det høgste hev naatt Johannes Døparen. Eg meiner, at eg sjølv hev mannast ifraa Moses og til Kristus, fraa Autoritet til Fridom. Den Revolusjon, som eg forkynner, det er ikkje anna enn det, som Lutter slo inn paa, og som Jesus sette Live inn paa. Det er hans Lære, eg meiner, at eg forkynner. Det er mi Uppfatning av hans Religion, som er Grunnlage for min Religion. Kor hugheilt og djervt eg so talar um den nye Tia og at Himmerikje er nær, so maa eg seie med Johannes, at eg er ikkje verd aa vera Skosveinen hjaa Jesus ein Gong.

Eg kunne væl sjølv mang ein Gong mest ynskje aa liva i eit Kloster, men sea Gud hev sett meg her i Heimen, so tenkjer eg, det er hans Vilje, at eg skal freiste aa arga Verda og slaast med Djevelen so godt eg kann. Ymse Basketak blir det ja.

___________

Dette her er berre skrive for vituge Folk. Eg freistar ikkje paa ein Gong aa gjera Verda til Lags. Vituge Folk vil skyne etter dette, at for meg er det aldri Tale um, at det kann vera noko Mishøve millom kristeleg Livssyn og Meiningar, um borgerlege Ting. Alt hjaa meg flyt utor mitt religiøse Grunnsyn: Heile Live er for meg Religion.

Eg skal no sea her i Blae greie ut um korleis eg trur, at eg i det sedelege Spursmaal er Læresvein hjaa Jesus. I. M.

____________