Ein stiftdireksjon

I Leikanger skulekommisjon vart dei samde um, at soframt foreldra ikkje sette seg imot, skulde abce-boka hans Austlid takast i bruk i skulen.

Kva gjer so stiftdireksjonen i Bergen? Jau han sender bod til presten i Leikanger, at han fekk sjaa passe paa, at abce-boka hans Austlid ikkje vart brukt i skulane.

Dei tre høgvise karane der burte i Bergen skal ha takk for dette verket! Det er slikt som skal til. Folk er liksom so seige av seg, at dei helder ber klaven, enn dei vil ha umak med aa kasta han av seg. Dei maa verta sinte, skal det muna noko. Og slik framferd gjer folk sinte.