Ein høgrepresident.

Det hev ingen trutt, at president Schweigaard (namnet skjemmer ingen; men mannen kann stundom skjemma namnet) var noken storhause.

Men vanlegt folkevit maatte ein venta av han, naar det ”inteligente” høgre valde han til président. Med røystemaaten sin i odelstinget, daa der skulde avrøystas um maalparagraffen, synte han, at han eig ikkje det eingong. Han nøydde dei til aa røysta yver eit brigdeforslag av Ullmann fyre komité-framlegget. Hadde det no høvt so, at Holsen, Andersen og Stav hadde gjenge med paa baae desse framlegg, so vilde den undarlege ting ha hendt, at det som fleirtalet heldt for det næstbeste (Ullmann sitt) hadde vorte lov, og det, som fleirtalet heldt for det beste, hadde vorte forkasta. Lukke i vannlukke var det altso for Schweigaard, at desse 3 oftedølane elder høgremennene tenkte som dei gjorde. No slapp han berre med ein protest fraa Konow og Ullmann.