Bora hol paa heilskaali.

Vaart aarhundrad heve seet mange rare uppfinningar; eimbaaten, jarnvegarne, telefon, melinitten, torpedoen, Suezkanalen, den transkaspiske jarnvegen og Eiffeltårnet.

Men inkje av dette gjev so høge tankar um menneskjeanden og so store voner fyr framtidi som alle dei framstig dei hev gjort lækjekunsti og serleg i aa heila sjukdomar ved aa skjera upp kroppen paa folk.

Lækjaranne he no gjort ende paa all verk. Æther, Kloral, Morfin, Kloroform, Cocain o. s. br. kann døyva den fælaste verk i ei snøggvenda, dei kann sage av bein, skjera i kjøtet, rispa i segar og nervor og sjuklingen kjenner inkjevetta, annat berre nokot kaldt, som rører ved honom.

No skurar lækjaren magen paa folk, nett som dei skurar eit fat elder ein saa. Lækjaren Terrillon synte nyleg fram ein mann fyr det medisinske fakultet i Paris, dei hadde borat hol paa magen hans 9 februar i vetter; matrøyret hans var tiltettat, so han ikkje kunde svelgja. So sette dei inn eit gummirøyr og ein gummisekk i holet paa magen og detta røyret gjekk ut tett ovanfyr magen og ende i ei trekt liksom. Her hellte dei tunn mat ned i magen og mannen livde med det.

Ja, dei gjer endaa snodigare ting, kann du tenkja. Dei skjer upp magen eit visst stykkje, dei tek burt ein barke elder ei lunga, eit nyra elder ei egglega, og detta gjer dei so snøgt, at det er fælt.

So tar vein ikkje undrast so fælt endaa, dersom det er sant det, som lækjaren Lucas-Chambrionnères heve skrivet aat det medisinske fakultetet i Paris.

Denne vitenskapsmannen segjer visstnog ikkje beintfram, at ein skal skjera hovudet av folk; men det er sanneleg ikkje so langt ifraa helder. Han segjer, at ein skal opna heilen paa dei stakkars folk, nett som ein tek upp ei klokka fyr aa sjaa, kvat som er ivegen og so reinska henne, um det trengst. Han segjer, at den fæle operasjon, som dei kallar trepanering, er so skuldlaus no, at dei skal bruka den raadi, sa tidt der er det minste vondt i hovudet paa folk.

Men trepanering er det same som, at dei borar laus ei liti rund skiva i heileskaali og tek av, so heilen vert berr. So kann vatn og ufriske ting faa avlaup. Men det grys likavel i deg, naar du tenkjer paa det; for heilen er so saart og fint eit stykkje av kroppen, at det dryp eit par dropar blod innanfyr heilehinna er det nog til aa drepa deg elder taka vitet fraa deg.

Trepaneringi er gamalt kjend; dei finn, at det heve voret gjort paa heileskaaler fraa forntidi, som ingi soga elder segn heve levt oss. Dei heve gjort det beint fram utan nokor lækjarkunst og det hjaa alle folkeslag, og trepaneringi er enno i bruk hjaa Kabylarne i vaare dagar. I fyrre aarhundrad brukad dei aa trepanera fælt myket, ja dei misbrukad det reint. So fekk dei mistru til det og heldt reint upp, til des lækjarne Broca Charcotz atter fekk liv i det. Men det var berre seet paa som ein fæl operasjon, som dei brukad naar alt annat var faafengt.

Lucas-Championnières trur ikkje, at ein tarv ottast trepaneringi lenger. 15 tilfelle heve det gjenget utifraa godt med – dei provar, at det er reint meinlaust aa opna heileskaali, naar dei brukar den antiseptiske-maaten, og det kann gjera store ting i mange tilfelle, aar alt annat vilde vera gagnlaust. Han trur, trepaneringi vil verta beste maaten til aa heila galskap, og ikkje det berre, men han trur det vil verta brukat myket fyr – hovudverk. Dei skal beint fram skruva galskap og hovudverken ut or heilen paa folk _ _ _.

Du skal berre sjaa, dei finn paa aa taka hjartat ut, naar det gror inne i feitt, til dess dei, fyr du vardest lærer aa gjera kunstige hjarto. (”Nord”).