Ullmann

gjorde eit gasta verk, daa han hadde protestmøte-saka fram i tinget

Ullmann gjorde eit gasta verk, daa han hadde protestmøte-saka fram i tinget. Der skal mod slikt. Det er ikkje berre fraa motparten ein fær høyre vondord og spott, den som vil tala smaafolks sak. Skal ein gaa ærleg og beinveges fram, so faar ein split-ord og vondord fraa sine eigne og. Det er ”uklogt” og ”unødig” og ingen ting aa by seg um og meir slikt.

Ein skulde tru, at vinstre hadde reinskat seg noko, etter den reinskingsfesten, som Johan Sverdrup heldt. Men der er nok mykje, meir enn mykje att. Kor skreik dei ikkje desse ”reine”, daa Johan Sverdrup leet arbeidaranne staa i portromet. Men no? Berre ein nakkerykk aat Ullmanns ”aabenmundethed”.

Ullmann sa i ordkastet, at han skulde ynskja, han var sosialist. Det var vakkert tenkt og modig sagt. Meininga er einast den: Han vilde ynskja, at ei løysing paa dei sosiale spursmaal var funna. Hadde han vore stød paa, at sosialistanne hadde den rette løysing, vilde han meir enn gjerne verta sosialist. For det var ein vakker tanke.