”Overstorting”

kaller Oftedølenne Vinstresamlage.

Ja gjeve det kunne vera eit ”Overstorting”. Det kunne væl trengjast, den Tid det er so smaatt Stell med det rette Stortinge. Men Oftedølenne, som nettupp likar den Veikskapens Aand, som hev kome inn i Stortingsmennenne, dei vil tyna Vinstresamlage. Det hev ikkje noko meir aa gjera no, segjer dei, sia Sverdrup hev naatt fram. No er det Sverdrupanne og Oftedal, som skal styra; dei hev ikkje Bruk for den, som ikkje vil lyda dei Karanne.

 

Me for vaar Del trur meir paa Vinstresamlage enn paa Stortinge, endaa me tykkjer, at det  helder ikkje er fullgodt. Det er ikkej noko heilt Vinstreparti lenger i Lande, men det er Oftedøler, Reine og Radikale. Skal ein semja alle desse, so blir det ingen Ting att; det blir eit veikt Program, det som alle kann gaa med paa. Me trur, at no i Valaare skulde det vera greidt aa havt eit reint radikalt Samlag til aa kunna agitera. Men korso vil me ikkje vanvyrda det gamle Vinstresamlage. Ein Ting er det daa greidt til: asa visa Stemningi i By og Bygd, so kvar Serflokk fær vita, kva han kann vona for seg.

 

No er nettupp kome ei Aarsmelding for 1887-88, der me fær sjaa, kva Samlage hev gjort. Og no her i Vika var det Aarsmøte i Kristiania.

 

Den fyrste Sak er um Parlamentarismen. Paa Aarsmøte i Trondheim ifjor gjorde dei dette Vedtake:

 

Repræsentantskabet, fastholder som første Opgave for Venstres politiske Virke: Hævdelsen av den parlamentariske statsskik (Flertalsstyret) og Kravet paa sammes Gjennemførelse.”

  

27 Vinstresamlag hev sagt si Meining um dette og alle samen hev gjenge med paa det, og det 6 i andre Ordelag og 1 (Hordafylke – S. B. - ) med noko Avslag. Hordenne krev, at Regjeringi berre skal vika ”for en Stortingsbeslutning, der maa opfattes som en Mistillidserklæring, og for en Opposisjon, der er enig og stærk nok til at kunne overtage Adminsitrasjonen”.

  

Paa Aarsmøte her no i Vika vart det mykje Snakk um kva ein skulde leggja inn i dette Vedtaket. Lindboe  vilde, at det beint fram skulde tyda Mistillit til Johan Sverdrup. Dette vilde elder torde mange veike Sjæler ikkje segja ja til, nei dette her var berre ei Uppmaning til Veljaranne um aa vera gløgge og passa paa, kva Slag Folk dei valde til Stortinget; og dei vart samstelte um, at kvar kunne røysta for det etter det, som han sjølv lae inn i det. Og soleis vart Vedtake slegje fast med 45 R., berre 3 var imot (Stortingsmennenne Skaar, Dugstad og Fløystad).

 

 


Frå Fedraheimen 03.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum