Vinstre i Kristiania

Vinstre i Kristiania hev sett upp aalmenn Stemmerett paa Valprogramme sitt. Daa burde dei vinne.

Berre Arbeidarane kom samstelte so. Johan Sverdrup hjelper til, med di han støyter dei ifraa seg og øser dei upp alt han kann. Styre for Arbeidarpartie og Sosialistane søkte Forsvarsdepartemente, der Sverdrup er Styrar, um aa faa halda eit politisk Folkemøte paa Tjuveholmen. Det kom eit kaldt Svar uta Grunnar attende um at Departemente ikkje kunne gjeva Lov til dette.

Statsministeren bryr seg nok ikkje noko um Dykk, Arbeidskarar. Men no skulde De vise, at De var god til aa tukte ’n og støytte ’n ned fraa Høgraadstrona si.

Lærarane og Skuleloven.

Mest allstad er Fleirtale av Lærarane imot den nye Skuleloven. Iser likar dei ikkje, at det er Foreldra som fær Magta til aa setje Lærarane inn i og ut av Postane. Dei trur, Prestane og Stiftsdireksjonane hev betre Vit paa dette.

Lærarane maa ha daarleg Samvit, dei trur seg ikkje sopas, at Foreldra skal taka dei for gode, og dei er rædde, at dei for snart kann bli avsette, naar Foreldra fær Magta, dei som jamt kan hava Tilsyn med, korleis Skulen blir driven.

Daa er Presten lettare aa stelle seg med. Det gjeld berre aa lata vera Motmæle mot det han segjer og so aldri so lite Kruping og Smeikjing der, so gjer det ikkje so mykje, um Læraren er noko slurven av seg i Skulen. Han fær gode Attestar og betre Postar. Det er ogso greidt, at paa Møta torer mange Lærarar ikkje tala ut si Hjartans Meining, men lyt stemme, som Prestane vil ha det.

No skal me vaage, at Jacob finn paa den Grunnen til aa tyne Skuleloven, at Lærarane ikkje vil ha’n. Likesom det er dei, som det kom mest ved, korleis Skulen er laga og ikkje Foreldra og Bonna sjølve. Paa same Gjerda som no Regjeringa hev sett ned ein Komisjon av gamle Departementsmenn til aa granske, um der kunne gjeras billigare Arbeid i Departemente.

Skulen er til Livebrød for Lærarane og Departemente for Juristane og Soknekalla for Teologane, det er den byraakratiske Tankegangen. Bonna, Skatteytaran og Kyrkjefolke blir det ikkje spurt so mykje etter, Dei greider seg nok sjølve. Dette er Arven, som Johan-Jakob hev fraa sine Fyregangarar. Og dei verjar um den Arven.