”Formelig Tillitsvotum”.

Det var Thinge i 1886, som leet Sverdrup sleppa ifraa Protokollen av 15de Mai; men det totte me var godt gjort den Gongen.

Dei fleste trudde paa Sverdrup endaa. Han var den, som samlad oss mest og skilde oss minst, um han hadde gjort eit Mistak eller tvo, kunde det likevæl ikkje vera Tanke um aa kasta Mannen. Det vilde vera aa gjera um inkje alt det, som var vunne i den lange Strid, og dyrt vunne er kjært, veit me.

Men Protokollen av 15de Mai var leid. Det gjekk ikkje an aa la Sverdrup og hans medskyldige sleppa reint ifraa det. Dertil var Saki for stor og Mistake for grovt, Thinge maatte tala og tala aalvorlegt.

Det var eit Mistillitsvotum, Styre maatte ha; men daa me ikkje vilde ha noko nytt Styre heller, maatte det vera eit Mistillitsvotum, som Sverdrup kunde bli sitjande paa; det var det, som var det vrange.

Aa finna ei Form for eit slikt Votum saag raadlaust ut. Johan Sverdrup var ikkje den Mann, som vilde bli sitjande, dersom han fekk eit vondt Ord, det visste me; Formi maatte altso bli svært fin, og endaa skulde det vera Mistillitsvotum i Grunnen.