”Charles Darwins Liv og Breve”

heiter ei Bok, som hev byrjat aa koma ut i Bibliothek for tusen Hjem. 1ste Heftet er komet.

Endaa Darwin visseleg er den største Naturgranskaren i dette Hundradaar, og endaa han hev havt større Innverknad paa Tankarne i Tidi enn nokon annen, er det svært so lite Folk flest kjenner til Læra hans. Dei nøgjer seg vanlegt med aa vita, at det er han, som hev sett fram Paastandi um, at Menneskje er ættad fraa Apekatten. Dette trur dei, han hev sagt, og so vil dei ikkje ha meir med den Karen.

Difor bør dei ha Takk og Ære, dei, som gjer sitt til, at han og Læra hans vert kjend. Det er reint som ei Høgtid aa faa setja seg til aa lesa alt det merkjelege, han hev funnet fram i Naturen og sjaa, korleis han dreg ut Lovar, som ingen fyrr hev vaagat leggja iveg med, men som ein ser so greidt og klaart, at ein vert yvertydd um, at dei er sanne. Læra hans Darwin hev gjevet Naturlæra og dermed Aandslivet i Tidi ein heilt annan Skapnad, ei heilt annar Form. Difor er det ogso berre eit endeframt Krav, at kvart upplyst Menneskje skal ha litt Kjennskap til ho.

Her er ikkje rette Plassen til aa koma med ei Framstilling av, kva ho gjeng ut paa, og kva ho fører til. Dei, som hev fylgt ”Fedraheimen” vil dessutan hugsa, at han fyrr hev havt ei gild Skildring av ho, skrivi av Forfatteren til ”Heimssaga”.

Meiningi mi er berre aa peika paa den nemnde Boki. Ho inneheld ei Skildring av Livet hans Darwin og ei Mengde Brev fraa han. Desse Brevi vedkjem Uppdagingarne hans, so at ein fær god Greie baade paa det eine og andre, endaa Boki ikkje er Framstilling av sjølve Læra.

Boki kjem ut i 14-15 Hefte til 30 øre. I England kostar ho 36 Kronur, so ein kan skyna, ho er framifraa billig her. Umsetningi er god, og fyrr ho gjeng til Prentnings, vert ho gjenomsedd av ein av dei dugelegaste Naturgranskarane vaare, O. Johan-Olsen, som fyrr hev skrevet ei liti greid Bok um Darvinslæra, ei Bok, som berre kostar 30 Øre.

St.