Tri nye Statsraadar.

Lenge leita han Johan etter Emningstre til den meielause Sleden sin.

Han flaug og spurde seg fyre baade til Høgre og Vinstre.

Og endaa var han ikkje vandare paa det, enn at han stod og kytte av, at han ikkje leita nokon Stad der, men berre gjekk etter alle Grenseskjel. Men dei er so vante med det no Tingmennene, at Johan gaar fraa det han sjølv gjer, at dei berre lo. Dei visste fullvæl, at han hadde spurt Høgremennene Amtmann Arneberg og Departementstyrar Olai Olsen, og den reine Vinstremannen Blehr – men alle hadde halde seg forgode.

Han heldt paa lenge og stauka med Berner; men jamvæl Berner var so greid, at han ikkje vilde vera med, so lenge Jakob sat i Regjeringa. Jau ein Gong sae han, at han likevæl kunne gaa med, soframt han fekk Blehr til Fylgjesmann. Dette tok han elles i seg att. Soleis kom det daa ogso Spurlag til Blehr. Same Svare: slepp Jakob ut elder stell Dykk etter det reine Vinstre paa einkvar annan Maaten.

Dette gjekk ikkje.

I si verste Naud fekk so Statsministeren sendt Bod etter Liestøl. No ligg alt i di Haand, sae han, blir no du med, so kann alt bli godt, og det kjem Vinstremenner i Raade. Men segjer du og nei, so lyt du taka Andsvare for, at heile Ministerie gaar av, og det kjem eit Høgrestyre i Staden imorgo.

Liestøl vart rørd ved desse Orda, han er ein snild Mann, og sae ja. Dagen etter trega han det som han hadde gjort, men daa sae Gamlingen: no er det for seint, no er du bunden. For strakst han fekk Samtykkje hans, strauk han upp til Kongen med Lista, og Dagen etter vart det nemnt ut tri nye Statsraadar:

Sorenskrivar Walter Scott Dahl, Styrar for Indredepartemente.

Lensmann Lars Knutson Liestøl, Styrar for Revisjonsdepartemente.

Premierløytnant, Amtsinsjinør Oscar Jacobsen, Styrar av Departemente for offentlegt Arbeid.

Den siste Mannen er ikkje kjend i Politikken av anna, enn at han er Bror av Albert Jacobsen. Han var millom den Flokken, som ikkje vart med Vinstre fyrr enn i 1884, daa Regjeringa vart Vinstre, so han visst maa vera ein leug Kar, som nok Jakob kann bruka.