Vriding.

 

Dagbladet  vil vrida burt desse Ordi til Steen og segjer, at dei berre galt den politiske Situasjon i det heile og ikkje Spursmaalet um Jakob Sverdrup skulde ut.

 

Likesom um ikkje dette Spursmaalet vedkom den politiske Situasjon!

  

Likesom um ikkje dette Spursmaalet hev voret den einaste politiske Situasjon for Dgbl. no mest i eit halvt Aar!

 

Men det lydest so paa Bladet no, som um Steen sjølv skulde trega paa dei Ordi.

 

Lat daa Steen segja det greidt ut sjølv.

Tru Quam  og Sparre  ogso tregar? Me vil vona det, no naar dei ser Fylgjurne. Men dei tregad ikkje endaa, daa Trondheimsmøtet var. Dei forsvarad der, at dei hadde tagt. ”Situasjonen var den, at intet kunde gjøres”, sagde Quam. Han vilde i det lengste ”have det Haab, at Nødvendigheden af, at en Forandring sker, gaar op for Ministeriet selv, saa at Stortinget ikke behøver at gjøre noget”.

 

No hev han væl vortet brend for den Voni.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum