Ullmann.

 

  

Um § 100 i Grunnloven er det sagt, mill. a. av Johan Sverdrup, at um ei Regjering tok fraa oss all annan Rett, men leet § 100 staa, skulde me endaa klara oss; med den frie Presse til Vaapen skulde me snart ha vunnet att alt det, dei hadde teket fraa oss.

 

Statsraad Sørenssen braut Loven, sjølve Grunnloven, og det sjølve § 100, den Gongen han polititok ”Albertine”. No er det Odelstinget, som skal vera etter slikt, og passa paa, at Styresmagti held seg til Loven; det var also greidt, at naar Sørenssen hadde forbrotet seg mot § 100, so vilde Tinget krevja han til Rekneskap for dette.

 

- Tinget sagde. Det kravde ikkje Syndaren til Rekneskap; endaa daa Sørenssen stod der uppe og gjorde seg til av, at han hadde voret so djerv til aa svinga Lovens Sverd, tagde Tinget Menn. Dei er valde til aa vaka yver Loven, men leet Loven sova.

  

- So er det Tinget sjølv, som vert kravt til Rekneskap.

 

Her um Dagen , i Albertinemøtet, var det ein, som interpellerad Ullmann; han var ein av dei kaarne Menn; kvi hadde han tagt til Sørenssens Grunnlovsbrot?

  

Daa svarad Ullmann:

 

Me leet Regjeringi sleppa, fordi me hadde Tillit til Høgsterett.

 

Høgsterett vilde bruka si Domsmagt rett; so fekk det vera det same, um Regjeringi misbrukad si Tiltalemagt.

 

Vake som Ørnen um sin Yngel” skulde dei kaarne Menn vaka yver, at Regjeringi foor lovlegt aat. Ullmann sit i Tinget og hev den Trui, at Regjeringi hev faret ulovlegt aat; men so lett som han hev for aa snakka, tigjer han til det, og naar so Folket krev han til Ansvar for dette, svarar den kaarne Mannen, at – me hadde Tillit til Høgsterett!

 

Den kontrollerende Magt” liter paa, at Høgsterett skal kontrollera. Regjeringi hadde brotet Loven ved utan Grunn aa draga ein Mann for Retten; - lat so Retten døma! sa Ullmann. Er Mannen for Retten, so er han i gode Hender! – der er ikkje meir aa gjera ved det. –

 

- Deretter heldt Ullmann sin vanlege Skaaltale for Arbeidarsaki, tok som vanleg Applaus for den, og fekk dermed det truskyldige Folket til aa gløyma baade § 100 og Odelstinget.

 

Arne Garborg.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum