Sjølve Styresgjerdi er for gamal.

 

Den andre Grunnen til den veike Moralen hjaa vaare politiske Menner finn me i sjølve Styresgjerdi vaar. Ingen Ting gjeng beintfram, men indirekte, krokvegjes, manghendes, gjennom alle mogelege Millommenner, so friske Tankar vert gamle og graa og heiltut mosegrodde paa denne lange Vegen millom Folk og Konge. Fraa den Tid eit Krav vert reist ute i Folket og til det kjem att som Lov, drygjer det heile Ævur, og det vert øydt upp Blek og Papir i haugevis. Me hev eit fælt tungvint Styringsverk. Det er den ”lutrede ” Folkevilje, som skal koma fram, er det sagt. Men denne ”Lutring” vert helder ei Utluting enn ei Skiring og Greiding. Dei er likeso leide desse ”Skiringseldarne”, eit norsk Folkekrav skal pinast i gjennom Komisjonar, Regjering og Storting, som dei Eldar Sjæli aat Katolikkarne hev aa røynast i, fyrr dei vert reine nok for Himmelen. For alle held det for si Plikt aa glasøyga og glo og glefsa, meinka og mana, vreista og vrida elder i det minste stagga og styvla elder døyva dei nye sprettande Runnar, som gror i Folket. So at ein reint maa bruka Magt og Trugslur, skal ein faa noko fram.

 

Og ingen Stad er det aa finna personlegt Andsvar, alle skyt det fraa seg, der er berre Millommenner – det er endaa den sjuende Faren i Huset, som styrer Noreg, han i Hornet paa Veggen.

 

For det fylgjer med alle vaare politiske Institusjonar likesom ein Arv og ein Tradisjon fraa Einevaldstidi, at dei som er med i Statsmagterne, fyrst og fremst skal vera ”konstitusjonelle Garantier” og berre skal sitja og gjæta um nasjonale Heilagdomar, Kongemagt, Union, Grunnlov, Statskyrkje o. s. fr., at dei ikkje skal taka nokon Skade nedanfraa, det vil segja ifraa det suveræne Folk, medan dei toler alt mogelegt ovanfraa, soleis vart det ikkje sagt eit einaste Ord i Stortinget, daa Regjeringi gjekk utum Grunnlovens Ord um det frie Ord og tok ”Albertine”, elder um Hevding av Parlamentarismen i Kyrkjesaki.

  

I Staden for at Repræsentasjonen og Styresmagterne skulde vera Organ for dei nyskapande Krefter i Folket er dei Sugerøyr til aa tæra ut Landsens aandelege og moralske Kraft.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum