Raadbøter.

 

 

 

Ein lyt hogg’ av Hel og sneid’ av Taa, skal ein faa Gullskoen paa. Ein lyt taka av paa Lønerne i dei store politiske Embætte, so at Rikslivet vert meir enn eit Forsikringsselskap, so at det krevst Ære mest og so Arbeidstrong til aa vera med der og det ikkje vert Pengespekulasjon for sløge Hamløypur. Mest Grunn er det til aa setja Statsraadslønerne ned noko, og daa Statsministarens aller fyrst. Dinæst taka burt Konge og Union, setja av Prestemagti som Statsmagt, hava eit folkevalt Statsraad, knipa inn Magti aat Stortinget og gjeva ho aat Bygde- og Fylkjestyringi, hava meir endeframe Val og lata Folket sjølv avgjera dei store Saker utan Millommenner.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum