Nye Grunnar.

 

(Brev fraa Hardanger).

 

 

Det var berre noko eg vilde fortelja deg. Du veit, at i Ullensvang hev voret eit Maalkursus i Sumar. Eg var der eg og. Me hadde Samtalemøte baade ei og tvo Gonger for Vika. Eg vil ikkje nemna stort av, kva me snakka um. Det er berre ei Sak eg vil nemna: Kiellandssaki og noko fraa den. Me snakte um den, ja. Sume for og sume mot, kann du skyna. Stortingsmann Skaar var og med. Han snakte noko tilslutt, eg vilde lata Fedrh. vita. Han sa umlag so: Naar dei i Tinget ikkje gav Kielland Diktarløn, so var det ikkje so mykje for hans religiøse Meiningar (at han varFritenkjar altso), som for at han ikkje var stor  nok Diktar. Kielland var i Samanlikning med Bjørnson svert liten. Og det  var for mange ein vegtig Grunn til ikkje aa gjeva han Diktarløn.

 

Skaar sa meir: ”Det vilde koste os (i Tinget) stor Overvindelse ikke  at stemme for Gage til Bjørnson!” Og;

 

Der gikk som et Vemod gjennem Forsamlingen (Stortinget), da Bjørnson frasagde sig sin  Gage!” -

  

Lyg eg i dette, som eg hermer, fær Skaar retta paa det. Eg noterte det med det same – for eg tykte det var nytt, sumt av det daa. Og særleg det um ”Kiellands Ubetydelighed”. Det Verset hadde ikkje stadet i Visa fyrr, so vidt eg veit daa.

  

Skal tru det var ikkje paa ”Fritenkjarskapen” hans Kielland dei hadde ridet fyrr? Daa dei ordskiftad – meiner eg.

 

Eg høyrde ein, som hadde høyrt dette segja: ”Slikt er Utflukter!” Men det torer no ikkje eg”paa-staa”.

  

Skaar heldt nokre Fyredrag um det ”nasjonale i vaart Land”. Og det maa eg segja eg likad mykje av. ”Kven kann venta, eg sku’ lika alt, eg høyrer”, sa Mannen.

 

Han Skaar snakkad um Maalsaki og, kann du vita. Og daa sjølvsagt um Ivar Aasen og Vinje. Det han fortalde um Vinje var regtig morosamt. Og eg trur me vil minnast det lenge. Um Aasen fortalde han og. Og det var ogso gildt. Eg sat berre og ventad, at han skudle koma med noko um Garborg, eg. Men nei. Han vart ikkje nemnd. Det vart uppreknad nokre Innlegg i Striden um Maalsaki. Det var no det, Aasen hadde skrivet og so det Chr. Bruun hadde sagt i eit Studentarmøte, og so var det eit tridje. Eg kann ikkje hugsa, kva det var for eit; men Garborgs  var det ikkje.

 

Eg tenkte: no nemner han væl, at Garborg og hev skrivet noko um Maalsaki. Men nei, det vart ikkje sagt. Daa visste eg ikkje – um eg skulde tru, Garborg var slik ein hæv Kar, som dei skryter av mange.

 

- Elder kannhenda det er vortet til det, at det er ufint  aa nemna ein som hev skrivet ”Mannfolk”? – so offentleg daa?

 

Det skal undra meg, um det ikkje var so, daa Vinje livde og, at det i ”fine Cirkler” var ”upassende hans Navn at nævne”. Men slikt er væl mykje av det gode. Um ein er ueinig med Garborg i mangt og mykje, so maa ein daa likevæl kunna segja, at han i det minste høyrer til Maalmansflokken, tykkjer eg daa; men det er vel berre eg, som tykkjer so. – Elder kanskje Garborg er so ”ubetydelig”? Ja, eg veit ikkje kva eg no skal tru.

 

- Ein kann vel ikkje venta aa faa Garborg nemnt i Selskap med Vinje, Aasen, Krohn, Bruun, Unger og alle desse, som i ”Vækkelsestiden” var med. Nei, nei, kann so vera det.

 

Men naar ein held Fyredrag um Maalsaki – maa ein vel kunne nemna Bevægelsens første Mand, skulde eg tru.

 

Den 15-10-87.

 

Samse Tveit.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum