Maten er Mannen.

 

Den eine av Grunnarne til, at vaart politiske Liv demoraliserar elder gjer Folk andsvarslause, er dette, at vaare politiske Embætte er Matpostar. Og her i dette Landet, der det er so trongt um Føda, vert so mange freistad til aa setja Maten fyrst og Moralen sist. So at det aa vera ærleg mot seg sjølv so ofte vert det same som aa missa Underhaldet sitt av Statskassa. Og Stordelen av Folket held det mest for den einaste fulltrygge Liveveg aa faa mjølka Statskassa. Andre Næringsvegjer trur dei ikkje løner seg stort. Desse krev og so mykje Arbeid og so mange Tiltak, som dei er for late til. Dei finn det meir lettvint og lønsamt aa løysa nokre Blad, sitja i Sofakroken og grunda paa ”den politiske Situasjon” og so lata snilde Hender bera seg inn aat Fanget til den hjelpesame Statskassa, som nok vil forsyrgja ein til Døydedagen, naar ho fyrst hev lagt Mor-kjærleiken sin paa dei. Det gjeldst berre, at ein steller seg rett.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum