Litt av Kyrkjesoga, mest um Tiend og Hovudtiend.

 

(Del 5 av 6. Fyrste del.)

 

(Av Olav Sveinsson).

 

 

V.

 

Vaare Frendar, Islendingarne, tok Tienden eit Tjug Aar fyrr dei tok den her. Det gjekk for seg utan noko Uppstyr. Hjaa Islendingarne var Kyrkjefolket ikkje noko Samfund for seg sjølv, utserat fraa det hitt Folket. Sitt Presteskap og Munkestell hadde dei som andre, men Kyrkjemennerne livde meir samen med heile Folket der enn i dei hine Riki, der som Kyrkja var eit meir utskilt Samlag, med eit sers Styre og eigi Magt, som tidt kom paa Kant med Statsmagti. Etter at Islendingarne hadde teket Kristentrui, so skipad dei Kyrkjestellet i Likning med den Lagingi, dei hadde i Heidenskapet, daa den, som var Heradshovding ogso var Avgudsprest. Mange av dei gamle Godar lærde seg til Prestar og sat og raadde og styrde som fyrr i Heradet sitt. Dei kostad sjølve upp Kyrkjur paa Gardarne sine, lagde av si eigi Jord til og var soleis baade Hovdingar, Prestar og Kyrkjeeigarar i eit og jamt lærde dei upp Sønerne sine til aa taka Embættet etter seg, naar dei sjølve gav upp elder døydde. I det heile kann det segjast, at den islandske Kyrkjeskipnad i mangt og mykje var ei Semje (Kompromis) millom det Heidenske og Kyrkjelege. For aa øsla so mange Hovdingar som mogeleg til aa byggja Kyrkjur, so forsikrad Presteskapet dei, at kvar, som bygde ei Kyrkje vilde i Himmeriket kunna krevja Rom for likso mange Menn som Kyrkja hans rømde.

 

Hovdingen Gissur kvite, som var skyld Olav Haraldson paa Morsida, var ein av dei som fekk telja Folket til aa taka Trui. Han sette Son sin, Isleiv, i Prestelære i Saksland. Seinare so vart han vigd til Bisp yver Island og sat soleis som Kyrkjehovding paa Skaaleholt, Garden sin. Sonen hans Gissur, som ervde Embættet etter Far sin (han vart av Hovdingarne vald til Bisp) var aattaat Hovding for heile Landet og var soleis baade kyrkjeleg og verdsleg Konge. Han var so høgvyrd av Folket, at han mest fekk dei til, kva han vilde.

  

Han var det, som fekk inn Tienden. Fyrst raadlagde han seg med andre gjæve Menn blant andre med Sæmund  Prest fraa Odda, han som er so namngjeteten av Boki den eldre Edda, som dei ei Tid trudde at han hadde sett i hop. Denne Sæmund skal endaa paa Morsida hava Ætti si fraa Telemarki. Mor til Bestemor hans, Helga, skulde vera Dotter aat Tinndølen Torgeir Aasgrimson. Denne Sæmund og ein gjæv Mann til hjelpte Gissur og fekk Folket til aa godkjenna den Loven, at kvar og ein skulde vera skyldug aa svara Tiend av all si Eige og lovlege Inntekt. Gissur og Sæmund var baae lærde i Saksland og dei tok den Deling av Tienden, som var fraa Karl den store. Etter denne Loven vart det kvar Haust lyst til Møte i kvar Heradskrins (Hreppr, ein Rote paa 20 Uppsitjarar). Der var dei alle skulduge aa møta fram og gjeva upp kva dei aatte og avlad og so gjera Eid paa, at dei gav upp rett. So vart der valt fem Mann til aa likna og skifta Tienden ut.

 

At Islendingarne fyrst tok Tienden, det gjorde vist sitt til at dei tok den her og. Sigurd Jorsalafarar fekk Bispen i Nidaros Simon til Hjelp for aa faa Tienden inn og det gjekk, som det synest utan vidare Motstand. Noko helpte vel det og, at dei vart fri for Hovudtiend og Reida til Bisp og Prest der, dei tok Tienden.

 

Upptelemarkingarne maa vist hava bodet imot denne nye Avgift, for dei hev aldri havt Tiend og hev den ikkje den Dag i Dag. Um dette hev batat dei noko er eit anna Spursmaal. For Prestereida og Hovudtienden, som dei hev istaden, er vist ikkje det Grandet mætare. I gamle Skrifter hev Upptelemarki eit sers Namn, Skattlandet, fordi dei der ”i staden for Leidang og Tiend svarar aarleg Skinnskatt”. Nedtelemarki heiter derimot Tiendetaket, fordi dei ”likt med andre svarar Leidang og Tiend”.

 

Tienden var lagd paa dei tri Livevegjer: Aakerbruk, Feavl og Fiskeri. Korntienden lagde dei paa Aakeren, tiande kvart Bandet, Fisketiend var tiande kvar Fisken, som var upphengd til Turking, Fetiend var tiande Luten av det som vart fødd i Buskapen. Dei, som ikkje greidde den kvart Aar, laut bøte i Gulatingslaget 3 Mark fyrste, andre og tridje Aaret. Fjorde Aaret skulde Eigedomen gange til Erkebispen. Likeins var det i Eidsiva og Frostatingslag anna det, at Eigaren attpaa vart lyst fredlaus det fjorde Aaret. Dei tok same Delingsmaaten her som paa Island, den eine Fjordedelen til Bispen, den andre til Presten, den tridje til Kyrkja og den fjorde til dei Fatike. Denne seinste kallad dei ”Bondeluten” (Bondahlutr), fordi at Bønderne styrde og stelte med den sjølve.

 

Yverbispeembættet, som Sigurd hadde svoret aa laga, vart ikkje noko, medan han livde. Men væl eit Tjug Aar etter han var daud, kom det ein Sendemann fraa Paven, Nikolaus Brekspir, her upp for aa greida noko paa Kyrkjestellet, so det kunne faa den Gjerdi, som Paven vilde, det skulde hava. Det var ein Engelskmann, som fraa Tiggar hadde kravlat seg upp til Kyrkjehovding (Kardinal). Han fekk laga baade Yverbispestolen her og meir til, so Grunnen til Presteveldet var lagd, innan han foor att. Der vart sett eit Riksmøte elder Kyrkjeting i Nidaros. Der møtte baade dei tri Kongarne, me hadde daa, og alle Bisparne og dertil ei heil Tylvt kloke og vise Menn fraa kvart Bispedøme. Her vart det daa avgjort, at Noreg skulde faa sin eigen Yverbisp. Han vart vald og vigd med det same, Jon Birgerson heitte han. Skalden Einar Skuleson møtte ogso fram etter det dei trur, med Kvædet sitt ”Straala”, som han hadde diktat til Ære baade for Heilag-Olav og den nye Storbispen. Det var paa 68 Vers, som dei no finn lite i, men som dei visst i den Tid fann framifra, daa Diktet vart mykje avgjort. Her er eit av Versi til Jon (umsett):

  

Jon, deg no alle kallar,

Hovud for all Prestelyd,

Fram til deg eg ber eit Kvæde,

Lyd paa Songen eg deg byd!

Me deg prisar, lyfter Hendar,

Av Solkonung fagre Ven,

Der no heilag Konung kviler,

Kyrkja fram i Heider renn. -

 

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum