Kven hev Skuldi?

 

Eit Blad fortel, at Kongen heldt ein Tale i Statsraadet og sagde, at det var ingen Grunn til aa byta Statsraad, daa det, han hadde, var valt millom dei som var gjævaste i Stortinget, og endaa hadde ikkje Tinget gjetet eit mislikande Ord um Styret. Tvertimot hadde Føraren i Stortinget sagt, at den Saki, som det her galt, Kyrkjesaki, ”berører ikke den politiske Situasjon”. Ein fekk drygja med aa skifta, til dess ein saag, at Stortinget vart misnøgd med den Styringi, som er.

 

No maa me segja det, at hadde Jakob og Johan Sverdrup voret fullgode Karar med sterk og stød Ærekjensle, so hadde dei sagt farvæl korso, naar dei fekk slikt eit snubbe nei paa Bedlingi si for ei Hjartesak.

 

Men det som studde dei i Vesalldomen var, at dei meinte, Tinget ser meir paa Person enn Sak, so det ikkje vil brjota Venskapen berre fordi, at Ting og Styre hev ysme Meiningar. Hadde endaa Tinget tagt um den ”politiske Situasjon”, so kunne ein endaa sagt, at naar Nordmannen tegjer, so er det fordi han furtar. Men so var det Ulukka, at Føraren for Vinstre kom fram og sagde, at dei ikkje vilde furta ein Gong, korleis det so gjekk. Og han vart ikkje motsagd. Ikkje Konowarne, ikkje Ullmann elder Quam, ingen bar fram Parlamentarismens Krav. Og Sivert Nielsen og Bønderne? Nei dei gjekk berre og murrad med seg sjølve og hadde ingen Øverland lenger med seg, som kunne gjeva Hovdingen Mot.

 

Dei gjorde galet alle saman og synte liten Dugleik og lite Skyn for kva det galt.

   

Dei hine gjorde galet med det dei tagde.

 

Men galnast gjorde han som talad, Rektor Steen.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum