Kva er Grunnen?

 

 

Det er daarleg moralsk Luft i det politiske Livet vaart. Og det vert meir og meir usunt, til høgre ein kjem til Vers.

 

Mest alle, som hev det minste aa gjera med Politikken vaar, kjem inn i den Skoddeheimen, som viller Sansarne og døyver dei moralske Kjenslur. Folk, som hev livt ein Mannsalder i vaart politiske Liv og gjenget igjenom alle Stellingar fraa dei lægste til dei hægste, dei vert snaudt til aa kjenna att. Dei sjølve veks ned, ettersom Løni og Stellingi veks upp, og dei vert tilslutt standande att som eit avbarkat Tre, morkne og myglad, avskrøyvde baade for Dyrd og Drustleik.

 

Berre ein Mann vert talad um som Valmansemne, kjem det strakst eit visst ustødt Lag ved han, so at han er ikkje plent den same som fyrr. Kjem han so langt som til Stortingsmansemne, er han ikkje heiltut aa lita paa. Hev han so voret i Stortinget nokre Aar, vert han snart kvitt sine serskilde Meiningar og tenkjer mest paa aa tekkjast Veljaranne sine og vert lettvint til aa gjera Avkortar med seg sjølv.

 

Vert han so nemnd som Statsraadsemne, hev han eit Dubbeltspil aa føra millom Konge og Storting.

 

Og vert han so endeleg Statsraad, daa er det fire Vindar han maa andøva seg imillom til aa halda seg paa Vaglen. Det er Konge, Svenskar, Storting og Folkevilje.

 

Kva vert det so att av Mannen sjølv?

  

Han vert væl ikkje anna enn ein ledelaus Stake med Mundering paa.

 

Kva er Grunnen til dette?

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum