Kristiania, den 28de Okt.

 

Albertinemøte. 800 Mann møtte igaarkveld og var harme, fordi at Grunnloven og Folks sunne Sans ikkje vert sett høgre enn nokre gamle Kriminallovar. Jeppesen, Ullmann, Krohg m. fl. talad. Imot 10-20 Røyster vedtok Møtet:

 

1. Det har vist sig, at Kriminallovens § 3, 8 Kap. staar i Strid med den Frihed, som Grundlovens § 100 hjemler norske Borgere til i Skrift at sige sin Mening, og vi henstiller derfor til Odelstinget at tage Forføining til at saadant Misforhold i vor Lovgivning fjernes. En Gjenpart af denne Resolution tilstilles den kgl. Straffelovskommission.

 

End videre opfordrer Forsamlingen alle frisindede Foreninger til at give denne Resolution sin Tilslutning.

2. Da udover Landet Tusinder paa Tusinder, Kvinder som Mænd offentlig paa Møder og i Pressen har erklæret, at de fandt at ”Albertine” ikke stødte an mod Sædelighed, og da vor i Grundloven hjemlede Trykkefrihed ved Høiesteretsdommen over Krohg er blet en blot og bar Talemaade, - tror vi at udtale disses Mening, naar vi, idet vi peger paa Grl. § 100 ”Trykkefrihed bør finde Sted”, nedlægger en energisk Protest mod Dommen.

 

 

Dagsposten”, ”Stavangeren” og ”Tunsbergeren”  og kanskje fleire reine Blad hev teket upp Garbrogs Savalbrev i danskUmsetjing.

 

Finst det ikkje Skam helder i Dykk daa?

 

Fraa fleire Kantar av Landet fær me Takk, fordi me hev Mot til aa segja Sanningi og hevda ein fullgreid Unionspolitikk.

 

Dagbladet  og  Verdens Gang torer ikkje nemna det, enn segja taka noko upp av det. Thommesen skal no halda seg Godven med Bjørnson han maavita, so han væl snaudt torer taka eit norsk Stykkje inn i Bladet.

 

Og Svenskestøkken hev dei mest alle.

 

 

Ulovlegt. Byfuten i Breivik (Livius Smitt), Larvik, Drammen, Drøbak m. fl. hev forbrotet seg mot Grunnloven. Dei hev nemelg gjort ”Husinkvisisjon” etter Verdens  Gang.

 

Departementet vil nok krevja dei til Rekneskap.

 

 

Prostitusjonen. Statsministar Sverdrup hev lovat aa gjera sitt til aa faa burt Prostitusjonen. Men daa ingen endaa hev set nokor Gjerd i so Maate, laut ”Sædelighedsforeningen” senda honom ei Minning att her um Dagen.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum