Jakob og Johan.

 

 

Jakob Sverdrup maa ut, segjer dei reine.

Men naar no Johan Sverdrup og hev same Meiningarne, spyrr Jacobsen og Oftedølerne, kva gjer De so med han?

  

Jakob Sverdrup maa ut, svarav Erik Vullum --- Johan, at han ikkje er den han er, støyter han ikkje Jakob ut. Det er berre, um Jakob vert sitjande, at Johan ogso skal ut.

 

Oftedølerne hev Rett. Skal Jakob gaa, so maa Johan fylgja, daa han hev sagt, at han vil hava fyrste Andsvaret for Kyrkjesaki.

 

Men dei reine hev ikkje Mot og Greidleik til aa tenkja og tala heilt ut.

 

Det var Fedraheimen, som her talad fyrst, og so kom Lindboe  paa Trondheimsmøtet etter.

 

Rædsla for aa tapa, Rædsla for aa vera i Mindretalet!

  

Det er Johan Sverdrups Aand, som endaa gjeng att i dei alle.

Men Johan sjølv er no teken av ein annan Aand, Jakobs Aand nemleg, han som er likesæl, anten han dett elder stend, som er like kaut, anten han hev Fleirtal elder Mindretal med seg.

  

Men er ikkje slikt daa ”upp til fornæm og nedatt til Fant”?

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum