Boksjaa.

 

 

Mode- og Dragtreform. Tre Foredrag af Prof. L. Dietrichson. Cammermeyer. Kr. 1.50.

 

Det er ikkje ofte, ein fær Tak i ei so trøysam Bok som denne. Ho er likso gild og spennande som ei god Forteljing. Prof. Dietrichson hev ei fælande lagleg Maalform og Emnet er av det Slaget, som alle tenksame Folk hev ofrat ein og annan Tanke. Fyrst gjev han eit Umsyn vyer Motedaarskapen like fraa Adam og til vaar Tid, so syner han korleis Motarne i vaar Tid hev komet og kjem upp, og endeleg fortel han um, korleis Pavar, Prestar, Keisarar og Kongar utan Nytte hev stridt for ein meir høveleg Klædebunad.

 

Det er forvitnelegt aa lesa alt dette paa same Tid som det er sorgsamt aa sjaa, kor lite Folk hev brydd seg um aa klæda seg naturlegt, naar Moten meinte noko anna, og paa den Maaten øydelagt baade Helsa aat seg sjølv og Etterætti. Professoren meiner, at den einaste Botevoni mot Moteguden er, at Kvendi lærer seg til aa arbeida. Arbeidet krev Utvikling av heile Kroppen og soframt Vyrdnaden for Arbeidet treng gjenom, fell dei unaturlege Motarne burt av seg sjølve. Dette er visseleg so sant som det er sagt.

 

 

Kaptein Jackobsens Reiser  til Nordamerikas Nordvestkyst 1881-83. Umsett fraa Tysk ved I. Utheim. Cammermeyer. Hefte 1 og 2. 

 

Denne Boki ser ut til aa verta overlag gild og trøysam, daa det er den einaste Reiseskildringi, me hev fraa den Kanten av Verdi og daa ho er utstyrd med mange gilde Kart og Bilæte. Ho kjem ut i 6 Hefte til 50 Øre.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum