[Ymist.] Mor mi

 

 

høyrer med til den Flokken, som ikkje hev kunnat skriva Brev. Det var den verste Plage i Verdi aa skriva Brev. Ho vilde mykje fyrr skura det store, vide Golvet vaart heime tri Gonger i Vika og syngja attaat, enn ho vilde taka seg paa med Brevskriving. Freistad ho ender og daa, bar det som oftast i Graat. Ho fekk det ikkje til. Men her um Dagen høvde det so, at ho endeleg maatte senda meg nokre Ord. Det var noko sers, eg skulde tena henne i, og slikt gjeng ein ikkje med til kvar Mann, ser du, ellest kunde ho fengje ein annan aa skriva for seg. Eg maa no vel greida det, meinte ho, og sette seg:

  

Kjære søn!!!

 

Da jeg haver tid og lailighed maa jæg gribe til pennen ok mædele dig nogle or jeg lever væl med helsen og det same gode ønsker jæg at høre fra dig ijen” _ _ (Punktum).

  

Solangt kunde ho koma, for det er den gamle Leksa, som flest alle Brev byrjar med, fraa slike skrivføre Folk. Men so stod ho beit og. Ho visste ikkje nett; kor ho skulde ”forma” det. Det var tri Ting, ho vilde hava meg til aa gjera. Eg skulde kjøpa ”Sions Harpe” og for 17 øre i Nafta og senda heim. So skulde eg gaa til Laksevaag med eit Par Sokkar og litt Garn og levera Morsyster mi._Det hadde so nær boret i Graat denne Gongen og. Men med eit kom ho paa en lys Idé.– Han er ein slik Maalstrævar, han Sjur, enn um eg prøvde – jaumen – og ho skreiv:

 

Eg sende deg ein pakkje i dag og du ser dar æ naake in i han til deg da du skreiv om og so æ dar ait glas og da ska du take aa gaa paa apotekje mæ aa kjøpe fyr 17 øre i nafta aa senda da haim mæ lelegheit og so ska eg fyrtelje deg atte præsten her haime ha faat i stand ei fyreining aa vi synge Kver onsdag. No ha kje æg bok aa ikkje ho kari helde og so vilde vi ha aas kverssi aa du kan gaa til Steffanssen aa kjøpe dei elde Traasdal aa so ser du dar æ naakre smaa saakka i pakkjen aa dai ska du levere til Syste mi i laksevaag aa so æ dar naake gan og so ho ska ha men dei store saakkanne skal du ha sjøl aa so skal du helse hinne fraa meg aa seie atte vi leve væl mæ Helsene anna da atte ho bestemor di æ naake harkja taa seg aa ligg jamt. Vaar herre se til hende i sin Naade aa barmjartighait aa so veit eg ikkje meir at skrive om denne gang

 

Ver Kjærlig helset fra din

 

moder.

  

da va sions Harpe du skulde kjøpe da maa du ikkje gløyme aa æ da naake du æ trengde fyre maa du skrive”.

 

So, no var det lengste og likaste Brevet, som ho Mor hev skrevet, ferdig, og ho lo so inderleg godt. Aa jaumen trur eg, det er betre aa skriva, som ein snakkar, som han segjer, han Sjur, tenkte ho. Det var ikkje so lengje aa faa ihop dette Brevet. Fyrr hev eg graatet mangei Taare og ikkje fengje det til korso. -

 

Ho Mor var smilande heile den Dagen.

 

 

Sjur Uppigarden (i F. S. A.)

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum