[Ymist.] Fraa Irland

 

kjem det mest kvar Dag skræmelege Forteljingar um, kor fælt dei engelske Valdstyraranne fer fram paa den væne Øyi, der Ibuaranne kunne havt det so overlag godt og væl, soframt ikkje desse Godseigaranne hadde voret. Det var vondt fyrr; men no etter at Tvangsloven vart vedteken i det engelske Stortinget gjeng det yver alle Grensur.

 

Det er rike Lordar, som eig den irske Jordi. Sjølv held dei til i London elder Paris, der dei liver som Kongar. Dei hev Forpagtarar i Irland og desse sankar saman Avgifterne, som dei fatike Leigaranne maa betala. Forpagtaranne hev det so armt som mogelegt. Dei bur i nokre Hytter, som ofte er verre enn Grisehusi vaare, og Jordeple er jamnast Maten deira. Soleis hev dei havt det i lange Tider. No ser det ut til aa verta mykje verre. Jordi hev gjevet so lite av seg paa det siste, at dei ikkje hev orkat aa betala dei svære Avgifterne. Hadde no desse Godseigarar havt det minste Hjartelag, so hadde dei nøgt seg med mindre. Men nei: ”Full Betaling elder ut av Huset” er Herropet deira og so hev det kristne England og den upplyste Verdi i det 19de Aarhundrad voret Vitne til ein Raaskap, som er mest utenkjeleg. Gamle skjelvande menn og Kvende, Born, sjuke og vanføre hev vortet kastat ut av Husi sine og gjeng elder ligg der under open Himmel utsett for Ver og Vind. Mange hev stridt imot; men utan Nytte. Blodsugaranne vert hjelpte av Politi og Soldatar, Folk som det ikkje finst det minste Hjartelag i. Det er utrulegt, men sant, at soleis gjeng det for seg mest kvar Dag.

 

Daa Gladstone i fjor sette fram det irske Sjølvstyreframlegget sitt, vart det vrakat og G. gjekk av som Fyrstestatsraad. Det engelske Folket vilde hava Tvang mot Irland. Det var uppøst av Prestar og Rikfolk, som sagde, at um Irland fekk Sjølvstyre, vilde det gaa galet med England og. Prestar og Rikfolk hjelper altid kvarandre.

  

Men Gladstone gav ikkje Sjølvstyretanken upp. Han viste, det var ei Rettferds Sak, som seint elder tidleg maatte  sigra. Og endaa han er 76 Aar gamall reiser han England ikring for aa vinna Folk med seg. Siste store Møte, han var paa, var i Nottingham, der han m. a. sagde: ”_ _Det, det no gjeldst um er aa skapa ein Folkevilje i England, som er sterk nok til aa stansa M. Balfour  og dei Folk, han hev med seg og hindra ny Vald mot Irlands Fordom og um mogelegt nye Ofrar av Menneskeliv.

 

_Eg skal endeframt segja, kva eg meiner. Eg meiner, at Loven hev voret krenkat av dei, som var sette til aa passa han og at det er dumt aa beda det irske Folk aa halda Loven, naar Regjeringi sjølv ikkje bryd seg um han. – Alt, som i det siste hev hendt i England er etter mi Meining eit nytt Prov paa, at Irland maa verta styrt onnorleis enn England. Det maa faa Sjølvstyre og sitt eiget Storting. – England – ja Skotland og Wales – ventar at kvar Mann vil gjera si Plikt. Desse namngjetne Ordi til Nelson rettar eg til dei engelske Veljaranne. Vil de faa ein god Ende paa Striden, maa alle arbeida det, han kann. Naar me hev gjort Arbeidet vaart – og eg liter so godt paa Landet mitt, at eg ikkje tvilar paa, det vil verta gjort-, daa vil dei sambundne Kongerike verta eit gildare Syn enn nokor Tid fyrr”.

 

Og medan Gladstone arbeider av all si Magt i England, ligg ikkje dei irske Tingmennerne paa Latsida. Parnell og O’Brien, serleg den siste, reiser kring fraa By til By og preikar mot Valdstyret og uppmanar Folk til aa trassa seg fram. Den engelske Styringi hev forbodet dei aa tala og sender Soldatar og Politi iveg for aa hindra dei; men likevæl vert det haldet det eine Møtet etter det andre. Kann dei ikkje sleppa til um Dagen, gjer dei det um Natti. Soleis vart det i fyrre Vika haldet eit stort Møte i Wordfort midt paa kolsvarte Natti. O’Brien foor fraa Dublin Dagen fyrr og yveralt vart han fagnat væl av Folket. Daa han kom fram, var det samlat ei heil Mengd Folk. So med ei Gong vart det ljost. Hundrad Faklar var kveikt, daa O’Brien synte seg paa Talarstolen. Han heldt ein glødande Tale og det vart snaut Ende paa Fagnadropi, daa han sluttad. Samanhaldet millom Folket var so sterkt, at korkje ein einaste Politi elder Soldat hadde fenget snusat upp det minste um Møtet.

 

Soleis maa det irske Folket strida for Fridomen sin. Myrkt ser det enno ut; men det er ikkje Tvil um, at det snart maa verta Dag. Eit og anna av dei siste engelske Vali syner, at Rettferdskjensla veks. Eit Folk kann ikkje i Lengdi vera so styve, som det engelske no paa det siste hev voret.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum