[Ymist.] Fonografen.

 

 

Den namngjetne amerikanske Uppfinnaren, Edison, hev no vortet fullferdug med Talemaskinen sin, Fonografen  han kallar.

  

Denne Fonografen kjem til aa hjelpa det norske Maalstrævet meir enn alle vaare Maal menner ihop. Han kjem til aa gjera reint Kaal paa all dansk Jatting i heile Landet.

  

Høyr her.

  

Fonografen hev lenge voret i Gjerdom. Edison var paa god Veg med han alt for 10 Aar sidan.

 

Men so kom det elektriske Ljoset og tok heile Arbeidstidi hans.

 

No er han ferdug med det elektriske Ljoset for det fyrste, og no hev han daa ni-tenkt og strævat med Fonografen i samfulde 8 Maanar. Nett no i desse Dagar er han vortet fullferdug. Yver Jol kjem dei fyrste 500 i Handelen og dei vert overlag billege, so kvar Mann kann ha Raad til aa kaupa seg ein.

 

Fonografen gjer ein Umstøyt i heile Livet. Han kjem til aa verta den radikalaste Maskinen, som hev vakset fram paa aldri so lengje.

 

All Brevskriving slik, ho no er lagat dett no fyrst burt, og alle Snar-skrivarar mister Livebraudet sitt og i Musikliv og Bokskriving og Boksettjing vert det Umbrøyt o. s. b.

 

Fonografen er ikkje stor Karen. Han er lagat slik, at ein dreg han upp som ei Klokke, og so talar ein daa inn i ei Vide, og inni denne Vida ligg det ei Plate; denne Plata slær bivrande Slag mot ein ørliten Pigg, og denne Piggen gjer daa smaa fine Rispur i ei mjukvori Tavle, og denne tavla kann ein daa taka ut og senda lange Veger, elder gøyma i aarevis.

 

Tek ein so denne Tavla, og sett ho inn i sin eigen Fonograf og veivar upp, so hermar Fonografen uppatt det same som vert talat inn i den andre, plent som Mannen sjølv stod der; same Maalet, Tonefall og Røyst.

 

Det vert eit livande Maal, og ingen norsk Bonde vert daa god for aa knota slik, som han no gjer i Skrift. Daa kjem det klingande reint, lett og ledugt vaart eiget Morsmaal, og alle Snirklar og Unotar og Danskejatting dett burt av seg sjølv. Talemaalet  vert Grunnsteinen og daa fær Maalsaki Sjumilsstyvlar.

 

Norsk kjem til aa verta talat og fonograferat fraa Landsende til Landsende.

 

Fær me so Telefon-strengjer spent utyver heile Landet og, so kjem alle Dialekter til aa sveisa i hop til ein einaste ein, det livande norske Landsmaal.

 

Me kann ikkje augna alle dei digre Framstig, som Fonografen dreg etter seg; men dette ser me, og me Maalmenner kan ikkje faa fulltakkat Edison for den Framstøyten Fonografen hans kjem til aa gjeva det norske Maalstrævet.

 

 


Frå Fedraheimen 29.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum