Ymist.

 

 

Bjørnson  skal flytja hitaat til Vaaren. Det er ikkje utrulegt, at det kann vera dette, som hev skræmd Oftedølerne til aa skilja seg av med Jakob Sverdrup. Ja, for dei veit det, at dersom Bjørnson legg seg i Selen, so er han ikkje greid. Og daa kann det jo vera godt aa vera av med so mykje som mogeleg av det, som han kunne ha og hengja seg i.

 

No skal daa endeleg Grevstad vera i Vegom. Det nye Regjeringsbladet skal nok byrja 1ste Oktober. Tingmannen Sørum er vortet Husbondskar. Men Tingaranne? Astrup hev Pengar. Tru han kann kaupa Tingarar au?

 

Maren  Sundby, ho som sette paa Vermen i ”Germania Hotell” i Kraakerøy, hev av Underretten fenget 11 Aar og 9 Maanars Straffarbeid, og so skal ho betala 620,000 Kr. til ”Den alm. Brandkasse”.

  

Ein ”Knudsemann”. Tingmannen Akre  skriv i Nordkap  m. a.:

 

Men saa kommer Rædslen for ”Bondemaalet”; endog Bjørnson er ikke gaad fri av den. _ _ _.

 

_ _ _ Jeg er ikke ræd for Bondemaalet; tvertimod ønsker og venter jeg, at det skal gjøre sig gjældende i Skrift og ”dannet Tale”, saalangt Spraakutviklingens Medfør kræver det. Derfor har jeg vært og vil være med paa aa støtte ”Landsmaalet”, skjønt jeg ikke kan slutte mig til det i Gjerningen _ _ _”.

 

Det  nye  Regjeringsblad skal nok sers leggja seg etter Kristendom; men det vert sagt, at dei, som skal stella med Bladet, ikkje trur paa Kristendomen sjølve. Jau det Bladet vert eit gildt Blad, det.

 

Det Gullet, det Gullet!

  

I Elverum var det ein, som vilde drepa Husbonden sin; men han fekk ikkje gjort det.

  

Det er  eit svare Rignver um Dagen. Folk hev skoret ikkje so litet; men det er grove Ting so mykje Lo det stend ute enno her paa Austlandet; og det som ikkje er skoret tek til aa gro alt.

  

Det  vert  eit godt Potetaar iaar, dersom me fær god Berg paa dei; men trur du ikkje Folk veit aa gjera Poteti yverlaus au daa. Jau daa, Brenderieigar Sæhie paa Hedemarken hev kaupt upp 200,000 Kilo Mais han til Brending, og den brukar han istadenfor Poteter. – Me er norske me.

 

Boltzius og Lars Oftedal  vart ikkje fælt gode Bussar. Tvo store rømes ikkje i ein Sekk, maa tru.

 

Landbuforeiningi  i Kr.sand skal kaupa upp 2 Avlsskular av Telemarksslaget for aa faa eit godt Feslag i Amtet.

 

Mest tvo Tommer  djup Snø kom det i Oppegaardsbygdi her for ei Tid sidan. Han strauk med Dagen etter.

 

Frosne Poteter  vert like gode att, naar ein let dei liggja ein Stad, der det er yver 10 Gr. Verme.

 

Sundhedsbladet, styrt av Lækjar Oscar Nissen, Formann i ”Det norske Totalafholdsselskab”, er komet ut for Septbr. med dette Innhald:

 

Vil ikke ha medisin, mama”! (billede); Boltzius; Legemets salte; Hvad indeholder navnet alkoholist; Fra afholdsmændenes leir; Varme og varmefølelse; Lyskebrok; Kartnegle; Sur melk; Nogle ord til store gutter; Vigtigheden af læsning; At kurere frygt; Negrenes tænder; Børnenes skotøi; Spørsmaal og svar; Paa sidste side.

 

Sundhedsbladet” kostar Kr. 2.50 um Aaret, kann tingast paa alle Posthus i Noreg og Danmark og i Ekspedisjonen, Akersgata 74, Kristiania.

 

Nyt Tidsskrift”  styrt av J. E. Sars  og Olaf Skavlan, Hefte 7-8 er komet ut. Det inneheld:

 

Olav Johan-Olsen: Udviklingslærens nuværende Standpunkt II. – I. Addington Seymonds: Tænkningens Fremskridt i vor Tid. – Arne Garborg: Prof. Pettersen: ”Egteskab og Kjærlighed”. – Anmeldelser: Herbert Spencer: ”Opdragelsen”, anmeldt af –c.- Irgens Hansen: En Konfirmation. – S. Laing: Menneskets Plads i Naturen. – F. W. Farrar: Afrika og Handelen med stærke Drikke.

 

 


Frå Fedraheimen 17.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum