Offentleg Gudsfrykt.

 

  

Det er takka til, at me ikkje endaa hev den Loven, som sette i Gapestokken alle, som ikkje gjekk i Kyrkje.

 

Me hev ikkje den einskilde Paragrafen nei, men me hev att Loven, me hev iallfall Tanken i dei gamle Kyrkjelovarne daa, dei som sette Straff for aa gjera anna um Sundagen enn det, som Prestarne vil. Ja sjølve den gamle Forordning av 12te Mars 1835 gjeld nok endaa um Bot og Straff for den, som ikkje gjeng i Kyrkja elder arbeider paa Helgedagen, ”med mindre den høie Nødvendighed i Høe- og Kornhøstens Tid slig uforbigjængelig udfordrer, for at profitere af et med Længsel forventet Veirligt, og at conservere Afgrøden paa Marken”.

  

Det er so langt ifraa, at Lovgjevingi i vaar ”frie” Forfatning hev løyst upp desse Bandi, at ho tvert imot Tid for Tid hev stengt endaa meir med serskilde Lovar baade her og der. Allvisst er det daa Fiskaranne ho hev tenkt mest paa, rimeligvis fordi Stortinget hev haldet dei for aa vera nokre gudlause Kroppar, som maatte jagast aat Kyrkja med Riset, og so hev det væl tott, at dei tente flust med Pengar lel, og at Landet var rikt nok, um ein stengde for dei beste Næringsvegjerne i den laglegaste Tidi, so at ei 6-7 Millionar Kr. gjekk til Spilles. Det er serskilde Fiskelovar mest for kvar Fjord og kvart Fiskje i Landet, og alle gjeng dei ut paa det same. Det er berre Finmarkingen, Tinget tykkjer litevetta Synd i, so at dei gjev honom Lov til aa fiska Laurdagsnotti, naar det knip hardt um det.

  

Men elles gjeld Umsynet til Statskyrkja meir for Stortinget enn dei 6-7 Millionar, som dei slepper ut av Statskassa; det er offentleg Gudsfrykt det. Tru ikkje sjølve Presten Heuch maa segja, at eit slikt Storting maa verta salig, og at det kann faa Tilgjeving baade for Riksrett og andre Styggeting, naar det or Landsens Armod ofrar so mange Millionar berre for at Folk skal faa lyda paa Prestarne?

 

Underlegt at slike øydesame Storting likevæl skal tala um aa spara. Jau knipa av 1600 Kr. for ein Kielland og sovoret, det kallar dei aa spara. Slike som nettupp hev Mot og Skyn til aa upplysa Folk betre enn mangein Prest.

 

Hadde ein endaa voret sikker paa, at eit Storting vart saligt paa den Maaten, so kunne det ikkje vera so mykje aa segja paa denne Øydingi likevæl, elder um ein berre hadde voret sikker paa, at dei stakars Fiskaranne hadde vortet salige paa den Loven. Men me trur, at ein Fiskar snaudt vert salig av det, at han gjeng ei Paaskehelg og ser Fisk all Stad og bananr baade Storting og Prestar og Øverheit og alt ihop, som ikkje vil lata ’n faa sleppa ut paa og taka upp Maten, som er lagd for Døri hans. Og me trur ikkje, at Gud tykkjer so overs godt um det Stortinget, som set Loven beint imot hans gode Evangelium og Tilbod aat Menneskja um aa taka imot hans Vælgjerningar.

  

No synest det endeleg, som um Regjeringi tek til aa faa Augo upp, for at det kanskje ikkje er so fullvist likevæl, um det hjelper paa den offentlege Saligheiti dette store Offeret. Det gjer væl sitt det og, at ho vert sett inn paa fraa alle Kantar med Bøn um aa spara. No var væl det for mykje aa venta av ei Regjering, at ho skulde gjera noko straks, elder jamvæl at ho skulde tenkja Tanken ut sjølv; nei som Gjerdi hennar er, set ho berre ned ein Komissjon, paa det at han skal tenkja for ho, so kann daa ho halda seg andsvarsfri sjølv, til dess at Komisjonen endeleg hev tenkt ifraa seg. Men noko er daa betre enn inkje.

  

Og likevæl er dette um Fisking paa Helgedagar berre ein liten Snipp av Storspursmaalet. Og me trur, at ein aldri greider slike Snippar, utan ein tek for seg sjølve Saki prinsipielt. Daa vil ein ikkje turva so mange Utreikningar og Studeringar og Umsyn hit og dit, men løyser alle Flokar med ein Gong.

 

Gakk beint paa Saki, Regjering, og ver ikkje rædd, vis at du hev Mot ein Gong til aa taka for deg ei stor og aalvorleg Sak. Gjev Sundagen reint fri, kom med Forslag til Stortinget um aa strjuka alle dei gamle styvne Lovar, so nær som dei, som vernar um Handverkarar og andre i same Stelling imot agalause Meistrar og Husbønder. For alle dei gamle Lovar um Helgefreden, som me no hev, er berre til aa verna um Statskyrkja, me er helder til Skade enn Gagn for Kristendomen, som berre vil taka Folk med det gode og hatar all Tvang. Eg kann tru, at det er fleire av Dykk som sit i Regjeringi, som nok kunne vilja vera med paa ei slik Frigjering. Men De er væl for mykje rædde Fordomarne millom Folk er det Von. For dei er strame i so Maate paa mange Stader, mest kanskje i Fjellbygderne. Um Folk er aldri so gudlause elles, so held dei det for den største Synd aa taka i noko um Sundagen, um det er eit Arbeid, som er aldri so trengjande um. Me held paa Sundagen som Helgedag og Kviledag me og, men me segjer: burt med alle smaalege Fyreskrifter, som anten Loven elder ein sjølv set seg um Misbruken av Dagen. Ein skulde væl tru, at den rette Bruk  av Dagen var meir aa ansa etter enn berre liggja og agta seg for Misbruken. Me gjer mykje meir Synd me Nordmenner med det, at me ikkje brukar  Sundagen til noko enn ved Misbruken. Hu, det er reint baade motlaust og motburdlegt aa sjaa iaar, daa me hev so faae Terresdagar, at mykje Høy endaa stend ute og rotnar, nei likevæl um det er aldri so klaart ein Helgedag, so gjer ikkje Folk so mykje som leda paa seg til aa berga det inn. Og so kjem det Regn att Maandagen og heile Vika. Nei slikt er heiltupp aa freista Gud. Det er ”Dagvælgeri” slikt, som det stend um i Bibelen, at Gud hatar. Kann daa ikkje Folk helder arbeida um Sundagen daa for ein Gong Skuld og helder taka Maandagen til Helgedag den Vika.

 

Det skulde kanskje vera til Mein for Saligheiti det?

 

Nei det er nok andre Ting Gud ser etter.

 

 


Frå Fedraheimen 17.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum