Kristiania, den 16de Sept. Høgre-Moderate-Reine-Radikale.

 

Flestalle Vinstrefolk klagar no for Tidi fælt yver Kløyvingi millom Vinstre, og Bladi gjer mest ikkje anna enn syta og so gjeva kvarandre Skuldi for Ulukka.

 

Me for vaar Del finn ingi Ulukke i det som visar. Me er glade fordi den gamle kompakte Majoriteten ein Gong vart sprengd; sjølv um det no i Fyrstningi vil synast noko ugreidt, so hev me den Voni, at det er ikkje ein Uppløysningsprosess berre, men det er nye og greidare Parti, som held paa og lagar seg. For heile det gamle Vinstrepartiet var berre hengt upp etter ein Spiker paa ein Vegg; daa Spikeren rauk, for kvar til sin Kant og dei hadde ikkje Johan Sverdrup meir til aa blaasa og lokka dei saman att. Det er berre i serskilde Tider, at det er tvo politiske Parti, vanleg vil det vera baade tri og fire. Og det er difor aa kalla for eit Framstig, naar me og held paa munar oss fram so langt, at kvar ein kann finna seg eit Parti, som han likar, utan at maa slaa for mykje av paa sine personlege Synsmaatar.

 

No hev me yst til Høgre dei gamalkonservative, det intransigente elder uforsonlege Høgre, so er det det moderate Høgre, so det moderate Vinstre, Oftedølerne, dei Reine Vinstre, det nygrundtvigianske Vinstre, dei Radikale og Sosialistarne, i alt 8 smaae Klovningar, som ein til Naud kann knippa ihop til 3 store Bundlar: Høgreopposisjonen, Regjeringspartiet og Vinstreopposisjonen elder paa ein annan Maate: dei uforsonlege, dei moderate (av Høgre og Vinstre), Framstigsmennerne og dei radikale.

 

Alle dei 8 Smaaklovningar hev aa kalla sine Blad. Det er dei Radikale elles som det hev voret minst Greide med baade som Parti i Stortinget og i Pressa. Fedraheimen  vil no freista so vidt mogeleg aa gjera seg til Organ for den Flokken og kriga mot alle jamvæl mot Fuskepolitikken i Dagbladet  og Verdens Gang  og dei Reine i det heile, utan naar Samhelde trengst for Framgangen si Skuld.

 

 


Frå Fedraheimen 17.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum