Kolbottenbrev.

 

(Del 3 av 4. Fyrste del.)

(Fraa Arne  Garborg).

 

(Slutten).

 

25de Aug. 1887.

 

Mang ein Gong, naar eg stend slik og ser ut yver norsk Land og finn, at det er fagert, kjem eg til aa minnast eit Ord av ein Mann, som me sjeldan hugsar no den fyrste norske Kongen etter 1814, Kristian Fredrik. Han stod nok og ein Gong og saag utyver norskt Land og totte det var fager; daa sa han so stort eit Ord_: ”Og dette herlige Land skulde Svensken faa! Det skal i Evighed ikke ske”, _sa Kristian Fredrik.

 

Det er det Ordet, eg minnest.

 

Ikkje minst kjem det for meg i seinare Tid, daa det viser seg, at me ikkje skal vera frie for Bernadottepolitikk etter 1884 helder.

 

No ser eg, at Fedraheimen  lyfter Fjørtofts  Merkje i Unionspolitikken, segjande med Henrik Wergeland:

 

Det er det bedste

Forbindelsen at løse mellem Heste,

som daarligt trække sammen.

Amen!”

 

Sant aa segja var det reint rart for meg aa sjaa dette.

 

For det fyrste det aa faa sjaa eit heilt Merkje i denne Tid, daa alt er meir enn sedvanleg uheilt og uklaart i Politikken vaar, - Fusk, Fanteskap, Jakob Sverdrupske Prestekunster og Reveklør! Og so aa faa sjaa heilt Merke i den  Saki, som altid hev voret den sjuke Flekken i norsk Politikk!

 

- Hev  voret og er, og vert vel i lange Tider enno. Og ingen skal undrast paa det. Det er Grannar, som trættast, maa vita, og di meir dei hev tilhopes, di meir trættast dei.

 

Me hev mykje tilhopes med Sverig, og det meste er godt. Men ein Ting er der, som me hev for mykje tilhopes med Grannen vaar, og det er Konge. For det fyrste er det no det, at me ikkje tarv nokon Konge til aa styra desse stakkars tvo Millionarne vaare, som visst hev Styrarar nok likevæl; men so er det for det andre det, at skal tvo Land styrast av ein Konge, so kann  ikkje dei Landi vera sjølvstendige baae tvo.

 

Dette viser seg som allermest i Utanrikspolitikken. Det er gjennom den, at eit Land viser sitt Sjølvstende; men hev tvo Land ein Konge, so maa dei baae tvo fylgja ein Politikk, og det vert daa den Politikken, som høver best for det største av dei, og so kjem det minste reint burt.

Men det minste Landet kann faa Bry nok av slikt eit Samfeste i den indre Politikken og; det fær me Nordmenn finna. Det er ikkje meir enn so, at me hev Rett yver Grunnloven vaar, naar det kjem til Røyndi; mange Ting er det ikkje der, som me kann røra ved, utan at Svensken vaknar og talar um Unionen. Stathaldar skulde me ha for Unionens Skuld; Konge og Varakonge skal me ha for Unionens Skuld; ja um det so var absolutt Veto, so skulde me ha det for Unionens Skuld, d. v. s. fordi Svensken vilde, at me skulde ha det; um me sjølve likad det, fekk det helder vera med som det kunde.

Me tek det taalegt, naturlegvis, og vonar paa, at det gjev seg med Tidi; men kvar Mann kann vita, at slikt set vondt Blod, og at me kjem til aa gjøyma mangt, som me ikkje nettupp gløymer. Gamallsvensken ringlad med Karl den tolvtes Sverd, so tidt det var noko; Ungsvensken godsnakkar med oss og er blid og tyd, men Meiningi er nok den same_: det er Odelsretten vaar, me skal gjeva upp. For godt Brorskaps Skuld, lokkar dei unge; ”bist du nicht willig, so brauch’ ich Gewalt”, segjer Gamallkararne og Norskätar-flokken.

 

Nordmennerne vert naturlegvis meir og meir leide av dette og finn, at der kann vera Maate med Brorskap og; me maa daa kunna ”elska” kvarandre det som tarvst, um me ikkje ét kvarandre livande upp, tykkjer Nordmannen. Og so vert han arg ein Dag og segjer til Grannen sin, at held du ikkje Fred so snart, so skal Englarne i Himmelen faa sjaa Skosolarne dine, fyrr du veit Ord av. _

 

_Fjørtoft spurde, kva Gagn me hadde havt av Unionen, som me ikkje kunde ha utan den; det fekk han visst ikkje noko vidare Svar paa. Sjølv kunde han forklara, at denne Kongeunionen i visse Maatar var til Ugagn for oss, og det er der fleire, som hev set; men det hev me aldri Hug til aa tala høgt um.

 

Eg kom til aa sjaa og forstaa det under Flagstriden. Det viste seg daa, at mange Nordmenn vilde  ha svenske Fargar i Norigs Flag, so at daa H. E. Berner sa, at dei burde ut, reiste dei seg mot Mannen og vilde slaa han i hel mest. Dei kunde ikkje ha boret seg verre, um nokon hadde komet og sagt, at det norske Flaget no skulde vera blaatt med gul Kross i.

 

Sidan saag eg det same att paa andre Kantar. Det var Unionsgreida, som var den djupe sjuke Undergrunnen til heile vaar politiske Vantrivnad i dei Dagar; naar Regjeringi sat i Aaretal og styrde Landet mot Landsviljen, so var det fordi dei styrande Menn var so langt komne, at dei fann seg i aa vera unionskongens Tenarskap, so at det dei vilde var aa gjenomføra hans  Politikk, anten med elder mot denne norske Folkeviljen.

Heile Vetostrævet var unionsmerkt Politikk, svensk Politikk mot Norigs Sjølvstende. Gjennom ”det absolute Veto i Unionskongens Haand” vilde Sverig faa Tak paa vaart indre Stell, so me ikkje vilde kunna røra oss mot svensk Vilje. Med ”absolut Veto i Unionskongens Haand” kunde Svenskarne Tid etter Tid ha kjøpt av oss mest kva dei vilde; dersom det f. Ex. kom til det, at me her i Landet vilde og maatte ha aalmenn Røysterett, so vilde Sverig gjennom ”Unionskongen” ha sagt som so: ja vel, de skal faa denne Retten, - dersom de i staden vil gaa inn paa Unionsparlament! – liksom det no vart sagt av unionsmerkte Menn: de skal faa Ministrarne inn i Tinget, dersom de vil gaa inn paa dei og dei ”Garantier”.

 

Straumdraget austyver hev eg sidan funnet att baade her og der, i Maalet f. Eks. Som eg fleire Gonger hev nemnt er det komet upp her i Landet ei Svenskeknoting i Bøker og Blad, som det kann vera paa Tidi at me legg Merke til; ikkje berre unionsmerkte, men Folk, som vil vera norske og, fær i desse Tider meir og meir Svensk inn i Dansken sin. Some skriv Dansk-svensk med æ.-ar _: ælsker hjæmmet mer æn det fræmmede, og daa er det reint gildt; Bjørnson skriv, at der hev me det nynorske ”Fællesmaal”, og at no skal me ikkje ha meir Maalstræv her i Landet ! Det norske Maalstræv er det taapelegaste og unyttigaste Arbeidet i Norig. 


Her um Dagen var eg paa ei Utferd; der kom eg til aa høyra ein Stubb av ein Samtale. ”Naa”, sa den eine Nordmannen til den andre, ”Di har jo vært i Utlanne aassaa siden sist?” ”Aa nei”, sa den andre, ”jæ va bare en Tur inni Sverig”. Det kom so naturlegt, og ingen kom til aa undrast; det var ein greid Ting det, at hadde Mannen voret i Sverig, so hadde han ikkje voret utanlands. Ein høyrer ofte slikt no.

 

I mange Aar hev me havt det med det, at me ikkje kann halda so mykje som eit Fesjaa, utan at det svenske Flaget skal vera med, jamsides det norske. Ein kunde tru det maatte vera nok, naar me hadde Unionsmerket, men nei; det svenske Flaget sjølv maa vera med, naar rett skal vera. Folk meiner ikkje noko vondt med det; dei berre vil vera ”loyale” dei, elder dei trur det er fint. Men der er altso ei uklaar Kjensle av, at Sverig hev noko her i Landet aa segja; me skil liksom ikkje fullklaart millom vaart eiget Land og Sverig; me er eit Stykkje paa Veg til aa vera Sverig sjølve.

- Dette Straumdraget skulde venda seg no, naturlegvis, naar me fekk denne nye Regjeringi, med Sverdrup og Haugland og slike gilde Nordmenn i Brodden.

 

Men just no skulde det visa seg meir enn nokon gong fyrr, at Unionen ikkje er berre god for oss Nordmenn.

 

Etter det, me no hev set, trur eg for visst og sant, at aldri fær me ein fullnorsk Politikk, aldri kann ein fullstød Nordmann koma til Magti i Norig, so lengje Unionen stend, so lengje Landet vert styrt av ein ”Unionskonge”.

 

Morgenbladet  hev fortalt ei stygg Soge um Johan Sverdrup. Denne Mannen skulde ha kjøpt Statsministarplassen sin med ein Lovnad til Kongen um, at 9de Juni heretter skulde gjelda for ugjort, og at Tinget ikkje meir skulde gjera Motstand mot det absolute Veto. Denne Lovnaden gav han Kongen med svart paa kvitt og Namn under, segjer Morgenbladet, og dette Løyndarbrevet hev Kongen no nedlæst i Bordskuffa si og vil taka det fram att, naar det gjeld paa.

 

Um denne Soga er sann veit no vel ingen utan dei tvo Kararne sjølve; men etter den Politikken, Johan Sverdrup driv i seinare Tider, er eg rædd, at han hev kjøpt Statsministerplassen sin dyrt, likso dyrt kanskje som Fredrik Stang kjøpte sin i 1861.

Fredrik Stang var den Gongen ein folkekjær Mann, og ingen visste anna enn at han var fullgod Nordmann. Men daa han i 61 vart Statsraad andre Gongen, gjekk han nok inn paa Bernadottepolitikken lenger enn han hadde godt av. Det er nok so, at han lovad aa hjelpa til med den nye Unionsakti, den, som du veit skulde ”udvikle og befæste Unionen”, men som fekk so laak ein Lagnad, daa ho kom til Tings, - Takk vere millom andre Johan Sverdrup.

 

Paa det Tiltaket var det, at Fredrik Stang øydelagde seg, so at han tjuge Aar etter døydde som ein hatad Mann og det berre var Faatalet som hugsad daa, at han hadde voret folkekjær, og at Landet stod i Gjeld til han i fleire Maatar.

 

Etter 1884 steller Johan Sverdrup seg slik, at han maa ha gjenget inn paa Bernadottepolitikken han og, lenger enn han hev godt av.

 

I Forhandlingarne um dei diplomatiske Sakerne var det, at det kom fram. Sverig hadde stelt paa Grunnloven sin slik, at me fekk endaa mindre aa segja enn fyrr i vaar eigen Utanrikspolitikk; dette skulde der daa jamnast paa, og Svenskarne var rimelege _: me skulde faa det som me vilde ha det i det meste; men so skulde me til Motlag gaa med paa, at Utanriksministeren, han, som tilslutt avgjer Sakerne, han skulde vera svensk. Det skulde heretter vera lovfast det: Utanrikspolitikken vaar skulde altid styrast av ein Svenske.

 

Det var Richter, Jakob Sverdrup og Jakob Stang, som daa var i Stockholm; Johan Sverdrup gjorde seg og ein Tur der burt just daa. Og no hende det seg, at Sverdrups Regjering, desse gilde Nordmenn, dei vilde gaa med paa, at Utanriksministeren skulde vera svensk. Gudskelov at der ikkje det Aaret var Oftedøler nok i Tinget; hadde der det voret, so hadde nok ”Sverdrups Unionspolitikk” vunnet fram. Og so hadde Norigs Odelsrett voret burtgjeven; det hadde voret lovfest for all Tid, at Norig skulde vera Husmansplass under Sverig.

 

Det var so vidt at Sverdrup og hans Menn slapp fraa den Greida, daa dei kom til Tinget; Vinstre tøygde seg i Grunnen lengre enn dei kunde, fordi dei ikkje hadde Mod paa eit Ministerskifte just daa. Men etter den Tid hev det voret berre skralt med ”Tilliden til Johan Sverdrup”.

  

Dei maa ha bundet seg sterkt i sine Forhandlingar med Svenskarne, desse Statsraadarne vaare. Visst er det, at daa dei vart nøydde til aa draga seg attende att, fekk dei høyra Ting fraa Sverig, som ei Regjering aldri skulde turva taka imot.

 

Slik som det gjekk den Gongen, skulde ein tru, at Sverdrup hadde fenget Lærepengar nok, so han aldri meir prøvde seg paa den Kanten. Men Mannen hev bundet seg syrgjeleg, han kjenner seg nok nøydd til aa halda fram. For sidan er han som me veit komen fram med Tanken um norsk-svenske ”Delegationar” (Utsendingar), elder eit norsk-svenskt Unionsraad, som vilde ”udvikle og befæste Unionen” utruleg. Samstundes driv han løynd Politikk mot Hamar-Resolusjonen og mot dei, som held seg til den, og alle, som vert vunne for Regjeringspolitikken i desse Tider, like til Flagmannen H. E. Berner, so vert dei Forsvararar strakst av ”Sverdrups Unionspolitikk”, so det er nok Meiningi aa driva den Politikken fram. Og daa kunde Sverigs Flag ved vaare norske Fesjaa og Festar faa nokso god og syrgjeleg Meining. –

 

_Her til Kolbotten skal ingen Regjeringsmann koma; for her er aldri anna enn reint Flag aa sjaa. Det tek seg nok ut mot den myrke Skogen; straalande vakkert tek det seg ut; men reint Flag er ikkje for Regjeringsmenn no, og Skogsusen kanskje ikkje helder.

 

Ja Skogsusen, ja. Stundom, naar eg sit her i Stova mi so mot Kvelden, og det sloknar paa Gruva, og ute rigner det og blæs og er myrkt og trist, og vaat Vind gjeng tung gjennom Liderne; - daa kann det koma rædde Tankar yver meg; eg ventar aa sjaa Syner elder høyra stygge Ljod burti Skogen. Og somt høyrer eg og, maa du tru, - tunge Stig, som gjeng og stansar, smaae, flakkande Rop, som kjem burt, og stundom gjennom Skogsusen syngjande Røyster, som stig og sterknar, men døyvest av; lange Gravsalmetonar ber Vinden att og fram, og eg veit ikkje kor dei kjem fraa. Dersom eg daa fær politiske Tankar for meg, um eg f. Eks. kjem til aa minnast, kor nære det visst hev voret meir enn ein Gong, at gamle Norig kunde ha voret sviket og selt, so vert eg rædd og modlaus. Syner og Minne fraa Riksrettstidi kjem upp, og det tek til aa syngja for Øyro mine ei Vise, eg gjorde den Gongen, just i den verste Tidi, daa der var Nordmenn, som vinkad etter unionelle Bajonettar, og daa me andre i urolege Stunder kunde drøyma um Ufred, Blod og brennande Gardar; ”Folkedom”, heiter Visa og gjeng til dei salmelange, tunge Tonarne av Kongesongen _:

 

So vere vigd til Hel

kvar svarte Svikarsjæl

i Norigs Land!

Kvar, som uærleg foor

i Gjerning eller Ord

mot Land og Fedra Jord,

dømd vere han!

  

Heng han i næste Tre,

grav han som pestfengd ned

paa ubygd Øy!

Og ingen Gravstein graa

paa denne Grefti staa;

hans Namn i Gløyme gaa,

hans Minne døy!

 

_Men vert det for myrkt, so kveikjer eg upp att paa Skorsteinen og stengjer Døri og læt det susa og tuta der ute som det vil. Og naar det so logar upp og vert ljost og varmt i Stova mi, so fær eg Mod att og tenkjer som so, at det gjeng vel godt heretter, som det hev gjenget godt fyrr, og at Sverdrup kjem ikkje lenger med sine Delegasjonar enn Fredrik Stang kom med si Unionsakt.

 

Dei fleste Nordmenn er norske enno, og Dovrefjell stend,

 

og Graset gror paa Bøen

og Korn paa gamall Vis,

og enno blanke Sjøen

er like fri for Is.

Vaar’ Fjell er like haage

og Lufti like blaa,

so endaa like fjaage

me fram kann stemna paa”.

 

(Meir.)

 

 

Bladstyrar: Ivar  Mortenson, kand. teol.

  

 

Kristiania.

 

Nikolai Olsens Boktrykkeri.

 

 


Frå Fedraheimen 17.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum