Eit og anna.

 

 

Den, som no vil koma fram og sikra seg ein Liveveg, han maa ikkje vera sjølvstendug. Krjupa maa han kunna likso godt som Snigelen og smiska og smeikja som Slangen i Paradishagen. Kann han ikkje det, er all Von ute. Dugleiken vert det ikkje set paa, utan ein er dugeleg til aa skreppa. Den, som ikkje hev Vit til aa gjera det, han fortener ikkje betre enn aa verta sveltat ihel. Um ein eig Evne større enn felstalle andre, hjelper ikkje. Ut med han. Zela!”

 

Ja, Lesaren maa no ikkje tru, at det er eg, som talar soleis. Langtifraa! Eg er altfor varsam til det! Eg kunne elles faa Skrubb eg og, daa.

 

Nei, det var han Ola, Felagaren min. Han plar no altid koma so beint med det, han. Han er korkje Statsrevisor elder Kopist han, maavita.

 

Han hadde vortet sinnad no, han Ola. Skræmeleg sinnad, sinnad so det sprakad Gneistar av han. Og veit du so, kva som var tess?

 

Du kjenner Dagbladet. Du veit, han Lars Holst, Styraren av det, er ute mot Regjeringi, straks han ser Høve til det. I heile Sumar hev han skrivet so hardt um ho, at baade Folkets Avis  og Kr.posten hev komet reint i Beit. Dei hev strævat og arbeidt seg sveitte, stakkar, mod aa vaska ho rein att; men endaa hev dei somykje att, at dei hev fullt Arbeid heile Vinteren og væl so det.

 

Her um Dagen hadde Bladet fenget Tak i noko, som maatte ankast yver, totte det. Direktør Kiær paa Statistikkantoret hadde voret til og skrubbat paa Kopist Hermannsen, av di denne paa Trondheimsmøtet hadde voret til og sagt nokre leide, men sanne Ord um den sverdrupske Styringi.

 

Det var ikkje god Folkeskikk, meinte Direktøren, aa fara soleis aat, og han vonad, at H. for Framtidi vilde taka seg betre iakt!

 

Blaasande som ein Kval og med Tunga utav Munnen kom han Ola springande burt til meg og spurde, kva eg totte um sovoret. Var det ikkje meiningslaust? Skulde ein ikkje ha Lov til aa segja Meiningi si helder no? Elder stod ikkje § 100 i Grunnloven lengre? Og so heldt han eit Fyredrag, som eg hev gjevet eit Utdrag av ovanfyre.

 

Kva skulde eg gjera? Aa gjeva han Rett hadde eg ikkje Hug til, daa eg er ein stød Mann i so Maate. Og aa segja han imot vaagad eg ikkje, daa eg ellest hadde fenget Pryl. Han er ikkje greid, han Ola, naar han vert sinnad. Ellest er han den gildaste Karen, eg veit.

 

Eg tagde so lenge, det var Raad. Daa han hadde roat seg litt, sagde eg:

 

Men kjære deg, Ola, forstend du ikkje det, daa! Direktør Kiær er ein vitug og vælmeinande Mann. Han hev so ofte set paa, at Oftedølerne hev refsat baade den eine og andre Vinstrekaren, som ikkje vilde bøygja seg for dei. Vinje vart avsett av ein Riksraad, av di han var motug nok til aa segja Meiningi si, og du veit daa vel somykje, at um Garborg hadde rosat Jakob Sverdrup, so hadde han sitet i Statsrevisjonen den Dag i Dag. Kiær hev berre meint det væl med Refsingi si, han. Han vilde berre aatvara Hermannsen og faa han til aa fara meir varsamt aat heretter, soframt han vilde hava Plassen sin. Um ikkje Oftedølerne denne Gongen hadde sagt noko, so maatte han akta seg like fullt for det; ei onnor Gong kunne dei finna paa aa segja han upp. Eg tykkjer no, at det var berre kameratslegt gjort av Kiær, eg”.

 

Daa han Ola hadde faatt tenkt litt yver dette, gjekk det som eg tenkte. Me vart einuge um, at Kiær hadde meint det væl og at Arctander sletikkje var den Karen, at han gav Kiær Skrubb. Han var nok av Jakobs Skule han og, Oftedølen!

 

 

L. Stavnheim.

 

 


Frå Fedraheimen 17.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum