Boltzius-ridi.

 

Det tek til aa koma anna enn Skrepping av denne namngjetne Mannen no; han, som skal kunne gjera Folk god att for mest alle Slags Sjukdomar, ja gjera reine Mirakler; t. D. faa det til aa veksa ut Augo paa Folk, som aldri hev havt Augo fyrr, og meir slikt burtigjenom.

 

Boltzius er ein medaldrande Mann, og helder ljot aa sjaa til; men hev nokre Augo, som skal sjaa tvert igjenom Folk. Far hans var ein Tyskar, som drakk seg ihel.

 

Det er fælt mange fraa Noreg, som hev voret der hjaa han, og dei er komen att og segjer, dei er betre. Men no i det seinare hev me nok høyrt mange, som ikkje gjev han noko god Lovnad; ja det er dei, som skuldar han beint fram for Fusk.

 

Nokre hev døydd med dei var der, og fleire er døydde straks dei var heimattkomne.

 

No nyleg hev det voret tvo svenske Gjentur hjaa han. Den eine var med berre for Fylgje Skuld; men ho fekk slik Medferd der, at ho vart sinnsjuk, reint styven. Ho var innestengd og fekk ikkje skriva heim og ho leid reint yverlast, segjer ein namngjeven Mann i Handelstidningen.

 

Lækajaren Oscar  Nissen  skreiv eit Stykkje i Sundhedsbladet  no, som me skal herma noko av, for det er ein Kar, som hev Greide paa dette.

 

Han skriv:

 

Mange av desse sjuke kann gjerast gode att med kvaslags Raad ein vil, berre ein fær den sjuke til fullt og fast aa tru paa Raadi. Ein Lækjar, som er stød i Diagnosen (Sjukdomskjenning) og som legg seg regtig Vinn um aa faa den sjuke bra att, han kann gjera dei friske med ein staa-ande Gong.

 

Ein kann gjera dei bra med ei aldri so endetil Raad, berre ein fær dei til aa taka eit dugelegt Spenntak sjølve. Kor mang ei sjuk Kone er det vel ikkje, som hev voret sengeliggjande i aldri so mange Aar, og som dei hev stelt baade godt og væl med paa alle Leider, som fyrr dei veit Ordet av dei ris upp av Sengi og er bra og tek til aa stella Huset sitt, liksom ho aldri hadde voret sjuk.

 

Det kann ha voret varmelaust i Huset, og det hev gjort det; elder den kunne ha døydd, som stellte um ho.

 

_Ein ser soleis, at det er Trui, det kjem an paa; Trui paa at ein er frisk, og so kjem det an paa det, um ein sett seg fyre det, at ein vil vera frisk og tek paa med Arbeid. Men den som hev hjelpt ein til aa tru, han kann mest vera like sæl. – Men daa vert Bøn ikkje meir ei Under-raad enn andre Raader.

Det det gjeld um her, det er aa granska Karakteren godt hjaa den sjuke. Den lyt ein gaa fram etter. Det gjeng t. D. ikkje an aa busa paa med eit kvast: ”Du vantar ingen Ting – aa tala um daa”. Den sjuke vil berre læ aat det, og um Lækjaren gjer seg aldri so mykje Umak sidan, so hjelper ingen Ting daa. –

Skynar han det, at den sjuke ikkje trur paa aa verta bra straks, so kann han taka det smaatt um senn, og lova han bra um t. D. ein Maane. Endaa den sjuke som tiaste kunne voret bra paa fljugande Flekken. Hadde han berre trudd Raadi til Lækjaren sopass.

 

Den same Framferdi brukar Boltzius. Det er berre den Skildnad, at han gjer det utan aa vita um det. Naar han hev bedt og salvat og det ikkje hjelper den fyrste Gongen, so ventar han nokre Dagar, og tek so til paa same Gjerdi att. Det, som so ikkje Bøn og Salve gjer, det gjer eit lengre Upphald i anna Luft og millom andre Folk, for det hev mykje aa segja for nervesjuke. Men han skadar seg sjølv Boltzius med det, at han ikkje vrakar nokon, han tek alle som han trur hev Trui.

 

Og endaa kann ein ikkje syna fram ein einaste, han hev gjort god att, av slike som lid av skadde Organer, t. D. Tæringssjuke. Det, som hev voret skrivet um slike Hendingar, hev ikkje voret setande. Eg veit um ei, som flaug upp og hoppad so glad var ho, for ho totte ho var fullbra att etter ei Haandpaalegging og Bøn.

 

Det er ikkje lenge sidan, og det vart rødd mykje um dette, der ho var ifraa; for der tok dei det naturlege for eit Mirakel.

 

Men no ligg ho for Dauden. Og slik er det gjenget mange Gonger.

 

Den sjuke er komet dit med Von og Mot; Livet er so fælande kjært, ogso for dei som kallar denne Verdi berre for ein Jammerdal, der dei skal godgjera seg til Livet paa den hi Sida; han lyt vera frisk; det fær ikkje hjelpa, kva det kostar. So fær han Augo paa alle Krykkjurne og Bindi, som dei andre hev lagt att etter seg; men dei sjuke sjølve ser han ikkje, endaa dei nok trengde Krykkjurne og Bindi sine kanskje. Han vert varm. Blodet strøymer fortare. So ser han den eine etter den andre koma ut ifraa Bederomet og ”de bekjende, hvilke store Ting Gud har gjort ved dem”. Og han trur det utan aa tvila, utan aa høyra etter. Han spør ikkje eingong ”um det daa verkeleg er sant dette”.

 

Gjorde han det, so skulde han nok sjaa, at det heile var noko løynt. Det er ikkje stort betre dei er vortet¹). So er det det, at han raakar so mange Folk fraa alle Leider; og alle av eit Sind. Og dei beder ihop og dei synger og dei les – alt tener til aa gjera han godt og Motet stig, dei er meir i Himmelen enn paa Jordi. Er det so noko rart i at ein sjuk, som endaa er sopas, at han kunne gjera ei lang Reise, at han vert glad og lett, so han gløymer baade Sjukdom og Sorg og Syndenaud og meiner paa det, at han er frisk som ein Fisk – iser daa Boltzius stend der og bed han segja det.

  

Men kor lenge varar det tru?

 

So vondt det er, so kann ein ikkje støtt, det ein vil. Eg sett stor Pris paa Vilja, og hev skrivet mykje um det; men ho vert mang ein Gong for stutt. Til aa gjera fullt god att for Spedalskheit og Tæringssjuke er ho for veik, um ein hev aldri so mykje Tru i Bakhandi.

 

Aa gjera god att ved Bøn er soleis ikkje tess meir enn til det eg sjølv vil. Alt Preket um nye Augo og Lemer, bra att av Tæring og Spedalskheit er berre Tull.

 

Den Framferdi mot slike er reint faafengt.

 

Eg vil ikkje segja det, at ikkje andre enn nervesjuke hev vortet bra hjaa Boltzius; men daa er det ikkje Bøni, som hev gjort det. Det er anna Luft, andre Folk og annan Kost. Boltzius gjer dei ikkje anna, enn han brukar den personlege Magt, han kann ha yver dei, og den er ikkje aa blaasa aat. Mange lækjarar gløymer som tiaste dette.

 

Eg sa at det berre var noko Tull dette med dei utstrokne Aug o. s. b. Ja eg veit det fraa mine eigne Sjuklingar, at Folk, som ikkje stort hev vantat paa Synet, dei hev ikkje vortet eit Snus betre. Ikkje ein einaste ein er vortet betre; og det hev eg støtt sagt dei fyreaat au.

 

_ _ _Eg hev skrivet dette, for eit Blad som Sundhedsbladet  er pakkad til aa segja si Meining um ei Sak, som er sopass kjend som denne. Det er Synd paa Folk, som tek den siste Spareskilingen sin og dreg av garde den lange Vegen i god Tru og so skal dei koma att like frake; for det gjer alle som lid av ”Vævsjukdom” (motsett Nervesjukdom)”.

  

 

¹) Boltzius sjølv er ikkje slik. Ein Amerikanar, som au gjorde aat, var der borte, og han gjorde ei Kvende bra att. So kom Boltzius og spør ho: ”Hev du ikkje noko vondt no?” ”Nei – aldri eit Grand”. ”Hadde du noko vondt fyrr han bad yver deg daa?” ”Nei”. Boltzius sa ikkje meir. Og Folk tapad Trui paa Amerikanaren; men Boltzius trudde dei endaa meir paa no enn fyrr au.

 

 


Frå Fedraheimen 17.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum