[Ymist.] Fraa Galhøpiggen.

 

 

Han Knut  Vole, som er ein namngjeten Turist-leidar, skulde den 15de August fylgja ein slik Fjell-klyvar uppyver Styggebrei. Nysnøen laag rektig tjukk, for det hadde snøat i tri Jamdøgr.

 

Daa dei kom uppyver eit Stykkje og han Knut saag at Turisten hadde ”godt av Beina”, so spurde han, um dei ikkje helder skulde gaa beint innyver til Piggen enn aa halda den vanlege Turistvegen, for det var ein stor Krok det. Sprekkarne kunne nok vera væl so store her beintyver; ”men naar berre du held Tauget stramt, du, so er det ingi Faare”.

 

Dei la iveg. Men Turisten gløymde aa gaa med stramt Taug han, og gjekk like i Helarne paa han Knut, so Tauget sopad Snøen.

 

Rett som dei gjekk, so sokk han Knut ende ned, og burte vart han. Tauget rann nedigjenom, men so kastad Turisten seg ende ned i Snøen og borad Helarne sine so godt nedi, som han orkad, og so heldt han att av all si Magt.

 

Der hang han Knut og slong i den djupe Isgropi og Turisten orkad ikkje aa draga han upp; han hadde nok med aa halda att han.

 

Gropi var vel paalag 50 Fot djup, men ho var turr; Sidurne var glatte som ei Glasrute. Han Knut fekk ein liten Ljosglimt gjennom eit Hol lenger burte i Snøskorpi, og han stirde og stirde, um han ikkje skulde faa Fotefeste. Jau han totte han skimtad ein liten Ugg som stod ut lenger nede. So løyste han paa Taugkveilen sin (han hadde att ein Stubb, som var uppskoten), og so firad han seg varlegt ned paa Is-uggen. Der fekk han betre Rom enn han trudde. Men daa Turisten saag at Tauget slaknad, halad han inn alt det han var vinnande god for og heldt paa aa taka Tauget ifraa han Knut. Men han Knut fekk jordat det rundt eit digert Isstykkje han, og daa laut Turisten stoppa.

 

Han Knut reiv no ut eit reint Blad i Tegneboki si og skreiv paa det, at han turvte ikkje vera rædd, det var ingen Faare; men han skulde gaa varlegt ut aat Brauti og støyta fyre seg med Kjeppen sin, so skulde han kara burt Snøen, so han fekk tala upp.

 

Dette knytte han fast i Taugenden og slapp. Turisten halar til seg. Aa han fekk sjaa Lappen, gjorde han som han Knut sa, og det gjekk godt. Han Knut skreik til han, at han skulde nøyte seg ned til Juvashytta og faa med seg ein Turist og han Vesle Ola, Son hans, som var der.

Turisten avgarde. Det var ei Times Gange dit.

 

Medan han Knut ventad, tok han til aa hogga Trappestig i Isveggen med Øksi si. Den hadde han havt Samling nok til aa halda paa under Nedferdi. Det gjekk smaatt; men han saag daa det, at han nok skulde klaara seg upp utan Hjelp au.

Daa han hadde haldet paa aa hogga i paalag 5 Timar, kom Turistarne. Daa hadde han ikkje meir enn ein 8-10 Alnar att.

Knut!” ropad dei.

Jau”.

Haassen stend det til?”

Aa jau, bra”, svarad han Knut, plent som det ingen Ting hadde voret.

Han fekk Tauget um Livet og uppe var han i ei Snøggvending. Han Vesle Ola hadde floget burtum Raudbergstøylen etter tvo Budeigjur, han; men daa dei kom til Bræ-bremmen, so møtte dei han Knut heil og halden. Han hadde ikkje fenget so mykje som ein Støytt eingong.

 

 


Frå Fedraheimen 17.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum